Petro.no-redaktør Glenn Stangeland.

Petro.no-redaktør meiner konkurrent kopierer saker: – Pissar på jobben eg gjer

Glenn Stangeland har sett seg lei av at Upstream skriv same innsynssakene berre timar etter dei sjølv har publisert. Redaktør Eoin O'Cinneide avviser kritikken.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det var i ei statusoppdatering på LinkedIn at Petro.no-redaktør Glenn Stangeland gjekk i strupen på konkurrenten Upstream, som er eigd av Dagens Næringsliv sitt morselskap NHST.

«Den totale mangelen på klasse når Upstream leser våre saker, hiver seg rundt og søker innsyn i samme dokumentene som vi har funnet og begjært innsyn i, oversetter store deler av vår tekst og publiserer uten henvisning. Systematisk», skreiv Stangeland.

Overfor Medier24 utdjupar han:

– Eg reagerer på at Upstream ikkje anerkjenner jobben me gjer i å finne dokument, søkje innsyn, vente – og produsere sakene.

 

Sat på dokumentet i ei dryg veke

Det var ein artikkel måndag som fekk det til å koke over for Stangeland. Klokka 06 publiserte Petro.no saka «Forbereder gjenåpning av Oselvar – kan produsere i fem år til». Under tre timar seinare publiserer Upstream saka «DNO looks to reopen Oselvar» (bak mur).

– Saka er utelukkande basert på eit dokument som er sendt i april og har lege i postlistene i lang tid. Eg kom over det då eg jobba med å oppdatere vår database for framtidige feltutviklingar, søkte og fekk innsyn og sat på dokumentet i ei dryg veke før eg laga nyheita, seier han til Medier24.

Petro.no-redaktør Glenn Stangeland.

Då Upstream først publiserte saka, var det utan kreditering av Petro.no. Det vart først lagt inn på eit seinare tidspunkt. Nettredaktør Eoin O'Cinneide seier til Medier24 at han ikkje kjenner til når krediteringa vart lagt inn, men at den var der då underteikna tok kontakt.

– Det kan jo vere dei hadde innsyn i same dokument?

– Det kan godt vere at dei har mange innsynssaker liggande, og alltid sit og ventar på at me skal publisere først. Då er det fair play. Då rugar dei på mange gode nyheitssaker.

 

Upstream: – Ikkje riktig

Stangeland meiner Upstream har gjort liknande over fleire år.

– Dei analyserer kvar saka vår kjem frå, søkjer innsyn og skriv saka som om den var deira eiga. Eg forstår ikkje kvifor dei gjer det. Det har lite påverknad på både lesartal og økonomi, så det einaste dei gjer er å pisse på jobben eg gjer som journalist. Difor vert deg forbanna. I tillegg undergrev dei eigen jobb.

Aker BP-plattformen Valhall.

O'Cinneide avviser alle påstandane overfor Medier24.

– Det er beint fram ikkje riktig, skriv han til Medier24 i ein e-post om skuldingane i LinkedIn-statusen til Stangeland. Les heile hans tilsvar nedst i saka.

Han held fram:

– For å svare på skuldingane om at me ikkje krediterer: når eg går gjennom arkivet er det 12 krediteringar til Petro.no i Upstream-artiklar i 2019 åleine.

Stangeland viser til tre andre konkrete dømer:

  • Den 1. april publiserte Petro.no denne saka, basert på eit innsynskrav. To dagar etter følgjer Upstream opp med denne saka, med kreditering i fjerde avsnitt. 
  • Den 8. mai publiserte Petro.no denne saka, basert på opplysningar frå ein 12 dagar gamal kvartalsrapport frå Aker BP. Nokre timar seinare følgjer Upstream opp med ei tilsvarande sak, utan kreditering.
  • Den 11. juni publiserte Petro.no denne saka, basert på eit ope dokument dei fant via postlister. Tre timar seinare følgde Upstream opp med denne saka, utan å kreditere.

– Me lenkjer ikkje til andre

O'Cienneide skriv i ein e-post til Medier24 at enkelte saker kan mangle kreditering som følgje av ubevisste feil, men at dei som regel er opptekne av kreditering.

– I fire av sakene du sende har me kreditering til Petro.no i to av dei, skriv han.

– Men den kom på eit seinare tidspunkt, eller?

– Eg veit ikkje om det var lagt til då saka først var publisert, eller like etter, og i så fall kor snart etter. Men det var det iallfall då du sende det til meg, svarar O'Cienneide.

I tillegg er dei bevisste på å ikkje djuplenkje til andre nettsider sine artiklar. 

– Det gjer me bevisst ikkje, og me ventar heller ikkje at andre medium gjer det med oss. Ei kreditering er nok, seier han.

Svar frå Eoin O’Cinneide, nettredaktør i Upstream:

«Ja, Petro.no får tak i norske dokument som dei baserer nokre av sakene sine på. Dersom Petro.no var den opphavlege kjelda til ei sak, kan òg Upstream få tak i desse dokumenta og, rettferdig nok, gi ei kreditering til Petro.no.

Sjølvsagt er det mogleg at me i nokre isolerte høver rett og slett gløymde å gi ei slik kreditering når det ville vore rettkomen. Men det at me krediterer så ofte som nemnt over (12 gongar so langt i år, journ. anm.), burde vere ein indikasjon på at dette berre skjer som eit resultat av ein genuin tabbe.

Når det gjeld skuldingane om at me omset store deler av Petro.no sine saker, så er ikkje dette berre usant, det er òg ei krenkjande skulding. Upstream sine journalistar, både i Norge og internasjonalt, er godt kjent i bransjen og treng ikkje å ty til omsetjing av andre medium sine saker.

Det kan vere andre dømer der Petro.no har rapportert ei sak først, basert på opne dokument. Under slike omstende kan det ikkje vere slik at andre medium vert forhindra i å dekkje saka berre fordi eit anna medium skreiv om det først.

Eit døme er Aker BP/Aerfugl 2-saka du refererte til. Dette vart informert om i Aker BP sin første kvartalsrapport. Rapporten vart først dekkja av ein journalist som ikkje dekkjer dette for oss regelmessig, og dermed var ikkje det aspektet på radaren hans. Det vart difor seinare plukka opp av ein Upstream-journalist som dekkjer den norske marknaden.

(…)

Alle som kjenner, og les, Upstream er klar over at skuldingane om at me bevisst nyttar oss av andre sin saker uten kreditering, er feil. Våre journalistar jobbar veldig hardt for å gi ei så god nyheitsdekning av olje- og gassektoren som dei kan, og det gjer dei gjennom sitt eige harde arbeid.»

Det er ein praksis Stangeland ikkje støttar.

– Me ynsker å vere rause når me siterer andre medium. For oss betyr det tydeleg kreditering tidleg i brødteksten. Med lenkje. Det handlar om respekt for konkurrentar sitt arbeid, seier han.

Powered by Labrador CMS