Esther Moe, redaktør i Suldalsposten.

Julepraten: Esther Moe

Vart klein av Sandberg-dekninga og meiner bransjen bør gå mindre i flokk

Redaktør i Suldalsposten, Esther Moe, tykkjer VG og NRK Rogaland lagde den beste journalistikken i 2018.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 har stilt dei same spørsmåla til fleire menneske i mediebransjen før jul. Dette er det Esther Moe, redaktør i Suldalsposten, svarte.  

– Kva gjer du i jula?

– Eg les, lagar mat, heng med familie, har tid til vener, kanskje blir det ein skogstur og to, samt at det nok også blir nokre rundar med Wordfeud. Og så må det nok bli litt skjerm. Fanny og Alexander er julefilmen over alle julefilmar for meg, men eg tar gjerne litt binge-glaning om eg treff den rette serien. Når det gjeld bok, er det akkurat nå Havboka av Morten Strøksnes og eg håpar at han skal gi meg eit møte med håkjerringa i løpet av romjula. Men eg skal også lesa oppatt Knausgårds En tid for alt.

– Når slappar du av og kva gjer du i så fall?

– Eg slappar av når eg kan, og best er det jo etter litt hard innsats. Post-deadline er ein nydeleg tilstand.

– Kva et de til jul?

– Pinnekjøt, røykt av far min er eit must julaftan. Førstedag lagar eg ribbe, og når andre dag kjem, er eg som regel så fysen på chili, at då blir det eitt eller anna eksotisk. Gjerne laga på grill ute. Men i år har eg slått kloa i eit kje-lår, og det aktar eg å gjera mitt beste med i løpet av jula. Med karamelliserte rosenkål og fløytegratinerte poteter til.

– Korleis summerer du opp medieåret 2018?

– Norsk politikk har vore heitt stoff i år, av fleire grunnar. Metoo-avsløringar rysta fleire parti, men med litt forskjellig konsekvens-tyngde. For Trond Giske enda det i avskjed som nestleiar, medan Venstre-leiar Trine Skei Grande, kom like heil frå si festhistorie.

– Eit Krf på leiting etter sjela, eller kanskje makta, gjorde også norsk politikk glovarm i haust. Det seier sitt når KrF-fylkesårsmøte blir dekte som om dei var VM-kvalikar... Elles er krenkt-reaksjonar stadig betre stoff; det er sikkert både enkelt og billig å klippa ut ein stykk djup indignasjon frå ein eller annan plattform og å spinna rundt det til klikka kjem. Kor mykje av samfunnsoppdraget det oppfyller, er ei anna sak.

– Kva mediesak(er) hugsar du?

– Dei overnemnde. Men 2018 blir nok ståande som det året Per Sandberg blei råka av Amors pil, og norsk presse berre ikkje kunne få nok av det.

– Kva vart årets flause?

– Eg synest dekninga av nemnde Sandberg-saka blei klein. For å seia det mildt. Putene måtte liggja lett tilgjengelege.

– Kven lagde den beste journalistikken?

– Kan eg heller få trekkja to fram saker eg har beundra og late meg imponera av dette året? Saka VG hadde nå i haust om kvinna frå Bodø som blei valdteken. Ufatteleg sterkt, djupt og grundig. Heile saka åndar av raus tidsbruk, respekt for mennesket og av kritisk blikk på makta.

– Eg må også trekkja fram NRK Rogaland, som lagde ei veldig god og opprørende sak om Mona Anita Espedals kamp for erstatning til seg og sine søsken etter ein barndom prega av vald og omsorgssvikt der det offentlege svikta frykteleg.

– Kva bransjeperson inspirerte deg i 2018?

– Eg blir veldig inspirert av hardtarbeidande, uredde og dyktige folk som gjer fint handverk. Dei er det heldigvis fleire av, men Gard L.Michaelsen er definitivt ein av dei. Og eg har sett han i svinga lenge før han gründa herverande avis. Han er inkarnasjonen av hardtarbeidande og har teften på plass.

– Og så er eg sjukt svak for pennen til Eivind Sæther som lagar gudbenåda portrett for DN.

– Kva bør bransjen gjer annleis i 2019?

– Gå mindre i flokk.

Powered by Labrador CMS