Pål W. Jørgensen, sportssjef i Fædrelandsvennen.

Sportssjefen i FVN:

– Eg trur lokalaviser kan bli litt servile overfor klubbar dei dekkjer tett

Pål W. Jørgensen i Fædrelandsvennen meiner det er viktig med eit kritisk blikk på lokalidretten. Han får støtte av Louise Samnøy i Østlands-Posten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg har opplevd journalistar som opptrer som heiagjeng, og som nærast beskyttar klubben dei skriv om. Verst var det på ein MK-kamp på byrjinga av 2000-talet då Lindesnes-journalisten ropte «kom igjen Gudan» idet laget gjekk til pause i ein cupkamp, seier Pål W. Jørgensen i Fædrelandsvennen til Medier24.

Jørgensen har ansvaret for «Fevennen» si sportsdekning, kor fotballklubben IK Start får mest spalteplass. Det var i podkasten «Fotballradioen» i november at Jørgensen så vidt adresserte utfordringane med å dekkje lokale idrettsklubbar kritisk – i forhold til riksaviser.

– Det er ei utfordring at mange av dei som jobbar i lokal- og regionaviser har eit tett forhold til klubben dei dekkjer. Eg trur ein kan bli litt servil, forsiktig og konfliktsky når ein er så tett på, og i miljøet dagleg, seier han til Medier24.

– Eg er oppteken av at me skal ha ei kritisk haldning til klubben me dekkjer, Start. Me skal stille dei kritiske spørsmåla, og er ikkje redd for å hamne i konflikt eller at dei tek styringa over vår journalistikk, legg han til.

Jørgensen får støtte av sportssjef i Østlands-Posten, Louise Samnøy. Ho har tidlegare jobba i VG, TV 2 Sporten og NRK, og måtte «omstille» seg som lokalavisjournalist då ho byrja i ØP.

– Eg må vere profesjonell i møtet med dei, samstundes som eg kjem tett på. Det var ei uvant rolle.

 

Forhold som surnar

Som lokalavisjournalist, kor ein ofte har ein dagleg kontakt med lokale idrettsklubbar og -organisasjonar, såg ho behovet for å ta ein ekstra runde med saker ho skulle skrive.

– Ein må tørre å stille dei vanskelege spørsmåla, men av og til må ein spør seg sjølv om det er naudsynt å lage mykje oppstyr. Ein må sjå kor viktig saka er, seier ho.

– Eg har opplevd det utfordrande på ein annan måte enn når du jobbar i eit riksmedium, fordi ein ønskjer eit godt forhold til klubben, legg ho til.

Jørgensen i Fædrelandsvennen er tydeleg på kva som er viktig som sportsjournalist i lokalavis.

– Det aller viktigaste er å vere redeleg og ikkje love deg bort eller gjere avtalar med klubb eller kjelder. Om du hamnar på den stien når du er tett på eit miljø, er det fort at kjeldene styrer deg, og at du dermed ikkje vert like fri. Det er viktig å vere så nøytral som mogleg, med ein kritisk brodd.

– Me har òg opplevd kjeldeforhold med personar i Start-miljøet surnar etter kritiske saker, og då gir dei saker til andre enn oss.

Samnøy i Østlands-Posten fortel òg om eit godt forhold til Larvik HK.

Louise Samnøy i Østlands-Posten.

– Redaksjonelt har me eit godt forhold til dei, og me har fått nyheiter, spelarsigneringar og økonominyheiter før andre. Men realiteten er lik – uansett om ein pyntar på det eller ei. Ved at dei har eit godt forhold til oss, så går det begge vegar. Eg ønskjer at dei kan stole på at deira saker vert framstilt riktig, seier ho.

– Kan eit slikt forhold påverke deira redaksjonelle linje?

– Nei, det opplever eg ikkje, seier ho.

 

– Ville kontrollere kven eg skulle snakke med 

I Larvik har Norges desidert beste handballklubb gjennom tidene, Larvik HK, gått frå å vera bokstaveleg talt uslåelege i norsk seriesamanheng, til å slita både sportsleg og økonomisk. Våren 2017 gjekk klubben på sitt første heimetap i serien etter 18 år og 15 dagar. Året seinare var dei nær å gå konkurs.

– Larvik HK har gjort det veldig bra i mange år, og slit no sportsleg og økonomisk. Då er me nøydd til å stille dei kritiske spørsmåla, seier Samnøy.

– Det er ikkje kjekt å ta dei samtalane når dei taper mot eit botnlag, men det hadde vore merkeleg om me ikkje hadde skrive om både det og ting som går på den økonomiske situasjonen.

Fotballklubben Fram Larvik har det likevel ikkje alltid vore like enkelt med.

– I sommar, til dømes, då Fram Larvik stilte opp med halv tropp på ein kamp, var det mange riksmedier som laga mykje oppstyr rundt det, medan me jo òg er nøydd til å forholda oss til klubben etter det. Ein må gi og ta litt.

– Enkelte i Fram Larvik hadde eit litt anstrengt forhold til oss i sommar og haust fordi dei meiner me hadde framstilt saker feil. Eg opplevde at enkelte nærast ville kontrollere kven eg skulle snakke med. Det er viktig å vere kritisk, samstundes må klubbane kjenne seg igjen i det me skriv, seier ho.

 

– Fordel for riksavisene

Fædrelandsvennen meiner i dag at Start er «relativt enkel» å forholda seg til, men slik har det ikkje alltid vore. I 2006 måtte eit heilt pressekorps stå skulerett framføre tidlegare Start-trenar Tom Nordlie som skjelte ut både Fædrelandsvennen, TV 2 og TV Sør.

Ifølgje Jørgensen var tidlegare Start-trenar Mons Ivar Mjelde ikkje like enkel å ha med å gjera.

Vidare meiner Jørgensen at moglege konfliktar kan skape barrierar for lokaljournalistar.

– Eg trur konfliktsituasjonar kan påverke journalistane. Det er i menneskets natur. Nokre toler det godt, og tykkjer det er den spenninga som gjer jobben gøy, medan andre reagerer negativt på det, og vert meir servile og kvir seg for å ta tak i ting ein kanskje burde ta tak i.

Han trur riksmedier har ein «enklare» jobb når dei skal gå inn i konkrete, kritiske, saker.

– Riksaviser er ofte inne ein kort periode, med eit falkeblikk på situasjon heller enn klubb. Av og til kan lokalaviser bli litt snevre, og dekke sak på sak, og så kan det ver me overser større problemstillingar. Det kan vere ein fordel for riksavisene. Samstundes er vår fordel at me er mykje tettare på, og får då fleire nyheitssaker.

Powered by Labrador CMS