Rahand fekk fast jobb i NRK som 22-åring. No blir han nyheitsanker. – Det kom gledestårer
Kurdiske Rahand Bazaz (23) har jobba som journalist i ti år – men har ingen journalistutdanning. – Erfaringa slår alt det formelle 10 av 10 gongar, seier han til Medier24.
For ti månadar sidan var ambisjonen til Rahand Bazaz å fullføre ein master i juss, og bli politiadvokat. Så kom det eit tilbod om sommarjobb i NRK Østfold.
– Men før eg i det heile teke rakk å signere papira fekk eg tilbod om fast jobb. Og sju månadar ut i reporterjobben får eg lov å gå inn og vere programleiar i Distriktsnyheitene. Det har gått frykteleg fort, og det har endra livet heilt, summerer Bazaz opp til Medier24.
Rahand Bazaz fire tips for å få fast jobb:
Søk på vikariat, sommarjobbar eller andre korte stillingar.
Ver svolten på å lære heile tida. Heile tida spør etter råd, still eit spørsmål for mykje til ein kollega om kvifor ho/han skriv ein setning på den måten.
Ikkje ver redd, stikk hovudet fram og ta initiativ når ein leiar spør om noko. Å drive god journalistikk er som toppidrett. Du må heile tida vere på jakt etter saker/idear.
Ver audmjuk. Lær av feil. Redaksjonar vil gjerne ha folk som ynskjer å lære meir og kunne ta fleire ulike oppgåver i redaksjonen.
Bazaz er kurder, og kjem opphavleg frå dei kurdiske områda i Irak.
– Gret gledestårer
For medan dei fleste andre tek den tradisjonelle journalistutdanninga for å lande draumejobben i media, studerte Bazaz rettsvitskap – ved Universitetet i SørØst-Norge – som han fullførte ein bachelor i for halvanna år sidan.
– Om ein tenkjer på alle som utdannar seg som journalist og slit med å få jobbar får ein nesten dårleg samvit, men ein må tenkje på seg sjølv, seier han.
Måndag har han første dag i opplæring, og allereie over nyttår får me sjå Bazaz leie nyheitssendingane til NRK Østfold. Kanskje før, om han får prøvd seg under opplæringa.
– Det er nokon som skal ut i permisjon, på ubestemt tid, så sjansen kom tidlegare enn venta, seier han.
– Eg gret nokre gledestårer. Ein ting er å få jobbe som journalist, men ein annan ting er å få moglegheita så fersk og urutinert. Eg byrja som frilansjournalist som 13 år gammal i Fredrikstad Fotballklubb. Då jobba eg frivillig utan å få pengar. Eg har jobba frykteleg lenge for dette, og eg har gått steg for steg. Eg har ikkje vore mett på kunnskap og læring. Det er det dei tårene betyr, seier han.
– I Demokraten jobba eg med absolutt alt
I tillegg til å ha jobba for FFK sin nettportal, har 23-åringen arbeidd for Demokraten frå 2012 til 2018. Det gjer opp for manglande utdanning, ifølgje han sjølv.
– Erfaringa slår alt det formelle ti av ti gongar. Ein ting er å sitje på skulebenkjen og lære om korleis ein skal byggje opp nyheitssaker og liknande, men å faktisk gjere det er noko anna. Ein lærer på ein heilt annan måte. I Demokraten jobba eg med absolutt alt, seier han, og legg til:
– Den raske læringskurva eg hadde gjorde at eg står her med ei litt tryggare stemme i dag.
Tvert om meiner han at han kan ha ein fordel med jussutdanning.
– Eg tek med meg jussutdanninga når eg dekkjer ulike saker. Det er slett ingen ulempe i ein slik jobb, seier han.