Hegnar Media-sjef Trygve Hegnar. Med selskapet sitt Periscopus eig han ABC Startsiden og Hegnar Media, som inneber Kapital og Finansavisen.

Forvaltar vurderer å ta Finans­avisen til retten: Avisa beklagar fleire feil

– Med så grove skuldingar held det ikkje at dei beklagar, seier Kenneth Tveter til Medier24. Finansavisen innrømmer å ha publisert ubekrefta rykte.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag skreiv Finansavisen ein artikkel om at den London-baserte forvaltaren Kenneth Tveter har fått sparken etter eit kjempetap på oljespekulasjon med fondet IMO2020 i Svelland Capital. Artikkelen, som refererer anonyme kjelder, er ført i pennen av redaktør Steinar Grini.

Avisa har rett i at fondet er lagt ned, men der stoppar det, ifølgje Tveter.

Dagen etter kom dementiet, der avisa beklaga ei rekkje feil og vedgjekk at dei har gjeve att ubekrefta rykte. (Sjå heile beklaginga nedst i saka)

– Dette er eit bestillingsverk, og ikkje forankra i verkelegheita i det heile teke. Finansavisen har feila fullstendig. Dei har ikkje bede om tilsvar, ikkje gjort ei objektiv vurdering av dei påstandane som vert framsett, og har ikkje gjort ei vurdering av den anonyme kjelda og motivet til vedkommande, seier forvaltar Kenneth Tveter til Medier24.

Melder til PFU 

Han har tidlegare fått offentleg merksemd for mislukka oljespekulasjon i det børsnoterte legemiddelselskapet Vistin Pharma. Det er noko av bakteppet for det kritiske søkelyset i Finansavisen.

Tveter avviser Finansavisen sine påstandar om at IMO2020-fondet hadde kollapsa, at fondet vart tvangsseld, at investeringane var tufta på same strategi som i Vistin og at han fekk sparken i Svelland Capital. Tveter avviser også å ha delteke i forvaltninga av andre Svelland-fond, då han berre har autorisasjon til å forvalta IMO2020.

Faksimile av artikkelen.

– Kva er det som er feil i saka?

– Ein kan snu på det – som dei kjem fram til i sitt dementi – det einaste dei har fått korrekt er at eg ikkje lenger forvaltar IMO2020-fondet, då det er lagt ned. Utover det har dei ikkje grunnlag for å skriva det som står der, seier han, og meiner at artikkelen er basert på løgn.

No varslar han etterspel.

– Dette skal hundre prosent til Pressens Faglige Utvalg, og så er det høgst sannsynleg at det kjem til å enda opp i retten. Det er ikkje slik at ein av landets leiande aviser kan ukritisk publisera informasjon frå anonyme kjelder utan å verifisera det og stille spørsmål om kjelda har eit motiv, seier han.

Tveter seier han ikkje har tenkt på kva han eventuelt vil krevja av avisa i ei erstatningssak.

Ordknappe Finansavisen-redaktørar

Medier24 har vore i kontakt med sjefredaktør, administrerande direktør og eigar Trygve Hegnar i Finansavisen.

– Ingen kommentar til det. Han få gjera som han vil, seier han om eit potensielt søksmål og PFU-klage.

Redaktør Steinar Grini i Finansavisen, som har forfatta artikkelen, er ordknapp når Medier24 ber om kommentarar knytt til artikkelen.

– Er det riktig at Tveter ikkje fekk imøtegå opplysingane?

– Me hadde ein dialog med sjefen i forvaltningsselskapet, som bekrefta deler av saka, men gav uttrykk for at han ikkje ville kommentera saka meir, seier Grini.

Steinar Grini, Finansavisen-redaktør.

– Men de hadde ikkje kontakt med Tveter, som er hovudperson i saka?

– Me var i kontakt med sjefen i selskapet.

– Gjorde de nok i å kontrollera opplysingane før de publiserte artikkelen?

