– Ting er ikkje svart-kvitt, seier nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.
Onsdag arrangerte Oslo Journalistklubb, Oslo Redaktørforening og Kommunikasjonsforeningen debatt om maktforholdet mellom kjelder og journalistar under tittelen «Er de mektigste kildene blitt mektigere?»
Der stilte Solbrække til debatt med statssekretær Sveinung Rotevatn (V), leiar Mats Rønning av presselosjen og Dagbladet si politisk avdeling og Håkon Fenstad, assisterande kommunikasjonsdirektør i UDI. VGTV-journalist Håvard Kristoffersen Hansen leia samtalen.
– Viktige kjelder vert pakka inn med eit informasjonsapparat, og så kan ein diskutera om dette er positivt eller negativt, haldt Solbrække fram.
– Mange er redd journalistar
Ho fekk støtte av Rønning i Dagbladet.
– Utviklinga har vore både positiv og negativ på ulike måtar. Me opplever at ting går raskare, me må vera tidlegare på, og bruken av sosiale medium gjer at me må kasta oss rundt, sa han.
– Det har blitt enklare å få tak i folk enn det var. Før sat ein med telefonkatalog, ringde resepsjonen, og måtte ofte venta på folk i møte. Biletet er blanda. Det er lettare å få tak i folk som Sveinung enn før, sa han vidare.
Kommunikasjonsmedarbeidar Fenstad i UDI er oppteken av at offentlege etatar har haugavis med uerfarne kjelder. Han har likevel eit tips til sine medarbeidarar:
– Ver venlege og hjelpsame med journalistar. Det er viktig med eit godt forhold og vera til hjelp for dei. Det er viktig at det kjem fram når UDI gjer noko gale, sa han.
– I og med at me har 990 uerfarne kjelder, veit kanskje ikkje dei korleis dei skal uttrykka seg for å få fram bodskapen best mogleg. Det er det me som veit.
– Mange er redd journalistar, og anar ikkje kva dei skal gjera når det er ein journalist der.
Fyrer av e-postar høgt og lågt
Rotevatn i Venstre trur ikkje det tendensen med kommunikasjonsrådgjevarar er like stor i politikken.
– Det er ikkje ein eksplosjon i kommunikasjonsapparatet der, sa han.
Han trur derimot at politikarar har blitt meir tilgjengelege.
– Me har andre ting å gjera enn å svara journalist, fordi me får dei same spørsmåla av mange mediehus. Likevel trur eg heller det er fleire artiklar og intervju enn færre, sa han.
Panelet brukte også lengre tid på å diskutera skriftlege og munnlege svar, og kor viktig det er at politikarar stiller til intervju – munnleg. Rønning i Dagbladet meiner likevel at det er fordeler med med sms- og e-post-intervjua.
– Ein må bruka arsenalet av verkemiddel. Då nyheita om IS-kvinnene sprakk vil redaksjonane vera først ute med reaksjonar. Om alle intervju skal gjerast munnleg og sitatsjekkast – av dei me snakka med – ville me fortalt om reaksjonane først torsdag neste veka, sa Rønning, og la til:
– Då fyrer me av e-postar høgt og lågt. Og så sjekkar me sosiale medium. Det er slik me jobbar. Det finst gode og dårlege svar – både skriftleg og munnleg.
Meiner politikarane ikkje er verst
Han meiner politikarane langt frå er dei vanskelegaste å få tak i, og at «kommunikasjonsmuren» er større i næringslivet. Det var Rotevatn samd i.
– Eg veit ikkje om land der politikarane er meir tilgjengeleg for pressa enn i Norge, sa Rotevatn.
Solbrække i TV 2 meiner derimot det er eit stort problem når politikarar og apparatet deira vil lesa gjennom spørsmål på førehand.
– Ein del av den journalistikken er å vera i munnleg dialog. Det skadar potensielt begge partar om avstanden vert for stor, sa ho.
Han sa at han ikkje ofte ber om sitatsjekk, jo mindre han ikkje er komfortabel med journalisten eller avisa. Rotevatn meiner det er stor skilnad mellom riks- og lokalavisene.
– Eg ber relativt ofte om sitatsjekk frå lokalaviser, fordi dei ofte er fjernare frå sakene, og fordi det ofte er feil det dei spør om. Og om eg vil seia noko kontroversielt, og nyansane er viktig, ber eg også om sitatsjekk.
– Det er uvitne journalistar
Det kjenner Fenstad seg igjen i.
– Eg er tryggare med ei stor avis, som VG, for då veit eg at dei er proffe på etikken og reglane. Eg har hatt fleire samtalar med ein VG-journalist, der vedkommande spør om å intervjua først etter ein lengre samtale. Når lokalaviser ringer er eg meir usikker på om dei siterer meg frå eg seier «hallo» til «ha det». Der vil eg gi honnør til VG, sa han.
Han meiner kommunikasjonsmedarbeidarane er viktige når journalistane meiner dei har ei sak – basert på feil premiss.
– Det er journalistar som er uvitne, og trur dei har ei sak på, objektivt, heilt feil premiss. Då må me rydde opp i fakta, sa han.