Leiaren til Sunnmørsposten til venstre, og leiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp til høgre.
Leiaren til Sunnmørsposten til venstre, og leiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp til høgre.

Fylkeslag i Frp seier opp avis­abonnement i protest: – Folk er rasande forbanna

– Vanskeleg å forstå kven som kan ha funne på å skrive noko så sprøtt, seier leiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp.

Publisert

Det har mildt sagt kokt på Sunnmøre etter Sunnmørsposten sin leiar om regjeringsbråket rundt IS-kvinna torsdag. «Vil Frp ut av regjering fordi Norge berger et fem år gammelt barn fra døden i Syria, så står døra åpen», skreiv avisa.

Det fekk fylkeslaget Møre og Romsdal Frp til å sjå raudt. Dei sa opp abonnementet på avisa, ifølgje rådgjevar Anne Marie Fiksdal. Ho slo hardt tilbake mot Sunnmørsposten i eit intervju med avisa torsdag.

– Heng oss ut

Leiar Frank Sve i Møre og Romsdal Frp er ikkje mildare i tonen.

– Stemmer det at de har sagt opp abonnementet på Smp?

– Ja visst har me det, seier han.

Sve kallar leiaren regelrett stygg, og at frustrasjonen mot avisa har bygd seg opp over tid med ei lang rekkje partiske saker.

Partileiar og finansminister Siv Jensen snakkar med pressa etter gruppemøtet til Frp i Stortinget onsdag.
Partileiar og finansminister Siv Jensen snakkar med pressa etter gruppemøtet til Frp i Stortinget onsdag.

– Om dei skal ha eit snev av truverd som uavhengig og upartisk avis burde dei trekt leiaren og bede om unnskyldning for lenge sidan.

– Kva er det de reagerer på?

– Heilskapen. Avisa angrip eitt parti og tillegg oss motiv me ikkje har. Det vert framstilt som at me ikkje ynskjer å ta imot ungane til IS-kvinna. Regjeringa er tvert om samd om å få dei heim. Det denne saka handlar om er moralen til Solberg og regjeringa som tek imot terroristar og bryt regjeringserklæringa.

– Vinklinga til Sunnmørsposten heng oss ut som eit parti utan anstendigheit og moral. Det er fullstendig feil, og det er det kraftige reaksjonar på. Berre les kommentarfeltet og sjå korleis folk reagerer. Eg trur aldri det har vore ei sak i Møre og Romsdal med fleire kommentarar. Folk er rasande forbanna på ei avis som er så politisk farga og viser eit hat mot eit parti.

 

– Må tola kritikk

Sjefredaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten er ikkje samd i kritikken frå Frp.

– Eit politisk parti, som sit i regjering, må tola kritikk for sine standpunkt, seier ho til Medier24.

Ho seier at fleire har sagt opp sitt abonnement, medan andre har teikna abonnement.

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.

– Å ha klare meiningar på trykk fører til engasjement. Me står for leiaren me hadde, og det er sjølvsagt ikkje noko me kjem til å beklaga, seier ho.

– Har han eit poeng i at dette handlar om mora, og ikkje borna hennar?

– Når det ikkje er mogleg å henta barna utan omsorgspersonen må ein ta eit val om å henta dei med mor eller la vera. På leiarplass argumenterer me for at det var heilt rett å henta ho ut. Samstundes skal mora bli stilt til ansvar for hennar val, seier Relling Berg.

Ho er veldig glad for at artikkelen skapar debatt med høg temperatur.

– Den har ført til mange engasjerte innlegg – både ris og ros, seier ho.

Powered by Labrador CMS