Statssekretør Rune Alstadsæter stadfestar at det vert brukt app-ar som Signal, som kan sletta meldingar automatisk.

Pressetopp ser raudt etter mogleg hemmelig kommunikasjon

Statssekretær stadfestar bruk av app-ar som kan sletta meldingar automatisk. Pressens offentlighetsutvalg krev at SMK tek tak i bruken av slike meldingstenester.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Me vil i det heile tatt åtvara sterkt mot å bruka slike plattformer, kor opplysningane blir umogeleg å dokumentera og etterprøva i etterkant. Det er heilt i strid med formåla med offentleglova og arkivlova, og det opnar opp for unødvendige spekulasjonar. Kva er det dei kommuniserer om som må haldast hemmelig? Kvifor må dei bruka ei kryptert teneste? Desse spørsmåla kan SMK dessverre ikkje svara på med truverd, fordi informasjonen som kan gje svara kan vera sletta for alltid

Det seier Trond Strand, leiar i Pressens Offentlighetsutvalg.

Han reagerer på at det vert brukt app-ar som kan sletta meldingar automatisk høgt i norsk embetsverk og blant politikarar.

Utgangspunktet for reaksjonane til Strand er det som vinter gjekk under namnet Molde-gate. Då storma det nemleg rundt Høgres forsøk på sverting av Oslo og ordførar Raymond Johansen.

Molde-ordfører Torgeir Dahl (H) gjekk i slutten av februar ut i VG og sa der at han var «lite imponert» over koronainnsatsen i Oslo. Det viste seg fort at før han kom med utspela hadde han hatt kontakt med Statsministerens kontor.

Vert nekta innsyn

Molde-ordføreren hadde fleire telefonsamtalar med statsministerens spinndoktor Peder W. Egseth (H).

Den fyrste kontakten skjedde berre nokre timar før intervjuet. Det var då Dahl som kontakta Egseth.

– Samtalen varte i fire minutt, og eg ba om hjelp til å komma i kontakt med nokon frå riksmedia, skreiv Dahl til media.

Det blei og utveksla SMS-ar, og Dahl snakka med Egseth tre gonger til dagen etter at intervjuet var blitt publisert.

Dahl hadde i tillegg to telefonsamtalar med statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) i Helse- og omsorgsdepartementet. Også desse samtalane fann stad etter at VG-intervjuet var publisert.

I notatet nemner Dahl og at han var i kontakt med Egseth i samband med at han deltok i Politisk kvarter på NRK 11. februar.

Saka har vekt stort oppstuss i ettertid og det har blitt stilt fleire spørsmålsteikn ved det politiske kommunikasjonsarbeidet i saken.

KOM24 har mellom anna forsøkt å finna ut om det har vore kontakt mellom Egseth og hans overordna Rune Alstadsæther, og har bedt om innsyn i all meldingskommunikasjon mellom statssekretærane Egseth og Alstadsæter i samband med sakene som omhandlar Torgeir Dahl, Frode Revhaug og Bård Ludvig Thorheim. Dette gjeld meldingar før, under og etter presseoppslaga og har ingen tidsavgrensing tilbake i tid.

Svaret frå Statsministerens kontor er at det ikkje har vore nokon meldingskommunikasjon mellom partane.

Rasar mot bruk av hemmelege app-ar

Statssekretær ved Statsministerens kontor (SMK), Rune Alstadsæter (H), stadfestar i ein SMS til KOM24 at dei brukar app-ar som Signal.

– Det stemmer nok at fleire statssekretærar har Signal, i likhet med millionar av menneske verda over. Det varierer nok kor mykje dei ulike folka brukar den, skriv han.

Han understrekar samstundes at det ikkje vart brukt Signal under Molde-gate.

På spørsmål frå KOM24 om meldingane på app-ar som Signal vert journalført, seier han at kommunikasjon mellom politisk leiing i departementa er underlagt offentleglova og arkivregelverket.

–Reglane er klokkeklare: Lova er teknologinøytral. Det gjeld uavhengig av om informasjonen vert sendt på SMS, Messenger, Signal eller anna, skriv han og legg til;

– Denne saka bygger ei svært spekulativ kopling mellom bruk av Signal og det KOM24 omtalar som Moldegate. Avisa har derimot ikkje dokumentasjon på ei slik kopling og eg har heller ikkje vore forelagt påstandar om slik kommunikasjon på Signal før KOM24 publiserte denne saka.

