Kvifor skriv vi så mykje om asylstrømmen? Eg trur svaret er islam. Og trugsmålet det utgjer mot vår kulturkrets

KRONIKK: Eg fryktar mindre ytringsfridom, demokrati og integrering. Og at 100.000 syriske flyktningar kan koste oss 1000 milliardar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JON HUSTAD, historiker, samfunnsdebattant og journalist i Dag og Tid

For ordens skyld: Denne kronikken er flere år gammel - den ble publisert på Medier24 høsten 2015.

HEILT SIDAN EU tok med Aust-Europa i 2004 har Noreg vore i verdstoppen i innvandring.

Men asylbylgja gjer oss langt meir nervøse enn innvandrarar frå Polen og Baltikum. Det handlar nok om islam.

DET EG SKRIV NO, skriv eg sundagsettermiddag etter å ha vore med på Gull- og Gråstein-debatt i Norsk Journalistlag på Sundvollen.

Temaet for debatten var flyktningkrisa som særleg Syria-krigen har utløyst, og korleis vi mediefolk dekkjer henne.

Eg går utifrå at eg vart beden av di eg er den norske journalisten som saman med Kjell Eirik Eilertsen og Ole Asbjørn Ness i Finansavisen har skrive og rekna mest på kostnadene ved innvandringa.

EIT STYKKE UT i debatten høyrde eg meg sjølv fortelja at den store innvandringa til Noreg ikkje er noko nytt, og at vi i eit normalår tek inn mellom 40 og 50 000 frå EØS-området.

Kvifor har vi då så brått vorte opptekne av asylinnvandringa? Eg gav sjølv svaret.

- Eg trur det handlar om at stort sett alle som kjem via asyl, er muslimar.

EG HAR VORE oppteken av innvandring heilt sidan eg byrja som journalist i 2002. Det toppa seg i 2013, då eg gav ut boka Farvel Norge – velferdsstatens fremtidige kollaps.

Eg har gått gjennom tusenvis av sider med statistikk, eg har rekna, og eg har rekna. Men motsett det svært mange ser ut til å tru, har eg knapt skrive om islam og muslimar.

Farvel Norge nytta eg om lag ein tredjedel av boka på kostnadene ved innvandring, eg nemnde ikkje orda islam eller muslim i boka. Eg har heilt medvite halde meg unna denne debatten.

KVIFOR? Av di eg veit det vert så utruleg mykje bråk om eg gjer det, og av di eg er redd for å verta sett i bås med rasistar.

Og ja, eg veit det vert bråk.

I si tid skreiv eg vel Noregs mest illgjetne kronikk, «Ikkje min kulturminister» om Hadia Tajik, som førte til at eg var samanlikna med nazistar på spalteplass i Aftenposten og måtte stå skulerett på Debatten i NRK, men heller ikkje i den kronikken skreiv eg eitt ord om islam.

Nei, noko av det mest ubehagelege ved å skriva om kostnadene av innvandring, er ikkje alle hat-e-breva, som har vorte mange gjennom åra.

Det er dei som støttar meg.

Eg har vel fått ei 10-20 drapstrugsmål etter å ha rekna på innvandrarar, dei fleste har eg ikkje reagert på, men ein gong oppfatta eg éin fyr som spesielt trugande og gjekk til politiet. Dei fiksa det heile for meg, og eg høyrde aldri meir frå fyren.

Dessutan er det så godt som aldri drap i Noreg som ikkje er knytt til rus, familie eller tung kriminalitet, folk som trugar på e-post eller SMS, drep ikkje.

Å SKRIVE OM innvandring fører derimot til eit noko heilt anna og mykje meir ubehageleg enn tome dødstrugsmål; ros frå folk eg ikkje vil verta rost av, særleg gamle menn som er rasistar.

Når eg skriv kritisk om kva innvandrarar frå den tredje verda kostar, til dømes at ein somaliar utløyser eit investeringsbehov på 6 millionar nesten med ein gong han eller ho kjem til Noreg, skjer det noko.

Når eg så legg til at gjennomsnittssomaliaren påfører Noreg ein nettokostnad i tenester og overføringar på ti millionar – altså rundt 16 millionar pluss pluss i framtidige kostnader, berre ved å koma hit – så kan du vera sikker på at dei dukkar opp:

«Godt at du skriv om svartingane og desse fryktelege muhammedanarane.»

Eg får ikkje mange slike e-postar, men eg får nokre, og dei gjer meg deprimert.

MEN, SKAL EG vedgå, eg òg er redd for kva den islamske innvandringa gjer med Noreg.

I 2009 gjekk det ein debatt i Noreg om vi ville få muslimsk fleirtal i Noreg, den vart starta av Dagbladet.

Eg vart spurt om kva eg meinte, og om eg ville vera med.

Eg svarte nei av di det var eit tåpeleg spørsmål, sidan vi etter EØS-avtalen vart utvida i 2004, kvart år tek mot langt fleire frå Europa enn frå muslimske område.

