Far og son Hegnar skal ta nettet med storm: Slik vil Finansavisen bli betre og større

For to år sidan kjøpte Trygve Hegnar nettstaden ABC Startsiden. No tek dei Finansavisen til nett – og mediemogul Trygve Hegnar held dørene opne for ytterlegare oppkjøp.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Nyleg vart det kjent at Hegnar Media slår saman redaksjonane i Hegnar.no og Finansavisen. Framover vil dei gi ut Finansavisen som fullverdig nettavis, medan dei skrotar merkenamnet Hegnar.no.

– Det samanslåtte Finansavisen vert mykje større enn Hegnar.no, seier Trygve Hegnar til Medier24 når me møter han og son Jon Trygve Hegnar, som er leiar for tedigital strategi og utvikling, på kontoret deira på Smestad i Oslo.

– Berre keisarar prøver å bli størst

Kampen om økonominyheiter på nett har hardna til. Landets største, VG-eigde E24, knivar hardt med konkurrenten Dagens Næringsliv, i tillegg til at Nettavisen trappar opp økonomisatsinga si med fleire årsverk.

Hegnar Media-sjef Trygve Hegnar. Med selskapet sitt Periscopus eig han ABC Startsiden og Hegnar Media, som inneber Kapital, Finansavisen og Hegnar.no.

No vil Hegnar Media ta ein større bit av kaka. Jon Trygve Hegnar er likevel tydeleg på at Finansavisen ikkje har ambisjonar om å bli størst, men at dei skal bli best.

– Folk har misforstått om dei trur Finansavisen blir eit heilt nytt produkt. Vårt mål er ikkje å få så mange lesarar som mogleg, men å tilby eit endå betre produkt til dei som bryr seg om det Finansavisen skriv om. Me skal ikkje prøve å bli det nye VG, Dagbladet eller Nettavisen, men det beste Finansavisen kan bli på nett, seier han.

– Berre keisarar prøver å bli størst. Det riktige målet er å vere best – og ikkje størst – med det du driv med, legg han til.

 

Samlokalisering

Medan Hegnar.no og Finansavisen tidlegare har vore separate redaksjonar, skal alle dei alle om lag 40-50 redaksjonelle årsverka samlast på eitt plan i tredje etasje i det gigantiske bygget nokre kilometer utanfor Oslo sentrum.

– Vil det styrke posisjonen dykkar i annonsemarknaden?

– Eg trur heilt klart at Finansavisen på nett gir ei større gjennomslagskraft på annonsemarknaden. Me har ikkje rekna på det, og ikkje teke utgangspunktet i dei reknestykka, men i det redaksjonelle produktet, seier Trygve Hegnar.

I løpet av dei siste fire åra har selskapet Hegnar Media gått 34 millionar kroner i underskot, medan ABC Startsiden leverer store overskot. Også i år, skal me tru Trygve Hegnar.

Han meiner det er misvisande å sjå på årsresultatet til Hegnar Media for å definere korleis det går med «mediedivisjonen» til holdingselskapet Periscopus.

– ABC Startsiden er òg ei medieverksemd, men det ligg berre ikkje under Hegnar Media. Det er eit søsterselskap – men er like mykje under Hegnar Media, og det kunne eg formalisert i morgon. Summen er eit kjempeoverskot på mediebiten, seier Hegnar.

Her skal Finansavisen-journalistane samlast i deira nye «news room» på Smestad i Oslo. Til høgre er Jon Trygve Hegnar i Hegnar Media.

Dei vil ikkje seie noko det finansielle året 2018, men seier at inntektene aukar. Det er det òg grunn til å tru at kostnadane gjer. I 2017 brukte dei pengar på å digitalisere tidsskriftet Kapital, medan dei no investerer tungt i å digitalisere Finansavisen.

– Det er ikkje gratis, men det er verd det, seier Jon Trygve.

Trass i sonens klare tale om at det gjeld å bli best – ikkje størst, er Trygve Hegnar bestemt:

– Omlegginga vil gjere oss betre og større.

 

– Ingenting negativt ved å fjerne Hegnar-namnet

Etter om lag 20 år på nett, vil det altså bety over og ut for Hegnar-merkenamnet på nett. Hegnar.no (tidlegare HegnarOnline) vil «erstattast» med Finansavisen, som innan sommaren skal betydeleg digitaliserast.