KOM24 er kjent med at krypterte app-ar vert brukt i utstrakt grad i kommunikasjonen mellom politikarar og journalistar.

Ansvarleg redaktør i KOM24, Erik Waatland stiller seg sterkt svært kritisk til det han meiner er manglande innsyn.

– Mine erfaringar med politikarar, både i posisjon og opposisjon, tilseier at bruk av krypterte app-ar er ikkje uvanleg. Difor reagerer eg kraftig på at offentlegheita vert frårøva moglegheita til å få innsyn i kommunikasjonen rundt ei viktig sak, seier ansvarleg redaktør i KOM24, Erik Waatland til si eiga avis.

Han seier at her er det openbart behov for meir openheit.

– Her har regjeringa moglegheita til å visa fram den openheita den har sagt den skal gjera ved fleire festtalar, seier han.

– Det er ein fullstendig uakseptabel praksis dersom det viser seg at viktig historisk kommunikasjon mellom regjeringsapparatet vert halden unna offentlegheita, held han fram og legg til:

– Dette må det bli slutt på, seier han.

Det er i utgangspunktet ikkje mogleg å klaga på eit endeleg avslag om innsyn frå SMK og då er Sivilombodsmannen einaste utveg. Det reagerer leiaren i Pressen offentlegutval, Tron Strand på.

Ikkje nøgd med ankemoglegheitene

– Me er ikkje nøgd med dei ankemoglegheitene som finst for hemmeleghald og ønskjer oss, i tråd med Arkivlovutvalet, eit uavhengig tilsyn for Arkiv og Offentleglova, seier han til KOM24.

Han peikar på at i realiteten stopper handsaminga av klager i eit departement.

– Ankemoglegheita er Kongen i statsråd, noko som viser seg å være umogleg å nå fram til. Det er dei som har avslått saka som legg fram saka. Det fører i realiteten til ingen endring av konklusjonar, seier Strand.

Det er mogleg å klaga til Sivilombodsmannen, peikar Strand på, men han seier det er eit embete med avgrensa ressursar og dei kan berre handsama eit fåtal saker.

– I realiteten er det ikkje ein klagemoglegheit alle vil kunne nytta seg av, dermed så er klagemoglegheitene for få. Ein slepp unna med halda ting hemmeleg for klagemoglegheitene er for dårleg, meiner han.

– Er det noko de antek eller veit?

– Dette veit me, seier han.

– Trur du det vert spekulert i det?

– Det veit eg ikkje, det kan eg ikkje spekulera i. Men me ser at Offentleglova i mange tilfelle vert undergraven og ikkje vert tatt omsyn til i det offentlige. Det er eit relevant spørsmål å stilla, men me kan ikkje dokumentera at det vert spekulert i det. Men me veit at Offentleglova vert undergraven, det det kan slå fast med to strekar under, seier han.

– Stolar ikkje nødvendigvis på SMK

Strand reagerer kraftig på bruken av tenester som Signal i det offentlege. Han meiner SMK bør opplysa om kor omfattande denne bruken har vore, kva retningslinjer dei har for det og om desse er i tråd med krava i offentliglova, arkivlova og arkivforskrifta.

– Ofte er det ikkje opplagt om ei tekstmelding er eit dokument som det kan vera knytta innsynsrett til, og det er først mogleg å få avklart det ved ei klagehandsaming. Når statssekretærane nyttar seg av plattformer som opnar for automatisk og endelig sletting av meldingar, blir det umogleg for pressa og ålmenta å be om innsyn og få ei reell vurdering av det, peikar han på og seier det er det er all grunn til å åtvara mot at den vurderinga av om noko er eit dokument berre skal vera opp til den enkelte.

– Det er dessverre også slik at me ikkje nødvendigvis stolar på SMKs vurderingar i slike tilfelle. I saka med Molde-ordføraren nekta SMK til dømes innsyn i tekstmeldingar på eit, i våre auge, sviktande grunnlag, peikar Strand på.

Powered by Labrador CMS