Faktisk.no brukte MDG-vara som ekspertkjelde i fakta­sjekk om fjerning av parkerings­plassar i Oslo

I oktober konkluderte Faktisk.no med «faktisk ikkje helt sikkert» om Nettavisens sak om at det er blitt 500.000 færre fotgjengarar på Karl Johan. – Eg er ikkje aktiv i politikken, svarer Erling Dokk Holm.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Byrådet fjernet p-plassene: En halv million mennesker er borte fra Karl Johan», skreiv Nettavisen 24. september.

Tre veker seinare, 18. oktober, konkluderte Faktisk.no med at det faktisk ikkje er heilt sikkert.

«Det er ikke nødvendigvis en årsakssammenheng mellom færre parkeringsplasser og færre personer i sentrum, sier førsteamanuensis Erling Dokk Holm ved Høyskolen Kristiania til Faktisk.no», står det i saka.

I ein grundig gjennomgang har faktasjekkarane intervjua desse personane:

  • Bjørnar Sølvik-Jensen i Bymiljøetaten
  • Dagleg leiar Bjørn Næss i Oslo Handelsstandsforening
  • Erling Dokk Holm ved Høyskolen Kristiania
  • Sepideh Majidzadeh, marketing manager i DIBS

Den einaste av dei fire som ikkje er part i saka er Erling Dokk Holm ved Høyskolen Kristiania. Det Faktisk.no ikkje opplyser om, er at Dokk Holm var på 56.-plass på bystyrelista til Miljøpartiet dei Grøne i Oslo 2015.

Det får Erik Stephansen i Nettavisen til å reagere: 

Nyheitsredaktør Erik Stephansen i Nettavisen.

– Dette har me registrert, og me meiner det har ein viss underhaldningsverdi at Faktisk.no går til ein MDG-politikar som uavhengig ekspert i ei slik sak, seier nyheitsredaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, til Medier24.

– Det er underleg. Det er vanskeleg å vite om Faktisk.no visste om det eller om dei ikkje visste om det, legg han til.

– Burde dei ha visst det?

– Sjølvsagt burde dei det.

 

– Ikkje aktiv

Dokk Holm er blant landets fremste ekspertar på byplanlegging, og skriv med jamne mellomrom kommentarar for Aftenposten. Han vert òg hyppig nytta som ekspert for andre medium om byplanlegging.

Sjølv avviser han at han er aktiv politikar.

Erling Dokk Holm.

– Eg er ikkje aktiv i politikken. Du kan sjekke ut kva eg har gitt av offentlege råd. Eg har ein ganske stor record på kva eg har sagt og skrive, kva eg er engasjert i og kva eg driv med, seier han.

– Det første eg skreiv i Dagens Næringsliv etter at dei gjorde eit godt val for fire år sidan var at MDG burde samarbeide med Høgre. Eg er oppteken av miljø og miljøpolitikk, og har alltid stemt på sentrumsparti som fremjar det perspektivet, seier han.

Dokk Holm opplyser at han har stilt som vara to gongar, og at han ikkje har søkt om attval.

 

– Ikkje klar over det

Faktisk.no-redaktør Kristoffer Egeberg fortel til Medier24 at dei ikkje visste at Dokk Holm var «listefyll» for MDG i Oslo.

– Eg var ikkje klar over det, nei. Det er klart at så langt det er relevant bør me opplyse om roller. Det plar me gjera, seier han.

– Me kontakta han fordi han er kanskje Norges mest anerkjente ekspert på byplanlegging. Det er i kraft av sitt yrke han er relevant i denne saka.

Han legg til:

– Dette er ting me godt kunne opplyst om. Difor vert det oppdatert no – slik me alltid gjer dersom det dukkar opp nye opplysningar i faktasjekkane våre.

Powered by Labrador CMS