Og sjølv om eg er djupt kritisk til kostnadene ved den store EØS-innvandringa, har eg samstundes vore litt nøgd, nettopp av di denne innvandringa gjer at vi slepp islamdebattar om mogleg muslimfleirtal i Noreg.

MEN NO LYT EG på ny vedgå at eg kjenner på uroa. For alt endrar seg i dramatisk tempo, det verkar som ingen lenger har kontroll eller vil ha kontroll.

Og dei som vendar seg til SSB, leiter i røynda fånyttes, ingen kan spå presist om framtida, og SSB, ser det ut som, har eit innebygd ynske om ikkje å taka i.

I 1989 framskreiv dei i Statistisk årbok tala:

Dei forventa ei nettoinnvandring til Noreg årleg fram mot 2050 på 5000 i året og at det samla folketalet skulle vera på 4,1 millionar i 2050.

Vel, som dei fleste har fått med seg, er folketalet no over ein million høgre enn det skulle vera i 2050.

No spår SSB 6,5 millionar i det såkalla «realistiske mellomalternativet», og 8 millionar i høgalternativet for 2050. Men tala for 2015 viser at vi alt no ligg på eit langt høgre innvandringsnivå enn høgalternativet.

OG AUKEN, den er det no muslimar som står for. Vi veit ikkje kva religion dei som søkjer asyl i Noreg har, men vi veit at dei stort sett kjem frå muslimske område.

Kvar dag vert det fødd om lag 160 born i Noreg eller 59 000 i året, noko over 5000 av desse vert fødde av personar frå den tredje verda, dei fleste av desse er muslimar.

Kvar dag no kjem det dobbelt så mange asylsøkjarar til Noreg som det vert fødde born her til lands, 80 prosent av desse får etter det gjeldande regelverket opphald.

I tillegg er det ikkje så sikkert at dei som kjem frå EØS, vert varige innbyggjarar i Noreg. I fjor var det 15 000 menneske som fekk norsk statsborgarskap, 90 prosent av desse kom frå muslimske land.

KONKLUSJONEN GJEV seg sjølv, talet på norske statsborgarar med muslimsk bakgrunn, aukar mykje meir enn kva talet på norske statsborgarar med norsk bakgrunn gjer.

Fertiliteten i Noreg er no komen ned i under 1,8 per kvinne, det vil igjen seia at vi ligg under reproduksjonsraten 2,1. I 2050 vil truleg berre 3,5 millionar norske statsborgarar ha norsk bakgrunn.

Men det stoggar ikkje med asyl.

Om vi seier det kjem 30 000 muslimske asylsøkjarar til Noreg i år, talet berra aukar og aukar og UDI trur at det neste år kjem endå fleire, og 80 prosent av desse får opphald, vert det 24 000 nye innbyggjarar i Noreg.

Desse skal ha familiesameining, dei flest som kjem, er unge einslege.

Om vi ser på veksten i innvandrarar med bakgrunn frå den tredje verda i Noreg dei siste 10 åra, er berre 22 prosent resultat av asyl og flyktningstatus, resten er familievekst, seier Finansavisen.

DET EINE ER kostnaden ved å byggja opp infrastruktur, som er 120 milliardar i investeringar for kvar nye 50 000 per år. Dette er kostnader vi nordmenn i utgangspunktet ikkje treng taka sidan vi alt har infrastrukturen på plass, born vert fødde inn i heimar, eit stabilt folketal treng ikkje nye vegar, skular og sjukehus i særleg grad. (Investeringskostnadene til innvandrar forsvinn altså om det berre kjem så mange som må til for å halda det norske folketalet oppe).

Men veks folketalet med 1 prosent, seier SSB, må vi investera for 4 prosent av den samla verdiskapinga i samfunnet, vi må kvart år byggja ein by på Sarpsborgs storleik.

Det andre er kostnaden ved trygder og offentlege tenester.

Kjem det 100 000 frå Syria, og dei får den same åtferda som somaliarar, syrarar har låg utdaning, vert nettokostnaden dei neste 85 åra 1000 milliardar.

Får syrarane den same arbeidsdeltakinga som irakarar, vert kostnadene 500 milliardar. Du skal lytta lenge på NRK eller lesa svært mange aviser i Noreg før du får desse tala.

MEN DET VERT ikkje berre 100 000 syrarar, det vert mykje meir om Noreg og EU ikkje dramatisk endrar innvandringspolitikken.

Den såkalla bruhovudeffekten nærast garanterer ein kontinuerleg auka av syrarar til Noreg i framtida.

Då vi innførte innvandringstoppen i 1975, var det om lag 4000 med pakistansk bakgrunn i Noreg, no er det 35 000 med slik bakgrunn, auken har kome gjennom familieinnvandring, så godt som ingen pakistanar har kome til Noreg som flyktning etter 1975.

Når dei fyrste syrarane har slege rot i Noreg, vil det stadig koma fleire. Få felt har ein så sterk snøballeffekt som innvandringsfeltet.

KOR MYKJE PENGAR ut snakkar vi om samla sett på innvandring?

Det veit vi ikkje, men mellomalternativet til SSB, seier SSB sjølve, utløyser ein kostnad på om lag 5000 milliardar og då er mykje av tenestene og investeringane ikkje teke med.

