Kenneth Dahling, dagleg leiar for dei tre bydelsavisene, Media Bergen-sjef Ove Grønnevik og Fanaposten-redaktør Ståle Melhus.

Første driftsår utan Schibsted i ryggen: Liten nedgang for Bydels­avisene Bergen

Stabile inntekter, men auka kostnadar, for Åsane Tidende, Fanaposten og Sydvesten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Den vesle avisa Fanaposten fekk i 2018 eit driftsresultat på 740.000 kroner, ned frå 829.000 kroner året før. Omsetnaden er òg ned med knappe 160.000 kroner.

Resultatet gir ein driftsmargin på 6,3 prosent, ned frå 7 prosent året før.

Etter å ha hatt ein kraftig nedgang i opplag frå 3.858 i 2016 til 3.585 i 2017, hadde Fanaposten i fjor ein liten opplagsvekst til 3.656.

– På kostnadssida har det auka litt på personalet, som til dømes organisk lønnsvekst. Det forverrar resultatet noko frå 2017 til 2018, seier dagleg leiar i Bydelsavisene i Bergen, Kenneth Dahling, til Medier24.

 

Stabile annonseinntekter

Åsane Tidende har snudd derimot snudd innteninga på 54.000 i 2017 til eit tap på 106.000 kroner. Det skjer samstundes som ein liten omsetnadsvekst på 200.000 kroner – til totalt 6,3 millionar kroner i 2018.

Avisa har opplevd nedgang i opplag dei siste åra, men held seg stabilt på rundt 1.400 som i 2017.

– Inntektene held seg stort sett stabilt både på abonnements- og annonsørsida, seier Dahling.

Sydvesten tapte 91.000 kroner på drifta i 2017, og heller ikkje i 2018 gjekk dei i pluss. Året resulterte i ein omsetnad på 4,2 millionar kroner, og eit driftsresultat på minus 40.000 kroner.

Sydvesten hadde eit markant fall i opplag frå 1.369 i 2017 til 1.194 i 2018.

No jobbar avisene for å auke brukarinntektene.

– Me har hatt eit par prosjekt gåande kor har investert litt for å auke lesarinntektene, seier Dahling.

 

Meir fridom utan Schibsted

Det gjeld både teknologi og journalistikk.

Kenneth Dahling, dagleg leiar for dei tre bydelsavisene, Media Bergen-sjef Ove Grønnevik og Fanaposten-redaktør Ståle Melhus.

– Me må få ei betre teknisk plattform. Og så må me byrja å freiste publikum med innhaldet vårt. Metodikken me jobbar etter er å gjere deler av innhaldet tilgjengeleg, seier han.

– Det er ein trend at folk er interessert i innhaldet – men me må få på plass enklare løysingar, som mange medium har komen lenger enn oss på. Fanaposten har komen lengst, men me har avgrensa midlar.

Inntil hausten 2017 eigde Schibsted 50 prosent av trioen, medan reklamegruppa Media Bergen eigde resten. Etter at mediegiganten selde seg ut er Media Bergen no eineeigar med selskapet Bydelsavisene Bergen – som igjen er eigd av Ove Grønnevik.

– Schibsted var litt passiv eigar i utgangspunktet, så store deler av dette prosjektet var mest forankra hos Media Bergen. Det er eigentleg berre det at eigarstrukturen er annleis. Praktisk er det ikkje så mykje annleis, men me har litt større fridom, seier han.

Tysdag presenterte Mediebyråforeningen Mediebarometeret for første tertial 2019, som viser ein negativ utvikling i reklamemarknaden – òg for dagspressa. Dei første fire månadane viser nemleg ein nedgang på ni prosent.

 

Trur på oppgang

Det har ikkje Dahling merka noko til. Med jamn omsetnad i annonsar, trur Dahling at avisene kan auke inntektene framover – om dei får knekt abonnementskoden.

– Det er spanande at lesarinntektene har ein kurve som går oppover. Me trur me har ei oppside om me klarar å halda stand på inntektene frå pressestøtte og annonsar. Eg trur me har ei god oppside på lesarinntekter framover, seier han.

I tillegg til redaktørane, har Åsane Tidende, Sydvesten og Fanaposten sysselsett høvesvis 2,5, 1 og 3 journalistar.

Medan Fanaposten i 2018 fekk 545.997 kroner i pressestøtte, tok både Åsane Tidende og Sydvesten imot 480.997 kroner kvar.

Powered by Labrador CMS