Frode Lia i Josimar.

Frode Lia gir seg som Josimar-redaktør: – Det vert herleg å få helsa på plass igjen

Redaksjonssjef Håvard Melnæs tek over.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det melder Josimar sjølv i utgåve åtte, som når abonnentane først tysdag.

«Nå har Frode fått klar beskjed av legene om å ta det med ro fremover. Nesten ti år som gründer og redaktør for et uavhengig tidsskrift, samt fem barn på hjemmebane, har medført at totalbelastningen over tid har blitt for stor», står det i bladet.

– Det vert herleg å få helsa på plass igjen. Eg har brent lyset i begge endar sidan 2009, seier Lia til Medier24.

Redaksjonssjef Håvard Melnæs tek over som redaktør. Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå han tysdag ettermiddag.

Lia er rett nok ikkje ferdig i Josimar, og vil bidra med både podkastar og artiklar så snart han er friskmeld.

Påtroppande redaktør i fotballtidsskriftet Josimar, Håvard Melnæs.

Gründeren skipa Josimar for snart ti år sidan, med ein ambisjon om å gå i djupna på fotballverda. I 2018 hadde dei eit opplag på mellom 7.500 og 12.000, og Melnæs beskreiv bladet i november overfor Medier24 som eit retroprodukt.

– Det har vore dei ti beste åra av mitt arbeidsliv. Det er det ingen tvil om. Det vore utruleg lærerikt, inspirerande og veldig gjevande når me har fått det til. Iallfall etter at me overlevde det første året, så har det vore tunge stunder med jamne mellomrom, men me har me greidd det. No meiner eg at Josimar går av seg sjølv, og eg er ikkje den berande personen i Josimar lenger, så då gir eg meg med eit lett hjarte, seier han.

Powered by Labrador CMS