Norges største nynorskavis søker etter ein journalist som kan vere med å styrke digitalposisjonen til avisa. Ein journalist som brenn for å lage saker som engasjerer lesarane. I Firda får du jobbe tett på dyktige menneske i ei bedrift som aldri sluttar å utvikle seg.
Firda held til i Førde og er lokalavis for ti kommunar i Sogn og Fjordane. Samla når avisa 35.000 lesarar gjennom mobil, nett og papiravis kvar dag. No er dei på utkikk etter å tilsetje ein ny dyktig digitaljournalist, og håpar at den rette søker så fort som mogleg.
- Vi har lyst til å tilsetje ein journalist som vil lage saker som engasjerer abonnentane våre i Sunnfjord, og som interesserer seg for å lage stoff på nye og spennande måtar, seier ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen.
Han og utviklingsredaktør Marie Havnen ser fram til å få ein ny kollega inn i teamet.
Direktesending og mobil først
Pedersen fortel at ein journalist i Firda får jobbe på fleire plattformer og at ein må jobbe med fleire stoffområde.
-Vi ser etter ein journalist som i hovudsak jobbar på nett, mobil og sosiale medium, og som også kan arbeide med video og streaming.
Søkaren må vere flink å skrive og god i nynorsk, men Pedersen er tydeleg på at ein ikkje treng å oppfylle alle krava til kunnskap og erfaring. Ein ting er viktigare enn alt anna:
-Vilje og evne til å lære er det aller viktigaste. Då kjem ein langt, understrekar Pedersen.
Vil treffe yngre lesarar
Å spisse satsinga på yngre lesarar er noko Firda er opptatt av, og det er derfor viktig at deira nye digitaljournalist klarer å treffe denne målgruppa. Utviklingsredaktør Marie Havnen håpar på mange søkarar til stillinga.
-Vi er ein redaksjon som står på og som har bestemt oss for å bli endå betre. Vi jobbar turnus frå tidleg morgon til sein kveld alle dagar i året. Vi er ei mediebedrift i omstilling som allereie har komme ganske langt og som kjem til å vere i kontinuerlig endring for å gi abonnentane godt innhald, seier Havnen.
Mykje godt humør
-Her er det veldig kjekt å jobbe, og ein får prøvd seg på så mykje forskjellig. Det er rett og slett ingen dagar som er like, seier Havnen og legg til at dei tilsette er varierte både med tanke på alder og erfaring.
Ho legg vekt på at den nye journalisten må vere nysgjerrig på korleis ein kan fortelje dei gode og engasjerande historiene på nye, spennade måtar digitalt.
-Vi har det kjekt på jobb og har eit godt miljø, der folk tek vare på kvarandre. Vi lærer kvarandre ulike ting, og hjelper kvarandre til å utvikle oss vidare, seier Havnen som oppmodar aktuelle kandidatar om å ta kontakt og å søke stillinga.