Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i NRK og etikkredaktør Per Arne Kalbakk.

NRK-toppar i krisemøte onsdag: – Me burde informert kringkastings­sjefen

Onsdag var NRK-leiinga og kommunikasjonsavdelinga samla for å diskutere ei «kommunikasjonsutfordring» knytt til Folkeopplysningen-programmet om falske nyheiter.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag morgon sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK at han ikkje visste om metodebruken i Folkeopplysningen sitt «fake news»-program, kor dei i eit halvt år har publisert falske nyheiter retta mot Lillestrøm VGS for å påverke eit skuleval.

Eriksen vart først informert tysdag, dagen før prosjektet vart avslørt.

Det var eksternredaktør Petter Wallace, prosjektredaktør Jan Egil Ådland i eksternredaksjonen og etikkredaktør Per Arne Kalbakk som gjorde dei interne vurderingane om Folkeopplysningen sin metodebruk.

– I etterpåklokskapens lys vart det kanskje undervurdert kor mykje merksemd det skulle få, seier kringkastingssjef Eriksen til Medier24.

Per Arne Kalbakk og Petter Wallace erkjenner at sjefen burde ha vore orientert.

Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK.

Onsdag vart det halde møte hos NRK på Marienlyst kor dei diskuterte den interne informasjonsflyten, reaksjonane som kom onsdag – og etikkredaktør Kalbakk sin framferd i Dagsnytt 18 og på Dagsrevyen. Både Wallace, Ådland, Kalbakk, Eriksen og kommunikasjonsavdelinga var involvert, etter det Medier24 kjenner til.

 

– Kommunikasjonsutfordring

– Med tanke på kor sterke reaksjonar som kom, og kor høgt politisk dette gjekk, så er det lett å seie seg einig i at ja, me burde ha informert kringkastingssjefen, seier etikkredaktør Kalbakk til Medier24.

– Er det ei tilbakemelding du har fått frå Eriksen?

Eksternredaktør Petter Wallace i NRK.

– Ja, det er me samde om. Det er konklusjonen me trakk.

– Eg hadde litt andre planar som måtte utsetjast i går, men sånn er det nokre gongar, seier han vidare.

Eksternredaktør Wallace i NRK seier til Medier24 at det er umogleg å involvere kringkastingssjefen i alle produksjonar, men at han denne gong burde ha fått vita kva som føregjekk.

– Det er ingen tvil om at ein i etterpåklokskapens lys ser det ville vore betre om Eriksen var spesifikt orientert om metodane, seier han til Medier24.

– Me hadde kontakt med alle involverte i går. Me hadde ei kommunikasjonsutfordring, seier han.

 

– Ikkje svekkja tillit til redaktørane

Eriksen seier følgjande til Medier24:

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i NRK.

– Det var ein heilt normal prosess etter mi meining, som ikkje skil seg frå andre saker. Men det var meir merksemd, og det var mange politikarar på bana.

– Eg er ganske sikker på at eg ikkje kan vere inne i alle programavgjersler. Men som kringkastingssjef er eg ansvarleg redaktør på alt som vert sendt og det som vert publisert i NRK. Denne prosessen har ikkje svekkja min tillit til redaktørane i NRK over hovudet.

– Korleis hadde du reagert om du hadde fått vita om metodane tidlegare?

– Eg er ganske sikker på at eg hadde vore stor tilhengar av prosjektet, seier han.

– Er reaksjonane overdrivne?

– Eg ynskjer ikkje å karakterisera reaksjonane.

Powered by Labrador CMS