Partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet til venstre. Til høgre er frå då forsvaret viste fram sine nye F-35 jagarfly på Rygge militære flyplass i Østfold i vinter.

På to år har Forsvarets medie­senter brukt over 100 mill. Det får Sp-leiar Vedum til å reagera

– Skummelt når dei blir så store at kommunikasjonen blir viktigare enn den kvardagslege verkelegheita, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Budsjett Medier24 har fått innsyn i viser at Forsvaret har brukt til saman over 102 millionar kroner på det interne medie- og reklamebyrået Forsvarets mediesenter (FMS) i 2018 og 2019.

– Negativ utvikling

FMS jobbar ifølgje seg sjølv med Forsvaret sitt omdømme og informasjon eksternt og internt. Dei er for tida 39 tilsette ved avdelinga, i tillegg til at dei har fire lærlingar og tre vernepliktige soldatar.

– Det er skummelt når dei blir så store at kommunikasjonen blir viktigare enn den kvardagslege verkelegheita, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet til Medier24.

Forsvaret sin podkast «Våre historier».

– Me ser ei negativ utvikling der talet på kommunikasjonsfolk blir større og større, medan det blir færre og færre kritiske journalistar, seier han.

I haust har Forsvarets mediesenter vore aktuelle med podkasten «Våre historier», som har blitt hyppig promotert i sosiale medium. Den har også blitt annonsert for i ei rekkje Schibsted-podkastar.

 

– Det er mykje skattepengar

Tal Medier24 har fått innsyn i viser at FMS har brukt 654.000 kroner på marknadsføring av podkasten sin. 160.000 kroner av dei har gått til Schibsted-podkastane Forklart, Aftenpodden og Giæver & Gjengen. Forsvaret har betalt 200.000 kroner til Acast, 212.000 kroner til Facebook/Instagram og 82.000 kroner til Snapchat.

FMS består av ei analyseavdeling, marknadsavdeling og produksjonsavdeling. Sistnemnde avdeling produserer og distribuerer foto, film og lyd og grafikk på trykte og digitale medium.

– Noko av det første me skal gjera i 2021, om me får regjeringsansvar, er å kutta i den delen av statleg verksemd. Det brer om seg, og det er dyrt. Det er mykje skattepengar som går til det som kan gå til viktigare ting, seier Vedum.

Sjef Stine Ellingsen Grøndahl for Forsvarets mediesenter hadde då Medier24 tok kontakt i byrjinga av januar ikkje høve til å svara på spørsmål, som følgje av situasjonen i Irak. Ho viste til kommandørkaptein Michael Bruteig.

 

– Kostar å nå dei unge

Bruteig skriv følgjande i ein e-post til Medier24:

«Uten gode og riktige soldater og ansatte i alle ledd vil ikke Forsvaret kunne løse de oppgavene som er gitt av Stortinget. Hvert år må Forsvaret derfor rekruttere flere tusen soldater, ansatte og studenter i hele Norge. Forsvaret plikter også å informere godt om pågående operasjoner, øvelser og aktiviteter.

Vi skal også årlig kommunisere med rundt 60 000 17-åringer, som må svare på egenerklæring og der mange deretter kalles inn til sesjon og tjeneste.

Kommandørkaptein Michael Bruteig,

Det koster det penger å nå de unge og rekruttere flinke folk og Forsvaret konkurrerer direkte med andre utdanningsinstitusjoner og det sivile jobbmarkedet.

Forsvarets mediesenter har hovedansvaret for all rekruttering til Forsvaret, mye gjøres in-house av mediesenterets egne ansatte, med fotografer, journalister, markedsførere og andre ansatte.»

Han peiker vidare på at Forsvaret har rundt 16.000 faste tilsette og om lag 9.000 vernepliktige soldatar i førstegangsteneste. I tillegg er det om lag 1.000 elevar ved Forsvarets utdanningsstader og 42.000 soldatar og tilsette i Heimevernet.

I e-posten skriv Bruteig at FMS i 2019 brukte seks millionar kroner på «overordnet omdømme- og rekrutteringskommunikasjon», fem millionar til «rekruttering av sivile stillinger» og to millionar til å «kommunisere Forsvarets utdanningstilbud og søkbare militærtjenester».

«Øvrige midler går til lønn, arbeidsgiveravgift, dokumentasjon av Forsvarets daglige aktiviteter i inn- og utland, produksjonsutstyr, utvikling av digitale plattformer, lokaler og drift, trykksaker inkl distribusjon, mv», skriv han.

Powered by Labrador CMS