Søndag morgon oppdaga LO Media at dei var utsett for eit «ransomware»-angrep, som gjorde at dei fire nettavisene Fagbladet, FriFagbevegelse, HK-Nytt og Fontene gjekk ned.
Ved angrepet har det kome inn ei fil som har infisert og kryptert filer på serverane deira, opplyser dagleg leiar Tore Ryssdalsnes i LO Media.
Sidene kom opp igjen først seint måndag kveld.
– Me veit ikkje kven som sto bak, men i etterkant har det kome krav om løysepengar for å låse opp krypteringa, som vanleg er med slike løysepengevirus. Me sletta sjølvsagt kravet om løysepengar, og har brukt tida frå søndag morgon til å reinstallera backupar på dei serverane som var infiserte, seier han vidare.
– Ingen har vore inne på serverane, ingen data er på avvegar og ingen data er gått tapt. Det har likevel tatt tid å få systema opp igjen, då det er store datamengder som må reinstallerast, legg han til.
– Tysdag føremiddag reknar me med at dei andre systema skal vera oppe igjen. Me veit ikkje kven som står bak virusangrepet, men reknar det som svært truleg at viruset har kome inn gjennom ein link som er klikka på eller ei fil som er lasta ned, seier han.
Ryssdalsnes seier at dei vil melde det til politiet.