Reidar Kjæstad var lenge ei kjend stemme i NRK Hedmark og Oppland.

Reidar Kjæstad er ny nyheits­redaktør i Gudbrands­dølen Dagningen

Byrjar i jobben over nyttår.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er Gudbrandsdølen Dagningen som sjølv melder at Reidar Kjæstad blir avisa sin nye nyheitsredaktør.

– Etter 12 år med hovudsakeleg radiosendingar i NRK Oppland og Hedmark kjende eg eit behov for å gjere noko anna. Eg ynskja å koma tettare på det lokale. Ei ledig stilling som sportsleiar i GD opna døra, seier Kjæstad om overgangen frå NRK til GD i sommar.

– Eg tykkjer det blir artig å jobbe endå tettare med å få avisa i den retninga eg ynskjer, seier Kjæstad.

Fersk administrerande direktør og sjefredaktør Tom Martin Kj. Hartviksen er nøgd med tilsetjinga.

– Etter ein god prosess fall valet på Reidar. Han har personlege eigenskapar som passar i denne stillinga. Han kjenner både Lillehammer og Gudbrandsdalen godt, og har solid forståing av presseetikken og dei utfordringane og moglegheitene GD står i, seier han til eiga avis.

Powered by Labrador CMS