Skjalg Fjellheim, politisk redaktør Nordlys. Her under debatt på Svarte Natta 2019.

Nordlys-redaktør:

Skjalg Fjellheim ut mot NRK: – Dei må vakna opp. No lever dei i si eiga boble

Politisk redaktør i Nordlys reagerer sterkt på kor mykje NRK publiserer på Facebook. No vil rikskringkastaren evaluera korleis dei når ut til folk under koronakrisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det er veldig spesielt at NRK i krisetid i så massiv grad publiserer videoinnhald på Facebook. Dei burde i staden publisert det i norske medium. NRK er er den einaste mediekanalen som er fullstendig urørt av koronakrisa. Og dei har eit særskilt ansvar.

Det seier politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys til Medier24. Tysdag publiserte han ein aldri så liten alarm om norsk mediemangfald i ein kommentar på Nordnorsk Debatt, som er Nordlys' eiga debattflate.

Der går Fjellheim hardt ut mot NRK sin strategi på sosiale medium, samstundes som dei kommersielle mediehusa er i ein krisesituasjon som følgje av manglande annonseinntekter.

Skjalg Fjellheim i Nordlys.

«Her har vi altså å gjøre med et offentlig finansiert mediehus som både undergraver de andre mediene sin mulighet til å ta betalt for plussinnhold, og som samtidig kringkaster innholdet sitt, uten skrupler, hos den aktøren (Facebook) som har tappet norske mediehus for flest annonsekroner», skriv Fjellheim.

– I ferd med å mista kontakten

Han peiker konkret på fleire pressekonferansar i Tromsø denne veka som rikskringkastaren sende direkte på Facebook – i konkurranse med aktørar som nettopp Nordlys.

– NRK sender deg rett til Facebook, utan å gå om sine eigne plattformer. Når dei ikkje ein gong har eit NRK-filter i mellom er det nettopp dette Facebook ynskjer. Dei vil styrka si eiga annonsemakt gjennom at ulike aktørar publiserer direkte hos dei. Det er veldig tvilsamt at offentlege pengar vert sprøyta inn i Facebook i denne kritiske situasjonen norsk næringsliv er i. Dei har valt ein storstilt massiv publisering på Facebook, ein kanal som meir eller mindre har knust den norske annonsemarknaden.

– Legg ikkje de ut innhald på Facebook?

NRK Troms med direktesending på Facebook.

– Me gjer det, men det er pluss-innhald som tek lesaren inn i Nordlys-universet.

– Eg er stor tilhengjar av eit sterkt NRK. Dei er ein særdeles viktig institusjon og leirbål for oss alle, så når eg seier dette, seier eg det av kjærleik til NRK. Dei må vakna opp – dei lever i si eiga boble, og er i ferd med å mista kontakten med resten av den norske medieverkelegheita.

Fjellheim seier vidare at koronakrisa også har treft Nordlys hardt, og at dei opplever eit dramatisk fall i annonseinntektene.

 

Varslar evaluering

Nettsjef Hildegunn Soldal i NRK ber Medier24 senda spørsmål på e-post. I sitt svar skriv ho:

Nettsjef Hildegunn Amanda Soldal i NRK.

«I denne akutte krisesituasjonen har det vært en hovedprioritering for NRK å nå ut med kritisk informasjon til så mange som mulig. Derfor har vi også brukt alle tilgjengelige måter, publiseringsmuligheter og plattformer som et verktøy for å gjøre dette, med for eksempel direktesending av pressekonferenser. Men vi publiserer også alltid på egne plattformer, og tilbyr også alltid å dele disse direktestrømmene med alle andre medier om de ønsker det.»

No varslar ho at dei skal evaluera korleis dei når ut, og sjå nærare på korleis dei publiserer.

«Vi skal korrigere om vi gjør feil. NRK skal alltid være best på egne plattformer, og strategien vår er at Facebook og øvrige sosiale medier skal brukes til å lede publikum tilbake til NRK. Det skal som hovedregel ikke publiseres innhold eksklusivt på sosiale medier med mindre det er spesielle målgrupper vi utelukkende når på den måten», skriv ho vidare.

Meiner NRK deler raust

Mangfaldsredaktør Grethe Gynnhild-Johnsen i NRK har lese kommentaren til Fjellheim. I ein sms til Medier24 skriv ho at det er viktig at NRK deler raust med norske medium.

Redaktør for mediemangfald Grethe Gynnild-Johnsen i NRK.

«Lokalradioene får tilgang på lydstrømmer fra nasjonale viktige pressekonferanser, de får tilgang på Dagsnytt hver time og distriktsbulletiner hver time», skriv Johnsen.

Vidare skriv ho:

«Vi deler også videostrømmer fra pressekonferanser med alle norske redaktørstyrte medier som vil ha tilgang. Jeg snakker mye med redaktørkolleger landet rundt og vi bistår der vi kan. Vi er kjent med den ekstremt vanskelige situasjonen.»

Powered by Labrador CMS