– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg. Det er ikkje berre at ein siterer andre medium, men ein finn til og med på å sitera anonyme twitterkontoar.
Det seier Frode Lia, journalist, podkastar, gründer og tidlegare redaktør av fotballtidsskriftet Josimar, til Medier24.
I ei årrekkje har norske nettaviser skrive spaltemeter opp og ned med «dagens Premier League-rykte», «ryktebørsen» og «Silly Season».
Agendastyrt
Fenomenet har fått namnet nettopp Silly Season i England – som slang for ryktesesongen, kor spekulasjonar, av varierande sanningsgehalt, florerer i britisk sportspresse medan overgangsvindauget er ope. Både TV 2, Nettavisen, VG, United.no og Liverpool.no er blant nettavisene med eigne ryktespalter, som vert oppdatert kvar dag med artiklar og twittermeldingar frå heile verda.
– Det er ikkje at rykta er alvorlege i seg sjølv, men det er med på å diskreditera pressa, og media har eit samfunnsansvar – også sportspressa. Ein har ikkje råd til å bli oppfatta som ryktemakarar, seier Lia. Det var i førre veke at han tok eit oppgjer med norsk ryktejournalistikken i sin eigen fotballpodkast «Chivadze».
Spesielt for Premier League-klubbane, som det er enorm interesse for i Norge, er det mykje overgangsrykte. Under sommarvindauget, frå juni til august, er det spekulasjonar og påstandar om kjøp og sal i aust og vest. Ting skjer fort, og det får sjeldan konsekvensar å skriva feilaktige rykte, meiner Lia.
Vidare peiker han på mange «éin-kjelde-saker», og at desse kjeldene i tillegg er styrt av ein klar agenda, som ikkje kjem fram i sakene.
– Alle som følgjer med på fotball veit kva eigeninteresse agentar har når dei lekkjer slike opplysningar. Det er for å skapa interesse for eigne spelarar frå andre klubbar, seier han.
– Er det mindre krav til kontroll av opplysingar og kjeldekritikk i fotballrykte-journalistikken enn i andre deler av journalistikken?
– Eg har altfor lite kontroll på andre område innanfor journalistikken til å seia noko bastant om det, men det er openbert at ein er altfor lite kjeldekritiske i sportspressa, seier han.
Haaland-sagaen
Lia peiker spesielt på spekulasjonane og rykta rundt det norske stjerneskotet Erling Braut Haaland. I haust florerte rykta i både norsk og internasjonal presse om at han nærma seg ein overgang til Manchester United og sin tidlegare trenar Ole Gunnar Solskjær.
Så – plutseleg – 29. desember, kom meldinga om at Haaland var klar for den tyske storklubben Borussia Dortmund. VG, og fleire britiske aviser, følgde opp med saker basert på anonyme kjelder om kvifor United «trakk seg» frå forhandlingane – som følgje av usemje om Haaland-leiren sitt kontraktskrav.
Pedersen i Dagbladet skreiv ein ny kommentar om at ting kunne tyda på at Haaland vart «gissel i sin egen overgang til Borussia Dortmund», og at «agentene bestemmer alt».
Haaland-agent Mino Raiola tilbakeviste påstandane om kontraktsusemje med United overfor The Telegraph. Deretter følgde Pedersen opp med kommentaren «Braut Haaland føler seg disset», kor han beklaga deler av innhaldet i kommentaren «Når agentene bestemmer alt».
– Brikke i eit spel
– Det blir gitt eit inntrykk av at han gjekk for pengane, og at Braut Haaland ikkje hadde noko han skulle sagt. Dagen etter viser det seg at alt berre er tull. Det er med på å diskreditera sportspressa, seier Lia.
– Det har stått saker på trykk i nokre av dei største region- og riksavisene som viser seg å vera falske nyheiter, held han fram.
– Du seier at rykta ikkje er alvorleg i seg sjølv, men dette er med på å flytta pengar?
– Absolutt. Ein ser det også ved trenarsparkingar. Det er ofte journalistar sit med kjelder frå den eine sida – som brukar media aktivt for å pressa ein klubb for ekstra midlar. Media blir ofte brukt i fotballen, og ein må vera ytst varsam med å bli ein slik brikke eit spel, seier han.
Medier24 har vore i kontakt med Pedersen i Dagbladet, som ikkje går tilbake på kommentaren om at Haaland var på veg til United, men at det i blant kan dukka opp ting ein ikkje kan spå på førehand.
– Men eg beklagar at han (Haaland, journ. anm.) følte seg støtt, seier han.
Medier24 kjem tilbake med eit lengre intervju med Pedersen og sportssjef Eirik Borud i VG, som forklarar sine etiske vurderingar rundt ryktejournalistikken.