Finnmark Dagblad-redaktør Arne Reginiussen og Garnisonen i Porsanger (GP).Gard L. Michalsen/John Charles Kvam/Forsvaret
Aviser nekta inngang då politikar vitja militærleir: – Hol i hovudet, rasar redaktør
Då Anniken Huitfeldt (Ap) var innom Garnisonen i Porsanger (GP) fekk verken Ságat eller Finnmark Dagblad bli med inn. Det får redaktørane til å reagere sterkt.
Det var den samiske avisa Ságat som først skreiv at verken dei eller Finnmark Dagblad fekk komma inn då Porsanger-ordførar Aina Borch fekk besøk av Anniken Huitfeldt på militærleiren i Porsanger onsdag. Huitfeldt er leiar av Utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.
– Kan ikkje stenge oss ute
Redaktør Arne Reginiussen i Finnmark Dagblad ser ingen grunn til at dei skal bli nekta inngang på leiren. Han seier dei alltid har hatt høve til å dekkje slike politikarbesøk tidlegare.
– Det er heilt hol i hovudet og forkasteleg at dei no endrar praksis, seier han til Medier24.
– I eit lokalsamfunn kan ein ikkje stenge ute media frå så viktige installasjonar, legg han til.
Ságat-redaktør Geir Wulff er òg nådelaus i sine karakteristikkar.
– Det er heilt horribelt. I alle år har det vore heilt motsett. Forsvaret har alltid ynskja at pressa skal dekkje ulike tilstellingar som har skjedd på Porsangmoen, seier han til eiga avis.
– Ikkje greitt
Ságat vart på Porsangmoen møtt av ein fenrik i porten som sa det ikkje var «ynskjeleg med media under arrangementet». Vidare fekk dei beskjed om at dei kunne intervjue Huitfeldt klokka 12, då møtet var ferdig. Han skal ha sagt at det er andre ting i leiren som skal gå føre seg, og at det var årsaka til at media ikkje fekk kome inn.
Dagen i førevegen skal både Ságat og Finnmark Dagblad ha fått beskjed frå ordførar Borch om at det var strenge restriksjonar frå media. Der opplyste ho om at sjølv politikarane måtte ha godkjenning frå departementsråd.
– Me hadde i utgangspunktet planlagd å dra dit, og så fekk journalisten vår mail om at media ikkje var ynskja, seier Reginiussen.
– Me valde difor å ikkje møte opp, fordi me skjønte at me ikkje ville sleppe inn. Me tykkjer ikkje at det er greitt på noko måte. Slike politikarbesøk har alltid vore opne, og det er det me er vant til, held Reginiussen fram.
Han legg til:
– Kvifor endrar dei no praksis? Kva er forklaringa på det?
På spørsmål frå Ságat om kva Huitfeldt sjølv tykkjer om medienekten svarte ho at ho «må berre stelle seg til dei reglane som er sett».
«Hverken som urimelig eller forkastelig»
Talsperson i Hæren, oberstløytnant Per Espen Strande, svarer slik i ein e-post til Medier24 om kvifor media vart nekta inngang, kvifor dei har endra praksis og om det ikkje tykkjer det er viktig å opne for media på ein slik installasjon:
«Media var invitert i etterkant av besøket klokken 1200. Det var ikke lagt opp til at media skulle følge hele besøket fra Hæren sin side. Det er ikke uvanlig at media kun inviteres til deler eller mot slutten av slike slike besøk. At media møter opp to timer før tidspunkt som er avtalt og dermed ikke slipper inn, anser jeg hverken som urimelig eller forkastelig.
Det har ikke blitt endret praksis. Hæren ønsker fortsatt at media skal dekke ulike arrangement på Porsangmoen. I dette tilfelle var media invitert i etterkant av besøket.»
Ságat: – Strande lyg
Nyheitsredaktør i Ságat, Lars Birger Persen, seier til Medier24 at oberstløytnant Strande lyg til Medier24 når han seier dei vart invitert til klokka 12.
– Det er usant, og det er løgn. Det gjer han sannsynlegvis for å få oss til å sjå dumme ut, seier han.
Persen legg til:
– Me fekk ein invitasjon frå ordførar i Porsanger for å bli med på ein tur med Anniken Huitfeldt. Ho gav oss beskjed om at Forsvaret ikkje ynskja oss dit. Me møtte likevel opp, fordi le ville sjå om dette verkeleg var sant.