Lothepus og Fjorden Cowboys, Flimmer film for TV 2, vant Beste humorprogram under Gullruten 2017.

Flimmer Film har slitt med «knalltøffe» økonomiske problem

Selskapet som står bak mellom anna Fjorden Cowboys har hatt eit tøft 2018 økonomisk. I haust fekk dei tidlegare TV 2-redaktør med på laget.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er Bergens Tidende som måndag melder at produksjonsselskapet Flimmer Film har hatt eit tøft år, og at Christer Fasmer no er einaste gjenståande av dei fire gründerane Fasmer, Lars Løge, Eivind Tolås og Johnny Holmvåg som skipa selskapet i 2000.

– Det har vore nokre tøffe økonomiske år. Det siste halvåret har vore knalltøft. Men eg bestemte meg for at me skulle fullføre prosjekta som var sett i gang. Sidan 2012 har me produsert mykje reklamefilm. Dette betalar rekningane våre mellom dei store produksjonane, seier Fasmer til BT.

I 2017 enda Flimmer Film med eit overskot på 201.000 kroner og ein omsetnad på om lag 13,5 millionar kroner. Ifølgje BT slit selskapet likevel med høg negativ eigenkapital og låg likviditet.

I haust vart det kjent at Jan Ove Årsæther og Ove Grønnevik, med selskapa Maverix og Media Bergen, overtek 80 prosent av aksjane. Årsæther var fram til 2017 nyheitsredaktør i TV 2.

– Flimmer har nokre av dei beste folka i bransjen, så me ville bidra til å redde miljøet der. Men dette er nok ei investering me gjer meir med hjarta enn med hovudet, seier Årsæther til avisa.

Flimmer Film har oppnådd stor suksess med den TV 2-sende dokusåpa «Fjorden Cowboys». Selskapet sto òg bak «En gang Aurora» , som hadde premiere på NRK før jul.

Powered by Labrador CMS