Ingvill Tandstad blir kommunikasjonsrådgjevar i Kulturdepartementet, og forlèt dermed NRK og Østlandssendnga.

Ingvill Tandstad forlèt NRK – skal jobbe med kommunikasjon i Kulturdepartementet

– Å forlate NRK kjennast litt som å slå opp med kjærasten. Samtidig har eg sommarfuglar i magen

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ingvill Tandstad (42) forlèt NRK Østlandssendingen for å bli kommunikasjonsrådgjevar i Kulturdepartementet. 

I ei pressemelding seier ho at ho gler seg til å ta fatt på nye oppgåver i departementet. 

– Utdanninga mi er ein master i Statsvitskap frå UiO, men eg har jobba heile mitt yrkesaktive liv som journalist i NRK. Gjennom 18 år i kringkastinga har eg møtt utruleg mange bra folk og fått mykje tillit. Eg starta med deltidsjobb som redaksjonsassistent og har sidan vore programleiar på TV, laga dokumentarar, vore vaktsjef, VJ, journalist på TV, radio, nett og SoMe. Å forlate NRK kjennast litt som å slå opp med kjærasten. Samtidig har eg sommarfuglar i magen og gler meg innmari til å starte eit nytt kapittel, seier ho i pressemeldinga. 

Ho trur det ligg mange gode historier hos departementet som ho kan bruke erfaringa si frå NRK til å løfte fram. 

– Kulturdepartementet har eit spennande og bredt fagfelt som ligg hjartet mitt nært, og det kjennast som ein veldig riktig plass å begynne. Det ligg mange gode historier der som eg trur eg kan bidra til å løfte fram, seier Tandstad.

Kommunikasjonssjef Marius Bakke er glad for å få Tandstad med på laget. 

– Eg er veldig glad for å få Ingvill inn i kommunikasjonseininga i Kulturdepartementet. Vi hadde veldig mange sterke søkjarar til stillinga, men vi vert overtyda av at Ingvill var den riktige kandidaten for oss. Med si breie redaksjonelle erfaring og solide journalistbakgrunn håper og trur eg at Ingvill vil bli eit veldig godt tilskot til kommunikasjonsmiljøet i departementet, seier han i pressemeldinga. 

Powered by Labrador CMS