F.v.: Mats Rønning, leiar av Presselosjen og Dagbladet si politisk avdeling, Eva Sannum, inntil nyleg Geelmuyden Kiese-partner og allmenta sin representant i Pressens Faglige Utvalg, og presseveteran Svein Egil Omdal.Ole Alexander Saue / Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix / Gard Michalsen
Leiar av Presselosjen: – Fabrikkering av sitat er ei journalistisk dødssynd
Mats Rønning i Dagbladet meiner avsløringane om VG kan svekkje tilliten til heile bransjen. Han får støtte av Sven Egil Omdal og Eva Sannum.
Onsdag kveld kunne TV 2 fortelje historia til kvinna på den mykje omtalte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan.
Den unge kvinna heiter Sofie, men vil ikkje identifiserast med etternamn. Ho går langt i å seie at VG-journalist Lars Joakim Skarvøy bevisst har brukt feilaktige sitat i si første framstilling av saka.
Mats Rønning, leiar av politisk avdeling i Dagbladet, og kollega av Skarvøy i Presselosjen – kor Rønning er styreleiar og Skarvøy kasserar – ser svært alvorleg på saka.
– Dersom det er sant at VG har fabrikkert sitat, så er det ei journalistisk dødssynd. Saka er svært alvorleg, og eigna til å svekkje truverdet til all journalistikk, og politisk journalistikk spesielt, seier Rønning til Medier24.
Torsdag kveld kunne Medier24 fortelje at kvinna frå VGs første Giske-avsløring òg følte seg misbrukt av VG og Lars Joakim Skarvøy då avisa i desember 2017 omtalte ein SMS ho hadde fått av Trond Giske i 2011.Alle intervjua i denne saka vart gjort før den artikkelen vart publisert.
– Ekstremt alvorleg
Rønning får støtte av presseveteran og mediekritikar Sven Egil Omdal.
– Saka ser jo veldig, veldig dårleg ut for VG slik det står no. Det nektar heller ikkje VG eller sjefredaktør Gard Steiro for. Han gjentok i går (onsdag, journ. anm.) at dei har gjort ein alvorleg feil, seier Omdal, og legg til:
– Det største problemet er at det styrkar ei oppfatning om at det er utbreitt at journalistar på førehand har bestemt seg for korleis saker skal vinklast, og så vrir dei fakta til at det passar med vinklinga. Denne saka kjem til å bli hugsa som eit ekstremt alvorleg døme på akkurat det. Slik sett får saka konsekvensar for heile pressa langt utover VG sitt omdømme, seier Omdal til Medier24.
Omdal har lang fartstid som journalist, redaktør og leiar av høvesvis Pressens Faglige Utvalg og Norsk Journalistlag. Han har arbeidd i Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Vårt Land.
– Giske vart stoppa av VG
Han kan ikkje hugse å ha sett liknande saker.
– Nei, eg kjem ikkje på noko konkret. Då måtte eg ha gått langt ned i arkiva, seier han. Eg kan ikkje hugse saker som har fått slike konsekvensar som dette. Uansett kva ein meiner om Giske og hans plass i Arbeidarpartiet er det ikkje tvil om at hans gryande comeback vart stoppa av VG si måte å handtere denne saka på, seier Omdal.
VG-journalist Lars Joakim Skarvøy er per dags dato kasserar i Presselosjen, kor det er årsmøte neste torsdag. Styreleiar Rønning ynskjer ikkje å kommentere Skarvøy si framtid der.
– Me har samarbeidd godt i den tida me har sete saman i styret. Det er ikkje naturleg at dette vert ei sak for Presselosjen. Slik eg ser det er dette eit forhold mellom Lars Joakim og VG og VG og kvinna som til TV 2 har fortald si historie, seier Rønning.
– Det er årsmøte neste veke, og der vil det bli vald styre for neste periode. Eg er innstilt på å samarbeide godt med dei som vert vald inn i det nye styret, legg han til.
– Trist at Sofie må rydde etter VG
Eva Sannum var inntil i haust allmenta sin representant i Pressens Faglige Utvalg, kor ho sat i 14 år. Ho er i tillegg nyleg avgått kreativ leiar i Geelmuyden Kiese. Ho trur VG si handtering av saka vert avgjerande for å vareta omdømmet.
– Om dette vil svekkje VG som nyheitsformidlar trur eg er meir avhengig av VG si handtering i etterkant. Dersom VG og Steiro no viser at dei tek dette på alvor, og går etter desse feila, trur eg skada kan avgrensast, seier ho.
Ho trur i likskap med Omdal at TV 2-avsløringa bidreg til å styrkje folk si oppfatning av media.
– Eg trur diverre denne saka, slik den vart, stadfestar mange folk si oppfatning av korleis denne typen saker vert til i pressa – at ein rett og slett hoppar bukk over etikken når ein vert for ivrig etter ei god sak, legg ho til.
Sannum meiner Sofie vert den verkelege helten i saka, når ho sjølv går ut i TV 2 og fortel si oppleving av møtet med Norges største avis.
– Eg er først og fremst imponert over ho. Det kostar mykje å gå ut i riksdekkjande media og gjere seg til hovudperson i ei så stor sak, med alt det styret det fører med seg. Ho såg seg tydelegvis til slutt nøydd til å ta dette ansvarleg som følgje av sine moralske forpliktingar. Det imponerer meg, men det er trist at ho måtte rydde opp etter VG sitt rot, seier ho.