Men mellomalternativet operer med langt færre frå den tredje verda enn det som kjem i dag og som skal koma i dei næraste åra, om vi skal tru UDI.

120 milliardar i årlege investeringar er elles om lag det same som staten gjev til spesialhelsetenesten, altså sjukehusa i år.

Velferdsstaten har ikkje ein sjanse.

Men dette har eg konkludert med mange gonger før, den noverande velferdsstaten let seg ikkje kombinera med innvandringa av utfaglærte.

EG HAR DERIMOT ikkje skrive noko om kva den stadig aukande islamske innvandring gjer med Noreg.

Eg spår dette: I åra framover vert det mindre forsamlingsfridom i Noreg, mindre ytringsfridom i Noreg, mindre demokrati i Noreg, og mindre integrering i Noreg.

I tillegg vil det verta meir kriminalitet (personar frå muslimske land er mykje meir kriminelle enn andre, viser tall fra Statistisk Sentralbyrå) og mykje meir politi og overvaking, og det vert meir radikalisering (når mange kjem, er risikoen for å enda opp i ein enklave mykje større) og eg tipper at det norske samfunnet generelt vert mykje mindre fritt og homogent.

KORLEIS KAN EG seia dette? For det fyrste er det berre å kasta eit blikk på kartet. Område der islam står sterkt, er svært sjeldan demokratiske. Tyrkia var eit unnatak, men går i feil retning.

Eg har i mi tid som journalist hatt høve til å møta fleire teiknarar som har vore dumme nok til å driva satire med Muhammed, dei lever med permanent politivern og er eit heilt isolerte frå familie og venar.

For eitt år sidan møtte eg Lars Vilks, han kom i kortesje, og eg vart kroppsvisitert.

Kort tid etter var det eit nytt drapsforsøk på han i København, og det samstundes som jødar vart angripne.

SER EG NOKO håp? Ja, om det vert ein utdanningsrevolusjon med vektlegging på sekulær utdaning i den muslimske verda.

Eventuelt at vi får fleire muslimar med høg utdaning frå mellomklassa frå dei muslimske landa til Noreg, så kan det gå annleis.

Med høgt utdana frå den tredje verda, også muslimar, vel andre land enn Noreg. Norsk er ikkje eit verdsspråk og høgt utdana får relativt dårleg betalt i kombinasjon med høg skatt i Noreg. Og dessutan tilbyr få islamske land god sekulær utdanning.

Pakistan har éin nobelprisvinnar i naturfag, den kom i 1979 og Abdus Salam var den fyrste muslimen nokon gong som fekk ein vitskapleg nobelpris.

Han drog i eksil då parlamentet innførde ein lov som sa at hans form for islam, var kjettersk og blasfemisk.

TRUR EG SÅ DET vert borgarkrig? Nei, det vert gradvis noko anna.

Ja, Malmø har bilbomber, ran og store område som er dominert av tradisjonell islam.

Men det er ikkje borgarkrig.

Vi som har råd til det, trekkjer ut i dei trygge forstadene og lever livet vårt vidare, alt medan vi kjem til å forlanga lægre skattar av di vi ikkje maktar å finansiera den stadig auka innvandringsbylgja av personar som i liten grad vil gje avkall på eigen religion og kultur og ikkje har utdaning.

LIKER EG DETTE? Nei, ikkje i det heile.

Kjem eg til å skriva mykje meir om islam og det trugsmålet islam utgjer mot vår kulturkrets og måte å leva på?

Nei, og eg forstår godt at dei fleste i pressa ikkje orkar dette. Eg er sjølv såpass skeptisk overfor islam at eg held det på avstand. Hadde eg vore redaktør, ville eg aldri ha publisert teikningar av Muhammed, eg har tre born.

Samstundes trur eg at presset på Europa er så stort, at det er lite vi kan gjera innanfor den noverande menneskerettsmodellen.

I 1950 var det om lag tre millionar nordmenn og tre millionar syrarar. No er det truleg 23 millionar syrarar, og 4,2 millionar nordmenn med norsk bakgrunn.

Den demografiske utvikling garanterer at stadig fleire vil hit, sjølv om dei relative tala ikkje går opp, går dei absolutte opp.

Afrika skal frå 1 til 3 milliardar i dette hundreåret. Så vil nokre seia at vi kan stenga grensene. Ja, det kan vi. Men de vil krevja militære tiltak og strengt vakta grenser. Ingenting tyder på at norske eller europeiske politikarar orker det.

EG KJEM TIL å halda fram med å skriva om kostnadene ved innvandring, men det er meir av di økonomi interesser meg, ikkje av di eg trur det hjelper.

Muslimane får eventuelt frigjera seg sjølve.

Som Marx sa: «Arbeidaranes frigjering er arbeidaranes sak».

At norske journalistar skal frigjera seg frå sinnelagsetikken, har eg derimot ingen tru på.

Og til slutt: Hugs dette, for kvar syrar vi tek hit, kunne vi ha hjelpt minst 30 i nærområda.

Powered by Labrador CMS