Terje Olsen, ny konsernsjef i Hordaland.

Terje Olsen ny konsernsjef i Hordaland

Tek over etter Ingrid Kløve-Graue.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er berre eit knapt år sidan Terje Olsen slutta i Schibsted lokalaviser og vart ny dagleg leiar for Hordaland og Vaksdalposten.

No melder avisa Hordaland at han får fleire oppgåver – og tek over som konsernsjef i Hordaland, som består av Hordaland Bladdrift, Vaksdalposten, Hordaland Trykk og Distribusjon og morselskapet Hordaland LL.

– Meir ansvar og fleire utfordringar. Og det likar eg, seier Olsen til Hordaland.

Styreleiar Per Berge seier til avisa at dei ynskjer tettare samarbeid mellom dei fire selskapa.

– Me meiner Terje Olsen er den rette fagmannen til å leia konsernet vidare i eit tid med stadig endring og nye utfordringar, seier han.

Ingrid Kløve-Graue vert administrativ leiar.

– Ho er ein administrativ ressurs som vert nytta på tvers av konsernet, seier styreleiar Berge.

Powered by Labrador CMS