I august tar det sjuende kullet på Nynorsk avissenter i Førde fatt på et halvt års særdeles effektiv journalistutdanning.
20 søkere kjempet om de fire plassene, og disse er nå valgt ut:
Ingunn Gjærde fra Tysvær, Snorre Standish Norheim fra Bryne, Anna Jensen Versto fra Bergen og Eirik Dyrøy Lotsberg frå Sotra – to rogalendinger og to hordalendinger.
- På eit halvt år, storparten av tida i avisa Firda, får dei fire intensiv opplæring i ein redaksjon som er langt framme når det gjeld digital publisering.
Slik beskriver daglig leder Ivar Myklebust Longvastøl ved Stiftinga Nynorsk avissenter utdanningen og praksisen som nå som nå venter. Den består av praksis fra første dag, i tillegg til en rekke forelesinger og kurs.
- Dagens journalistar må kunne digitale forteljemåtar og bruke sosiale medium til å fange tips og reklamere for god journalistikk, men samstundes er det avgjerande at dei lærer den klassiske journalistikken, i form av kjeldekritikk, etikk, sjangergrep – og sjølvsagt godt språk, sier Longvastøl.
Dette er de fire utvalgte studentene, skriver avissenteret:
Anna Jensen Versto (22) er frå Bergen og har sterke røter i Vinje i Telemark. Ho studerer «Interkulturell forståing» ved NLA Høgskulen i Bergen og har nyleg kome heim etter fem veker med feltarbeid i Bolivia. Ho har vore utvekslingsstudent i Panama og har reist i Sør-Amerika, Asia og USA. Anna har vore aktiv i Natur og Ungdom og Amnesty International, og ho arbeider som badevakt og vektar ved sida av studiane.
- Eg har diverre ikkje ein skikkeleg nynorsk dialekt – noko eg alltid har furta litt over. Oppvaksen i Bergen, men med ei mor frå Vinje, har nynorsk likevel alltid vore nær, fortel Anna.
Ingunn Gjærde (25) frå Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland er bachelor i medievitskap og er i gang med ein mastergrad i demokratibygging ved Universitetet i Bergen. Bacheloroppgåva handla om korleis Erna Solberg og Høgre nytta sosiale medium og ny retorikk for å vinne stortingsvalet 2013. Ho har praktisk-pedagogisk utdanning og arbeider deltid som lærar på Fusa vidaregåande skule.
- Eg brenn for god formidling. Som samfunnsfaglærar ser eg kor viktig det er for forståinga og interessa til elevane. Eg vil lære meir om å nytte språket og nynorsken, til å formidle gode tekstar, seier Ingunn.
Eirik Dyrøy Lotsberg (22) frå Landro på Sotra fullfører i vår ein bachelorgrad i mediekunnskap og kreativ skriving ved universitetet i Winchester. Han prøvde seg ein sommar som journalist i lokalavisa Vestnytt, som gav motivasjon og sjølvtillit til å søkje medie- og skriveutdanning i England. Her er tema som Manipulating Media, Social Media og Crime, Media and Culture på timeplanen, noko Eirik meiner er eit godt grunnlag å byggje vidare på i Nynorsk avissenter.
- Eg har stor interesse og nysgjerrigheit for både lokale og nasjonale saker, og eg har ein lidenskap for nynorsk, seier Eirik.
Snorre Standish Norheim (25) frå Bryne på Jæren avsluttar i vår masteroppgåva si i samanliknande politikk. Han har gått Nansenskolen, vore utvekslingsstudent i Toronto og har studert rettsvitskap eitt år. Snorre har prøvd aviskvardagen som kulturjournalist i Studvest, studentavisa i Bergen. Intervju som metode var også ein viktig del av arbeidet med masteroppgåva, der han mellom anna ser på korleis utdanning har blitt brukt politisk for å oppretthalde etniske skilje i Bosnia-Hercegovina.
- Eg vil bruke bakgrunnen min som statsvitar i arbeidet med å skrive grundige nyheitssaker, og kjærleiken til språk for å gjere sakene gode å lese, seier Snorre.