– Eg ynskjer ikkje å gå inn på dei vurderingane, seier han.

– Kva tenkjer du om PFU-klage og potensielt rettslege skritt?

– Det får me ta når det kjem dit.

Får støtte av mediekritikar

Mediekritikar og fagmedarbeidar Trygve Aas Olsen ved Institutt for Journalistikk meiner Finansavisen har brote god presseskikk.

– Saka rettar sterk kritikk mot Tveter, som han burde fått imøtegå samstundes då det vart publisert. Så her har Finansavisen etter mitt skjønn brote punkt 4.14 i Ver Varsam-plakaten – og då blir dei nok felt for det, seier han.

– Kva tenkjer du om korleis Finansavisen har opptredd?

– Eg tenkjer at avisa gjer som altfor mange andre: Øydelegg noko som kanskje ser ut som ei god sak ved ikkje å sjekka den med den som potensielt har skurkerolle i saka. Retten til samtidig imøtegåing er elementært, og det overraskar meg stadig kor mange pressefolk som ikkje forstår det.

Fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk (IJ) og mediekritisk spaltist i Medier24, Trygve Aas Olsen.

Tveter er sterkt kritisk til Finansavisen si anonyme kjelde og avisa si manglande kontroll av fakta.

– Har den kjelda innsyn i to ulike fond? Vedkommande har uttalt seg både om IMO-fondet og kva som skjer i Svelland Capital sitt andre fond. Då må kjelda ha investert der. Og våre investorar har svært avgrensa innsyn i våre posisjonar. Det er dei færraste fond som gir daglege oppdateringar om kva dei gjer, men gir derimot status ved slutten av månaden om korleis marknaden har utvikla seg, seier han.

Finansavisen si beklaging (8. mai)

«Korreksjon

Finansavisen omtalte torsdag 7. mai London-fondet IMO Direct Exposure, forvaltet av Svelland Capital med Kenneth Tveter som initiativtager og forvalter.

Det er korrekt som det står i artikkelen at IMO2020-fondet for alle praktiske formål er nedlagt ved at investorene endret investeringsstrategi og at Kenneth Tveter ikke lenger er forvalter av fondet.

Det fremkom imidlertid i Finansavisen at Tveter hadde fått sparken fra Svelland Capital. Dette er ikke korrekt.

Finansavisen gjenga også ubekreftede rykter om at fondet hadde kollapset som følge av investeringer i at dieselprisene skulle gå til himmels, mens tungolje skulle falle i pris. Tveter avviser at fondet har kollapset, og understreker at bakgrunnen for opprettelsen av fondet handlet om å investere i at IMO2020kravene ville skape ubalanser i markedet som han ønsket å utbytte.

Han understreker, som det også fremgikk av artikkelen, at nedleggelsen av fondet hadde sammenheng med at covid-19 endret dynamikken i oljemarkedet ved at oljeetterspørselen ble estimert ned 30 millioner fat, og at dette overskygget effektene på etterspørselen som IMO2020kravene var antatt å medføre. Dermed ble investeringscaset eliminert.

Han avviser at spreaden mellom diesel og tungolje har vært noen sentral posisjon i fondet slik det var da han arbeidet med tilsvarende investeringsidé i Vistin Pharma.

I artikkelen fremkom det at tap på denne posisjonen skal ha medført økte marginkrav, og at fondet ble tvangssolgt. Tveter avviser dette.

Det fremkom også at Svelland etter å ha sluttet som forvalter av IMO2020-fondet skal ha deltatt i et annet Svelland-fond og gått short olje før den seneste tidens oljeprisoppgang. Tveter understreker at han ikke har deltatt i forvaltningen av andre fond, da han kun har autorisasjon til å delta i forvaltningen av det ene fondet.

Finansavisen beklager de feilaktige opplysningene om Tveter.» 

Powered by Labrador CMS