Magnus Bernhardsen og Frps stortingsrepresentant Jon Helgheim.

Debatt

Helgheim skal få meina kva han vil om kven som arbeider i TV 2 og OsloMet - når han er ute av Stortinget

«Då Framstegspartiet sat i regjering fekk dei ofte kritikk for å oppføra seg som om dei framleis var i opposisjon. No ser det ut til at stortingsrepresentantar for FrP oppfører seg som om dei ikkje er del av den lovgjevande forsamlinga», skriv Magnus Bernhardsen.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • MAGNUS BERNHARDSEN, skribent

Like etter midnatt laurdag 5. september skreiv stortingsrepresentant Jon Helgheim (FrP) frå Buskerud at Fredrik Græsvik i TV 2 dreiv med «fake news» då han rapporterte om at president Trump har oppmoda til å røysta ved vallokala i Nord-Carolina etter også å ha sendt inn røystesetel i posten.

Det er i seg sjølv problematisk at stortingsrepresentantar lyg om det ein journalist skriv, men endå verre er det at han oppmoda TV 2 om å fjerna Græsvik.

«Hva skal til for at @tv2nyhetene fjerner Fredrik Gresvik for å redde sin egen troverdighet?».

I ettertid hevdar Helgheim at han ikkje meinte det slik at Græsvik skulle få sparken, men i staden for dette:

«Når jeg skriver «fjerne Gresvik», så mener jeg ikke Græsvik bør få sparken. Jeg mener TV2 bør gjøre grep for å fjerne tvil rundt sin troverdighet i dekningen av amerikansk politikk.»

Helgheim meiner at det han har skrive skal forståast som at han berre vil ha eit meir truverdig TV 2. Eg trur ikkje ein kan lesa det annleis enn at han meiner Græsvik skal få andre oppgåver enn å dekkja USA. Om det berre var truverdet til TV 2 som opptok han burde han ikkje gjort det til eit spørsmål om ein enkeltjournalist. Og i alle høve: TV 2 driv etter ein konsesjonsavtale med staten, der verksemda deira vert regulert, mellom anna kva slags kompensasjon dei skal få for ålmennkringkastingsoppgåvene.

Som stortingsrepresentant har Helgheim makt over drifta av TV 2, og berre av den grunnen skal han og andre stortingsrepresentantar halda seg frå å prøva å styra det journalistiske arbeidet til TV 2.

Det er heller ikkje fyrste gong dei siste vekene at Jon Helgheim har bede arbeidsgjevarar om å rydda opp og ta grep fordi dei har medarbeidarar som ikkje meiner det same som han sjølv.

23. august kommenterte Helgheim ein tweet frå universitetslektor Anders Grydeland slik:

«Spørsmålet er vel om du burde ha lov til å jobbe på er universitet med disse holdningene. Jeg forventer at @OsloMet straks rydder opp!»

I Dagsavisen Fremtiden 27. august utdjupa Helgheim dette slik:

«– Grydeland spurte «Har du rett til å sutre?». Da spurte jeg tilbake om han burde ha lov til å jobbe på et universitet. Jeg har ingen mening om hvor han skal jobbe og jeg legger meg aldri opp i hvem universitetene ansetter, men universitetet burde rydde opp i slike holdninger, sier Helgheim.»

Han hevdar også at dette er eit døme på radikalisering ved universiteta (i Dagsavisen seier han «visse universitet», men korrigerer til «alle universitet» på Twitter 28. august). Nok ein gong er det slik at verksemda til universiteta og høgskulane er styrt av staten, og at Stortinget har ei stor innverknad på korleis rammevilkåra deira skal vera.

Denne gongen gjorde påstanden om at Græsvik fer med lygn og falske nyhende at journalisten logga av Twitter og deaktiverte profilen sin. Det er nok eit lite offer i den store samanhengen, men Græsvik har mista eit verktøy mange mediefolk vil seia er uunnverleg. Anders Grydeland har heller ikkje fått nokre negative konsekvensar av åtaket frå Helgheim. Likevel, dette verkar som at Helgheim flyttar fram brikkene sine i eit spel om å vingestekka akademikarar og journalistar slik at ytringsrommet deira vert mindre.

Jon Helgheim skal få meina kva han vil om kven som arbeider i TV 2 og på OsloMet når han er ute av Stortinget og ikkje lenger har makt over desse institusjonane.

Det vil framleis vera del av kulturkrigen mot journalistar og akademikarar, og han vil framleis ha like sviktande grunnlag for kritikken sin, men det vil ikkje lenger vera forsøk på maktmisbruk.

Powered by Labrador CMS