Håvar Fagerli vert eineleiar i Fjordendes Tidende.

Håvar Fagerli vert sjef i Fjordenes Tidende: – Ei stor ære

- Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord, seier Fagerli.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

45 år gamle Håvar Fagerli er tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende.

Fagerli kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Den nye redaktøren er utdanna lærar og har arbeida som avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule.

Fagerli har tidlegare også jobba som journalist i Fjordenes Tidende.

- Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord. Det er ei stor ære å få denne sjansen. Fjordenes Tidende er godt framme i den digitale utviklinga, og det er spanande å få vere med å utvikle dette vidare, seier Håvar Fagerli.

Styreleiar Frank Støya Emblem er glad for at Fagerli har takka ja til stillinga.

- Vi er særs nøgd med tilsettinga av Håvar Fagerli som ny eineleiar i mediehuset. Han er ein samfunnsengasjert person med solide leiareigenskapar som vil styrke det gode teamet vi har av journalistar og marknadsrådgjevarar i Fjordenes Tidende

Fagerli vil starte i stillinga 1. februar 2022.

- Eg gler meg stort til å samarbeide med dei dyktige og engasjerte medarbeidarane i Fjordenes Tidende, avsluttar Fagerli.

Powered by Labrador CMS