Hilde blir ny redaktør i Sunnhordland.

Hilde Vormedal Nybø (47) blir ny redaktør i avisa Sunnhordland

– Det er ei stor ære å bli vist tilliten til å ta over som ansvarleg redaktør i Sunnhordland, seier ho.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Hilde Vormedal Nybø (47) blir ny redaktør i Sunnhordland. Ho har vore journalist på Stord i 23 år – først i Haugesunds Avis, og dei siste ni åra i Sunnhordland.

– Det er ei stor ære å bli vist tilliten til å ta over som ansvarleg redaktør i Sunnhordland, seier ho til eiga avis og legg til: 

– Dette er ei oppgåve som eg gler meg til å gå laus på, men det er også noko eg går inn i med ærefrykt. Dei seinaste åra har avisa fått ei rekkje utmerkingar og ikkje minst var me «Årets lokalavis i Europa» i 2018. Det seier ikkje lite om kor ambisiøs avisa er.

Styreformann Olav Mugaas skriv i ei melding til Medier24 at styret er glad for at ho har takka ja til jobben. 

– Ho var den beste kandidaten me kunne få. Eg har tillit til at ho med si lange erfaring vil gjera ein veldig god jobb, seier han i meldinga. 

Nybø tek over etter Magne Kydland, som har hatt jobben dei siste 12 åra, skriv dei vidare. 

Powered by Labrador CMS