Nyheitsleiar og kommentator i VG Sporten, Leif Welhaven, og sportsjournalist i VG, Anders K. Christiansen.
Nyheitsleiar og kommentator i VG Sporten, Leif Welhaven, og sportsjournalist i VG, Anders K. Christiansen.

«Football Leaks»:

VG Sporten lovar fleire avsløringar: – Ein kultur utan vaktbikkjer

Dokumentlekkasjen «Football Leaks» ryster internasjonal idrett. VG er det einaste norske mediet som er med i det store internasjonale graveprosjektet.

Publisert

For ei dryg veke sidan kom dei første «Football Leaks»-sakene frå VG, som omhandla korleis den engelske storklubben Manchester City og franske Paris Saint-Germain systematisk omgår FIFA sine retningslinjer, «Financial Fair Play», for å unngå økonomisk doping.

Sidan har det dagleg kome avsløringar frå lekkasjen på totalt over 70 millionar dokument.

Dette er «Football Leaks»:

  • Omfattande datalekkasje på over 70 millionar dokument overlevert tyske Der Spiegel. Berre Der Spiegel kjenner identiteten til portugisaren som overleverte dokumenta.
  • Samarbeidsprosjekt mellom media i journalistnettverket European Investigative Collaboration (EIC).
  • Dette er del to av Football Leaks. Første runde, i 2016, førte mellom anna til vilkårsbundne dommar mot Cristiano Ronaldo og Lionel Messi for skattefusk.

– Det kjem fleire saker – og det vert meir tabloid! 

Det lovar VG-journalist Anders K. Christiansen overfor Medier24.

Kjenner ikkje opphavet til dokumentlekkasjen

Saman med kollega Trond Johannessen og kommentator Leif Welhaven jobbar dei med å gå internasjonal fotball i saumane.

Prosjektet er eit samarbeid mellom medlemmer i European Investigative Collaboration (EIC), kor tyske Der Spiegel leier an.

I to omgangar har ein anonym portugisar, som berre Der Spiegel kjenner identiteten til, delt bunkar med titals millionar med dokument. Første «runde» med Football Leaks førte til vilkårsbundne dommar mot superstjernene Cristiano Ronaldo og Lionel Messi.

– Kva vurderingar har de gjort knyt til anonymiteten hans?

– «John» har hatt kontakt med Der Spiegel i to rundar. Det har vorte laga veldig mykje journalistikk, som mellom anna har ført til dommar mot Messi og Ronaldo. Det er ikkje noko i nemnde materie kor autentisiteten ikkje stemmer. Når informasjonsutvekslinga mellom «John» og Der Spiegel skjer, må me, på sjølvstendig grunnlag, føreta ei vurdering på om me meiner innhaldet i materialet er av tilstrekkeleg vesentleg samfunnsnyttig betydning, seier Welhaven til Medier24.

Nyheitsleiar og kommentator i VG Sporten, Leif Welhaven.
Nyheitsleiar og kommentator i VG Sporten, Leif Welhaven.

– «John» nektar å ha drive hacking, og hevdar han har eit nettverk av informantar, legg han til.

Prosjektet er eit samarbeid mellom sportsredaksjonen og dagsordenavdelinga til VG.

 

– Hyperkommersiell fotballverd

VG Sporten har sett i gang eit, mildt sagt, krevjande arbeid. I ei flora av rundetid- og resultatbaserte saker som tek føre seg det idretten eigentleg handlar om, har VG gått motsett veg.

Welhaven meiner idrettsorganisasjonar og makthavarar kjem altfor lett unna.

– Vil dette få konsekvensar, på lik linje som det kunne fått for ein statsråd eller næringslivstopp?

– No er du inne i ein ekstremt interessant diskusjon om korleis idrett er organisert – på alle ulike plan. Idretten er veldig autonom, og vant til å styre seg sjølv. I den internasjonale og hyperkommersielle fotballverda er problemet at aktørane manglar insentiv for å gjere noko med det. Så lenge fotballsupporterar får den underhaldninga dei vil ha og byggjer opp under økonomien, så er spørsmålet kven som skal ta initiativ til at dette forandrar seg. Dei involverte har eigeninteresser i at galoppen akselererer.

– Det kjem kanskje konsekvensar på individ- og klubbnivå, men på systemnivå er det ingen endring i sikte. Men me må halda fram og gjere jobben vår for å prøve å avdekke og avsløre, men eg trur me lurer oss sjølv om me trur at strukturen i internasjonal fotball vil endre seg, for det vil den ikkje, seier han engasjert.

Fredag melde britiske The Times at FIFA innleier etterforsking av Manchester City som følgje av endå ei Football Leaks-avsløring om klubbens bindingar til det vestafrikanske fotballakademiet Right to Dream.

