Til venstre Stord24-redaktør Jonas Sætre, til høgre medeigar og strategipartner Jostein Sydnes.

Stord24 lanserer alternativ betalingsmur – lar lesarane bestemme prisen

– Ein slags snill betalingsmur, seier redaktør Jonas Sætre til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Våren 2017 lanserte Jonas Sætre den heildigitale lokalavisa Stord24, og gjekk med det i direkte konkurranse med tradisjonsrike Sunnhordland.

No, knapt to år seinare, innser Sætre at dei er nøydd til å ta grep for å veksa.

– Me har kome fram til at me stadig er i ein oppstartsfase. Stord24 har eksistert i mindre enn to år, og me ynskjer ikkje å skremme vekk lesarane. Me følgjer med på kva andre nettaviser gjer når dei innfører betalingsmur. Me mistar ein stor del av lesarane når me skrur på ein fast betaligsmur, seier Sætre til Medier24.

 

– Betalingsviljen har snudd

Onsdag gjekk startskotet for den nye – og til no uprøvde – betalingsløysinga i norsk mediebransje.

– Det vert ein slags snill betalingsmur, der me ynskjer at lesarane sjølv kan bestemme kva dei vil betale for å lese oss. Slik held me på ein stor del av lesarane våre, seier han vidare.

– De risikerer jo at folk betalar 1 krone for full tilgang?

– Me håpar at folk ser at dei kan støtte oss med iallfall ein kaffikopp i månaden. Me trur litt på at me kan appellere til folk, slik at dei kan bedømme sjølv kor mykje dei er villig til å betale for journalistikken. Betalingsviljen for heildigitale aviser har snudd dei siste åra, og det er ei viss betalingsvilje til stades. Me håpar at folk ser det kostar å produsere god journalistikk, seier han.

 

Erik Wilberg, konsulent, medieforskar – og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.

– Avhengig av enkel betalingsløysing

Førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Erik Wilberg, er ekspert i medieøkonomi, og trur på den alternative løysinga til Stord24. Han har aldri høyrd om ei liknande løysing før.

– Eg ville nok vendt tommelen ned for eit par år sidan. Men ikkje no lenger. Eg trur ein er nøydd til å eksperimentere med nye modellar. Merkevara og relevansen deira avgjer om folk er villige til å betale, seier han.

Wilberg ser faren ved at lesarane sjølv kan bestemme kor mykje dei vil betale, og at Stord24 risikerer å sitje igjen med lesarar som ikkje betalar meir enn éi krone – totalt 12 kroner – årleg.

– Det er ein fare. Eg trur eg ville ha satsa på ein abonnementsmodell etter kvart. Ein er veldig avhengig av ei enkel betalingsløysing, og at ein ikkje må inn med bank-id og faenskap for å betale éi krone, seier han.

 

Må vareta sjølvstendet

Når Medier24 spør Sætre om dei risikerer å ende opp med «gjevarar», som ynskjer å støtte Stord24 med store summar for å hindre kritisk søkjelys, svarar han følgjande:

– Eigentleg tenkjer eg ikkje på et som ei utfordring. Me kan stille det same spørsmålet til annonsørar. Får dei ekstra spalteplass? Eg tenkjer det vert akkurat det same. Det er heilt uavhengig av den redaksjonelle dekninga av lokalsamfunnet, seier Sætre.

Sturle Rasmussen, Schibsted.

Wilberg meiner det kan bli ei problemstilling ein må augo opne for.

– Det er ei moglegheit at ein får sponsorar, som gir 20.000 i månaden for å støtte dekninga av lokalsamfunnet, men at dei ikkje vil ha noko negativt i retur. Då må ein ivareta det redaksjonelle sjølvstendet, seier han.

Sturle Rasmussen, direktør for Schibsted Norges lokalaviser, er positiv til den nye abonnementsmodellen til Stord24.

– Eg kjenner det ikkje i detalj, men eg tykkjer det er ein interessant måte å introdusere brukarbetaling på. Det liknar litt på det Correspondent i USA gjer. Eg trur det er smart for posisjonen i Stord24 er i, seier han.

 

Ikkje tru på mikrobetaling

I ei lang årrekkje har debatten gått om norske medier bør introdusere mikrobetaling, der lesarane kan betale for kvar enkelt artikkel. Det tykkjer ikkje Wilberg er ein god idé.

– Å ta betalt for enkeltartiklar har me forsøkt i 15 år. Det har vore eit problem, og det vil det stadig vere. Ingen har fått det til. Å finne ei god betalingsløysing er vanskeleg, seier han.

Stord24 har no tilsett sin andre journalist, Heidi Eikremsvik, på deltid, og har no ambisjonar om ytterlegare vekst.

– Om me skal veksa og byggja opp ein redaksjon, så klarar me oss ikkje med berre annonseinntekter. Samstundes vil me vere ei nettavis for mange. Me ser ulempene ved å skru på ein streng betalingsmur.

– Det kan vere det hadde gått fint forretningsmessig, men me tenkjer det er uheldig å miste ein så stor del av lesarane våre. Det er eit kompromiss mellom å vere gratis og å ta betalt, seier Sætre.

Powered by Labrador CMS