Inger Johanne Ruset ny leiar i Kringkastingsringen

Inger Johanne Ruset ny leiar i Kring­kastings­ringen

– Det var imponerande at NRK faktisk greidde å koma seg over kravet, men på nettsidene er det framleis eit stykke att, seier den nyvalde leiaren.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Inger Johanne Ruset blir ny leiar i Kringkastingsrådet, skriv dei i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Ho arbeider som politisk rådgjevar i Norges Ungdomslag. Ruset var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, og arbeidde ei stund i NRK Møre og Romsdal. Ho har også vore dagleg leiar for Ingebrigt Davik-huset i Haram.

- Det var imponerande at NRK faktisk greidde å koma seg over kravet, men på nettsidene er det framleis eit stykke att, seier Ruset.

- Samstundes ser eg at me som organisasjon ikkje berre kan konsentrera oss om NRK og TV2. Medielandskapet endrar seg. NRK lagar nettavis, og VG lagar fjernsyn. Difor håpar eg at me også kan spela ei rolle i å få meir nynorsk inn andre stadar enn berre i NRK. At årsmøtet gav meg tillit til å leia dette arbeidet, var stas, legg ho til.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 % nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk og dialekt i alle andre mediekanalar. Organisasjonen vart skipa i 1955, har om lag 700 medlemer og har kontor i Oslo.

Powered by Labrador CMS