Vibeke Fürst Haugen, programdirektør for NRKs Marienlystdivisjon.
Morten Brun
Vibeke Fürst Haugen blir konstituert kringkastingssjef
Thor Gjermund Eriksen tek permisjon frå NRK i tre månadar. No er avløysaren klar.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Det får Medier24 stadfesta av både styreleiar Birger Magnus i NRK og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen skal studera på Forsvarets høgskole, og tek med det permisjon frå jobben i NRK frå midten av januar til påska 2020.
No er det klart at programdirektør Vibeke Fürst Haugen for NRK sin Marienlyst-divisjon skal gjera jobben til Eriksen medan han har permisjon.
– Det er klart eg ser fram til nye oppgåver. Eg får moglegheita til å sjå NRK frå ein litt annleis stad. No vert oppgåva å sørgja for at ein ikkje mistar farta, seier Fürst Haugen til Medier24.
– Er det noko du er nervøs for?
– Det er mange ting ein kan vera nervøs for i NRK. Men det er mange flinke fagfolk over alt, så alle skal bidra til at dette går flink, sjølv om Eriksen er på skulebenken i nokre månadar.
Kringkastingssjef Eriksen kommenterer det slik:
– Eg føler at det er litt luksus at eg skal kunne konsentrera meg om studium i tre månader. Så er eg veldig glad i NRK – så eg kjem nok til å følgja med. Men eg trur det er sunt for meg òg å sleppa taumane i tre månader – og så gler eg meg til å komma tilbake rundt påsketider.
– Kjem ho til å gjera ein god jobb?
– Det er eg hundre prosent sikker på. Ho kjem til å gjera ein glimrande jobb, seier han.