Facebook-innlegget til NRK Rogaland til venstre og Øyvind Solstad, SoMe-sjef i Vy, til høgre.Skjermdump/Facebook og Privat
NRK bad om telefonnummer i Facebook-konkurranse: – Er de heilt frå vettet?
NRK Rogaland får krass kritikk for å ha bede følgjarane sine kommentera telefonnummeret sitt for å vinna cupfinalebillettar. No har dei endra innlegget.
«Vi deler ut fire billetter til cupfinalen mellom FKH og Viking. Legg igjen mobilnummeret ditt i kommentarfeltet, så kanskje Ingvill og Johan ringer deg på Lokalen i ettermiddag», skreiv NRK Rogaland i eit Facebook-innlegg onsdag.
Det fekk fleire til å reagera – mellom andre Øyvind Solstad, som er sjef for sosiale medium i Vy. Han er tidlegare sosiale medium-sjef i VG.
«Er dere helt fra vettet? Dere kan jo ikke ha en konkurranse der dere ber folk mobilnummeret sitt!», skriv Solstad.
Hakeslepp
– NRK av alle bør halda seg for god til slikt. Eg fekk heilt hakeslepp då eg såg det, seier Solstad til Medier24.
– Kvifor er dette så ille?
– Telefonnummer er privat informasjon. Sjølv om ein kan slå det opp i nummeropplysninga er det mange barn og ungdommar som ikkje er offentleg, seier Solstad.
Etter ein knapp time endra NRK Rogaland innlegget, sletta telefonnummera som låg ute offentleg og bad lesarane heller senda nummera i innboksen.
– Me såg reaksjonane som umiddelbart kom. Folk opplevde dette som deling av personleg informasjon. Det ynskja me ikkje å bidra til, så me endra på reglane og sletta det ganske så raskt, seier distriktsredaktør Ragnar Christensen i NRK Rogaland til Medier24.
«NRK, herregud. Her må dåke virkelig gå ein runde med SoMe-ansvarlige som trudde at dette var ein god ide», skriv ein Facebook-brukar i kommentarfeltet.
«Kanskje man skulle tatt en runde med markedsavdelingen og SoMe ansvarlig? Folk flest, som er litt oppdatert i dagens samfunn, er nok lure nok til å ikke gi fra seg telefonnummeret sitt. Det finnes mange gode måter å kjøre konkurranser på, men dette er ikke en av de», skriv ein annan.
– Dette var ikkje på noko måte vår intensjon, seier Christensen vidare.
– Tåpeleg
Solstad peiker vidare på svindelfare og moglegheita til å kople saman namn og nummer.
– Men det er frivillig om ein vil kommentera eller ei?
– Ja, men media, og iallfall ikkje NRK, skal ikkje bidra til at folk kan setja seg i potensielt farlege situasjonar. Det er allment kjent at svindlarar driv med innsamling av data – og telefonnummer blir brukt til både nettbankar og to-trinnsverfifisering.
Han seier vidare at det ikkje lenger er slik at eit telefonnummer kan delast ut til alle og ein kvar.
– Dette var ein utruleg tåpeleg måte å gjera det på. Dei kunne ha bede om å skrive andre ting, så kunne dei ha teke kontakt på Facebook.
NRK: – Gode innvendingar
Solstad viser konkrete døme på telefonnummer som ikkje er i nummeropplysinga, men som er lagt igjen i kommentarfeltet.
Christensen svarar slik på at det kan brukt i svindel:
– Det er gode innvendingar. Det var ikkje tenkt som noko anna enn eit kreativt forsøk på å få folk med i ei konkurranse til ettermiddagssendinga på NRK P1.