Det er NRK Sogn og Fjordane som torsdag skriv at hotelldirektør Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotel i Førde har sett seg lei av at Firda fotograferer gjestane på utestaden «Larris» i helgene.
I ei årrekkje har norske nettaviser hatt tradisjon for dei omstridde biletseriane som viser kven som var på byen natta før. Det seier Gullaksen no stopp for.
– Vi ynskjer at gjestane våre skal kunne gå ut og kose seg, og vere trygge på at dei ikkje blir tatt bilete av, seier han til NRK.
Firda-redaktør Kai Aage Pedersen er ikkje nøgd med restriksjonane.
– Dette likar eg veldig dårleg. Dette er noko media alltid har gjort når vi dekker kulturarrangement, fotballkampar og konsertar. No har det teke nokre nye former, og lesarane til Firda set veldig stor pris på desse biletegalleria, seier Pedersen.
Han seier at dei vil halda fram med utelivsreportasjane.
Jurist Kristine Foss i Norsk Presseforbund støttar Pedersen.
– Det kan vere av stor interesse for mange å ha oversikt over kva som skjer i utelivet, og lokalavisa er limet i samfunnet.