NJ ut mot lovforslag: – Regjeringa tek ikkje kjeldevernet på alvor

Meiner ny lov om Etterretningstenesta er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10 sitt vern av anonyme kjelder

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I november skreiv Medier24 at medierettsadvokat Jon Wessel-Aas reagerte på at forslaget til ny lov om Etterretningstenesta, som gjekk ut på høyring med svarfrist 12. februar.

Departementet føreslår at «Etterretningstenesta skal ikke behandle opplysninger som er fortrolig kommunikasjon mellom (…) journalist og kilde eller tilsvarende fortrolig kommunikasjon som nyter særlig menneskerettslig vern, med mindre vektige samfunnshensyn gjør behandlinga strengt nødvendig.»

Avgjerda om å behandle kommunikasjon mellom kjelde og journalist skal avgjerast av sjefen for Etterretningstenesta.

– Graverande brot

No går Norsk Journalistlag hardt ut mot lovforslaget i sitt høyringssvar, og viser til krava som vart oppstilt i storkammeravgjerda Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) gjorde i Sanoma Uitgevers-saka i 2010.

– Dette er eit graverande brot på krava som vert stilt frå EMD. Der seier ein at kjeldesensitivt materiale må gjennomgåast av ein dommar eller ein annan uavhengig instans, seier Norsk Journalistlag-advokat Ina Lindahl Nyrud til Medier24.

NJ skriv mellom anna:

«Vårt hovedpoeng i uttalelsen er at forslaget om et digitalt grenseforsvar, er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10 sitt vern av anonyme kjelder. Et slikt overvåkingssystem vil utvilsomt gi journalister vanskeligere arbeidsvilkår. Utkastet strider mot flere sider av våre menneskerettslige forpliktelser, men NJs hovedinnvending er at forslaget mangler tilstrekkelige og uavhengige kontrollmekanismer mot misbruk og vilkårlighet av fortrolig kommunikasjon mellom journalist og kilde.»

Ho meiner regjeringa sviktar i å ta kjeldevernet på alvor.

– Dette forslaget, i kombinasjon med forslaget til nye kjeldevernreglar frå Justisdepartementet, viser at regjeringa ikkje tek kjeldevernet på alvor. Her må dei, i begge høver, gå tilbake og sjå kva krav EMD steller.

 

– Fare for journalistikken

Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Tone Skogen.

Då Medier24 omtalte lovforslaget i november, svarte statssekretær i Forsvarsdepartementet, Tone Skogen, følgjande på ein e-post:

«Hensynet til kildevernet står høyt. I lovforslaget har vi derfor innført som hovedregel at Etterretningstenesta ikke kan behandle slik informasjon og unntaket er svært strengt. Unntak må godkjennes av etterretningssjefen personlig og vil bli særskilt merket. EOS-utvalet vil kontrollere bruken nøye.»

Den uttalen er Lindahl Nyrud lite imponert over.

– Den umiddelbare responsen frå Forsvarsdepartementet viser at dei manglar det overblikket på praksis frå EMD. Den seier uttrykkeleg at førehandskontroll skal skje av ein uavhengig instans. Desse uttalane i strid med EMD, seier Lindahl Nyrud.

– Slik forslaget ligg no vil det gå hardt utover journalistars arbeidstilhøve. Det er ein fare for journalistikkens rammevilkår. Det er difor me kjem med ein så krass kritikk, og me meiner ein må gå tilbake og sikre det på ein langt betre måte.

Vidare viser NJ til EOS-utvalet som i 2013 avdekkja at Etterretningsbataljonen hadde drive ulovleg kartlegging av journalistar. Dette hadde, ifølgje journalistane sjølv, avslørt kjeldene deira for Forsvaret.

– Liknande må aldri skje for Etterretningstenesta, seier Lindahl Nyrud.

 

Må forfølge et legitimt føremål

Kommunikasjonsrådgjevar i Forsvarsdepartementet, Lisa Nordøen, seier til Medier24 at dei tek kjeldevernet på alvor.

«Forsvarsdepartementet tar kildevernet på alvor. Kildevernet er en grunnleggende verdi i vår demokratiske rettsstat, og det er viktig for departementet å foreslå lovgivning som er i tråd med våre menneskerettslige forpliktelser på området.

Vi setter pris på at Norsk Journalistlag har skrevet høringsuttalelse, og vil lese og vurdere alle innspillene nøye i det videre lovarbeidet», skriv ho i ein e-post til Medier24.

Powered by Labrador CMS