– Å gjere innhaldet meir tilgjengeleg for fleire er kanskje viktigaste grepet for å bli større. Resten gjer me for å bli betre, seier Jon Trygve Hegnar.

– Sit det langt inne å ta Finansavisen-namnet til nettet, Trygve?

– Det sit ikkje langt inne i det heile teke. Kor bra er det eigentleg at mitt namn heile tida er på artiklane? Eg har gått glidande vekk frå Hegnar-namnet i publikasjonane, så for meg er det heilt greitt. Det er ingen negative effektar ved at det ikkje heiter Hegnar.no lenger, seier han.

Så følgjer sonen spøkefullt opp:

– Det er mange på huset som er uroa over at biletet av pappa på framsida vil bli mykje større, for å kompensere.

Hegnar Media-sjef Trygve Hegnar. Med selskapet sitt Periscopus eig han ABC Startsiden og Hegnar Media, som inneber Kapital, Finansavisen og Hegnar.no.

Saka held fram under biletet.

 

Vil ikkje skrive for «mannen på gata»

Far Trygve Hegnar og son Jon Trygve Hegnar i Hegnar Media.

Medan spesielt E24, som er eigd av VG, har vore opptekne av å skrive økonomistoff som «mannen på gata» forstår. Hegnar Media, derimot, har ingen ambisjonar om å treffe breitt med stoffet sitt, og er tydelege på at finansstoffet skal vere for finansfolk.

Trygve Hegnar forklarar, openbert engasjert:

– Min filosofi er ikkje å gjere ting tilgjengeleg for at alle skal forstå. Me har hatt mange diskusjonar om det i Finansavisen. Det var ein periode kor me skulle forklare price earning, forteneste per aksje, obligasjon, og slike ting. Det er no eit forbod om å prøve å forklare ting i Finansavisen, fordi våre primærlesarar er godt utdanna, har god erfaring, har høge posisjonar, er flinke – det er alltid unntak – og dei orkar ikkje å lese stoff som er på barneskulenivå. Me har ingen planar om å bli meir opplysande og ta vare på breidda. Me er eit nisje- og spesialistprodukt, og dei som kan finans skal føle seg heime der, seier han.

Sonen supplerer:

– Det betyr ikkje at du må kunne alle økonomiske omgrep for å lese Finansavisen. Det betyr berre at me tek for gitt at om du les visse saker, er du interessert nok til å kunne det. Les du Finansavisen får du veldig mykje glede av det utan økonomiutdanning.

Trygve Hegnar meiner dei ikkje skal konkurrere med «volumprodukta», og at dei aldri skal blande økonomistoffet med «rumper og lår».

– Me har eit breiddeprodukt i ABC Startsiden. Dei er pioner i det segmentet der, og har si verd, og så er me i vår verd her på Smestad, seier han vidare.

– Får de nytta synergieffektane frå ABC Startsiden?

– Me har gått sakte fram, lært mykje av dei på dei teknologiske løysingane, men me har knapt gjort noko på det redaksjonelle. Det er eit ope hav som ligg og ventar. Dei er store og har både integritet og aksept. Dei kjem me til å lære mykje av, seier Trygve Hegnar.

– Vil de samarbeide meir i framtida?

Far Trygve Hegnar og son Jon Trygve Hegnar i Hegnar Media.

– Det er eg sikker på, men me har vore veldig forsiktige. Me har vore hos dei, dei har vore hos oss, og me snakkar saman. Det er eit uutforska potensial der. Det er eit kjempespanande prospekt for oss, seier han.

 

Utelukkar ikkje fleire kjøp

Ifølgje Journalisten skal Hegnar ha betalt nær 100 millionar kroner for ABC Startsiden. No utelukkar ikkje duoen ytterlegare oppkjøp.

– Me har ikkje planar no, nei, men om det dukkar opp noko fornuftig så gjer me det. Me haldt jo på i eit år med ABC Startsiden, seier Trygve Hegnar, medan sonen Jon Trygve legg til:

– Me er opne for alt, alltid, men me gjer sjeldan noko. Om nokon les dette og har gode idear, så er dørene alltid opne hos oss

Powered by Labrador CMS