 

– Ein massiv ukultur

Til no har det kome mest om internasjonal fotball, men førre helg kom det òg ei avsløring om den norske FIFA-toppen Kjetil Siem slakta eigne kollegaer i internt notat. Siem er tidlegare generalsekretær i Norges Fotballforbund.

– Ein må søkje systematisk og heile tida notere adresser, kjeldetilvisingar, lenker og finne norske vriar på dei store internasjonale sakene, seier Christiansen.

Welhaven meiner det har vakse fram ein massiv ukultur. Han meiner politikarane i større grad må kome på bana og sjå pampane i korta.

Sportskommentator i VG, Leif Welhaven (t.v.), i dialog med kollega Anders K. Christiansen.
Sportskommentator i VG, Leif Welhaven (t.v.), i dialog med kollega Anders K. Christiansen.

Saka held fram under biletet.

– I både internasjonal og norsk idrett har dei interne kontrollfunksjonane i for liten grad hatt reelt innhald. Politikarane har brydd seg for lite om idrettspolitikk, og sportsjournalistikken har vore mykje meir oppteken av resultat enn kontekst og strukturar. Summen av desse tinga gjer at det har vakse fram ein kultur utan vaktbikkjer. Om ein konsentrerer makt på få hender, er det fare for at det kompromitterer.

– Gjeld det i like stor grad i Norge som ute i verda?

– Det ikkje dekning for å setje likskapsteikn mellom FIFA og norsk idrett, men det er openbert samanliknbare faktorar, seier Welhaven.

VG, med av Leif Welhaven, Anders K. Christiansen, Sindre Øgar, Morten Stokstad og Øystein Herne, vant i 2017 Skup-diplom for prosjektet «Nådeløs åpenhet».

 

– Krev vanvitig tolmod

Welhaven meiner sportspressa har vore for servile i si dekning av idretten. Den australske journalisten David Rowe lanserte i 2007 omgrepet «toy departement» (leiketøyavdelinga, journ. anm.) om sportsavdelingane. Om det er gjeldande for norsk presse er Welhaven meir usikker på.

– Det har vore ei forandring, og eg trur ikkje det er grunnlag for å kalle norske sportsredaksjonar det. I ei sportsavdeling vil dei terminfesta hendingane alltid vere heilt sentralt. Ein må ikkje gløyme at folk er ekstremt interessent i sport, og at å dekkje hendingar, begeistring og entusiasme er ein viktig del av jobben, men problemet er om det vert heile jobben. Då utfører ein ikkje samfunnsoppdraget, seier Welhaven.

Christiansen er journalisten som har arbeidd mest med «Football Leaks»-prosjektet, og understrekar at VG arbeider tett med EIC-nettverket. Han fortel om svært tungt materiale.

– Det krev vanvitig tolmod og struktur. Eg lærte ganske tidleg at dersom eg sit og jobbar med dette på kvelden, tek kvelden, og held fram dagen etter, så er ein ute av det igjen. Då medfører det dobbeltjobb, fordi ein ikkje er til stades oppe i hovudet, seier han.

Welhaven er oppteken av at komplekse saksfelt er nøydd til å gjerast forståeleg for VG sine lesarar.

– Me må forstå det, analysere det, hente inn informasjon her og der, kvalitetssikre det og sørgje for at det får ei språkleg form som VG-lesaren forstår. Det er viktig at me ikkje skal bli Kapital på trykk i VG, me må ikkje gløyme kva VG sin identitet er. Å få dette materialet presist og korrekt set oss på ekstreme prøvar, føyer han til.

 

– God respons

Av erfaring var VG usikker på lesarresponsen når Football Leaks-sakene kom. Menn i dress er ikkje det som interesserer flest, ifølgje Welhaven. Akkurat dét tok dei feil om, ser dei i ettertid.

Sportsjournalist i VG, Anders K. Christiansen.
Sportsjournalist i VG, Anders K. Christiansen.

– Det har vore veldig god interesse, seier Welhaven.

Den vesle gravegruppa fekk ei klår melding frå leiinga før dei sette i gang arbeidet.

– Beskjed frå leiinga var at dette er viktigare enn klikk: «Ikkje tenk så mykje på klikk, men god journalistikk». Når me får betalt i form av høge lesartal, er det veldig hyggeleg, seier Christiansen.

– Kor enkelt var det å få tilsvar frå involverte aktørar?

Veldig variert. FIFA svarte med det som liknar ei bok, på 69 sider (inkludert EIC-nettverket sine spørsmål), medan UEFA ikkje gir kommentarar. City svarar i praksis ingenting, seier Christiansen.

Han presiserer at VG sine spørsmål stilt til FIFA berre er ein liten del av eit stort samarbeid med dei 14 andre mediene.

– Det er land over heile Europa, frå aust til vest, som er med. Det fungerer bra. Eg har møtt dei i Europa fleire gonger det siste halvåret, seier han. I EIC er det 15 medlemmar, frå Russland i aust til Portugal i vest. 

Powered by Labrador CMS