Høgre om å leggje ned Medietilsynet: – Prinsipielt feil veg å gå

I helga vedtok Framstegspartiet (FrP) at dei vil leggje ned Medietilsynet. Dei får verken støtte av Høgre eller Sosialistisk Venstreparti.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Etter at FpU-leiar Bjørn Kristian Svendsrud først fremja forslaget i Dagbladet førre veke, vart det på FrP-landsmøtet i helga med stort fleirtal vedteke at partiet ynskjer å leggja ned Medietilsynet.

– Medietilsynet er eit unødvendig, ulønnsamt, subsidiert og byråkratisk tilsyn som bør leggjast ned, slo FpU-nestleiar Andreas Brännström fast på FrP sitt landsmøte søndag.

Han sa vidare at departementet og andre tilsyn kan overta Medietilsynet sine oppgåver.

– Knyt politikarane nærare

Om forslaget seier mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen, til Medier24:

– Medietilsynet har ei viktig rolle, og me kan gjerne vere med og diskutere tilsynet si rolle og utforming, men det er ein diskusjon me må bruke tid på. Det er ikkje aktuelt å kaste om på dette i denne runden, når me jobbar med mediemeldinga.

– FrP vil overføre oppgåvene til departement og «andre tilsyn». Kan det utfordre prinsippet om armlengds avstand?

– Ja, på mange måtar. Det kan vere med på å knyte politikken nærare verkemiddelbruken, og slik sett vert det kortare armlengds avstand – og det er prinsipielt feil retning å gå ut frå vårt primærstandpunkt, seier han.

 

– Useriøst og lite gjennomtenkt

Heller ikkje mediepolitisk talsperson i Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, er imponert over forslaget.

Mediepolitisk talsperson i Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård.

– Eg tykkjer det er eit useriøst og lite gjennomtenkt forslag av Frp, som leitar etter noko å kutte i – berre for å kutte. Det er tydeleg at dei ikkje forstår kva Medietilsynet driv med. Det er viktig å ha eit profesjonelt fagmiljø som forvaltar til dømes produksjonstilskot. Det er avgjerande, seier Øvstegård til Medier24.

SV-politikaren held fram:

– Her seier Frp at det er me, politikarar, som skal direkte løyve produksjonstilskot utan eit fagmiljø mellom. FrP har her berre funne eit populistisk forslag utan å ane konsekvensane.

 

– På sikt kan det hende med lukkast

Mediepolitisk talsperson i FrP, Morten Wold, forklarar vedtaket som eit «godt gammaldags FrP-forslag».

Morten Wold (t.h.) i FrP er mediepolitisk talsmann i partiet. Ved hans side sit Venstre sin Grunde K. Almeland. Her under høyring om mediestøttemeldinga på Stortinget måndag 6. mai.

– Me ynskjer å avbyråkratisere, og ha færre utval, råd og tilsyn generelt. Dette er eit forslag frå FpU, som fekk FrP-landsmøtet si støtte, seier Wold til Medier24.

Han held fram om at FrP i regjering er bundne til Granavolden-plattformen, og presiserer at Medietilsynet nettopp ligg an til å få fleire oppgåver, etter at mediestøttemeldinga vart lagt fram for ein dryg månad sidan.

– Det er ikkje særleg realistisk, med andre ord?

– Det vil vere eit langt lerret å bleike. Likevel har det i særleg mange høver vist seg at FrP-forslag som vert skotne ned vert anerkjent av andre parti etter kvart. På sikt kan det hende me lukkast med dette òg – etter 8-10 år, seier Wold.

 

Dette gjer Medietilsynet

Medietilsynet er til for å realisere staten sitt mediepolitiske mål, og har som hovudoppgåve å fremje demokrati og ytringsfridom gjennom å jobbe for demokrati og ytringsfridom gjennom mediemangfald og kritiske medieforståing, står det på tilsynet sine nettsider.

Dei fører mellom anna tilsyn med allmennkringkastingsforpliktingane til NRK, TV 2, P4 og Radio Norge, behandlar søknadar og utbetaler pressestønad til norske medier, og gir elles råd og innspel til Kulturdepartementet innanfor medieområdet.

Medietilsynet held i dag til i Fredrikstad, og har om lag 30 tilsette.

Powered by Labrador CMS