Energi24 og redaktør Glenn Stangeland.

Petro.no blir Energi24: – Men å kutta olje-annonsørar ville vore sjølv­mord

Petro.no gjer som Equinor og bytar namn. – Det er denne vegen bransjen går, og då et det naturleg å følgja på, seier redaktør Glenn Stangeland.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I helga blei olje- og gassavisa Petro.no til Energi24, og forklarar det med dei store endringane i bransjen som krev ein reinare energiproduksjon.

– De brukar same argumentasjon som Equinor?

– Me må vera så ærlege at me er litt prisgitt kva andre aktørar gjer, med vår storleik. Me er inne i ei rørsle der Equinor er stjerneeksempelet. I tillegg har til dømes Lundin gått frå Lundin Petroleum til Lundin Energi. Det er denne vegen bransjen me dekkjer går, og då et det naturleg å følgja på, seier gründer og redaktør Glenn Stangeland til Medier24.

Johan Sverdrup er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel.

– Parallellen til Equinor er der, då dei er premissleverandøren her til lands. Om me vil det eller ei, så følgjer alle etter, seier han.

Dåverande Statoil byta namn til Equinor våren 2018.

 

Sterk vekst

Petro.no hadde i 2019 ein omsetnad på om lag 8,5 millionar kroner, og fekk eit driftsresultat på rundt 1,2 millionar kroner. Det er kraftig opp frå året før, då dei omsette for 4,8 millionar kroner med dryge 400.000 kroner i pluss.

Stangeland forklarar veksten med konferansar, men at dei må gjera mediebiten meir robøst før dei tør tilsetja fleire journalistar.

 

– Ikkje råd til masse analysar

Han har tru på at lesarane vil følgja med over frå Petro til Energi24.

– Det står att å sjå, men mitt inntrykk er at trafikken er ganske stabil, då dei som les oss på nett er relativt trufaste. Eg trur det er innhaldet, og ikkje merkenamnet, som avgjer om folk les oss.

– Me har ikkje råd til masse analysar om korleis dette slår ut, så me får prøva og feila, men eg er ikkje veldig redd. Det kokar ned til kva saker me leverer, og det blir ganske likt som før – i tillegg til nye forretningsområde i industrien, seier han.

 

The Guardian kuttar alle annonsar frå olje- og energisektoren.

– Symbolsk frå The Guardian

Førre veke melde NTB at den britiske storavisa The Guardian forbyr reklame frå selskap som driv med olje og gass. Sidan følgde norske Naturpress opp, og oppmoda norske medium til å droppa fossile annonsørar.

Det har ikkje Stangeland og gjengen tenkt til å gjera.

– Om me hadde vore så dumme, ville det vore det mest effektive sjølvmordet i norsk pressehistorie, så det avstår me frå. Så får Aftenposten og Aftonbladet gjera kva dei vil, men me er avhengig av at dei annonserer hos oss, seier han lattermildt.

– Kva tenkjer du om at aviser tek eit slikt grep?

Slik promoterte Afteposten Equinor sin annonsepodkast hos Forklart i sosiale medium i fjor haust.

– Norge har bestemt seg for å vinna ut olje og gass, AS Norge har eit politiske ynskjer og økonomisk interesse av å vinna ut olje og gass, og då tenkjer eg det er ei legitimitet for bransjen der. Det blir ei symbolhandling for. The Guardian. Skal du bli kvitt olje og gass, må du komma opp med noko som er konkurransedyktig og som utkonkurrer det på pris. Det nyttar ikkje med annonseboikott frå aviser.

– Kanskje det blir meir igjen til dykk?

– Det har eg ingen tru på. Me kan håpa, seier Stangeland.

Han held fram:

– Eg blir sjokkert om nokon norske, store medium tek same grep. For The Guardian har det ein relativt låg kostnad, fordi dei har sikkert relativt få slike annonsar, men for ei avis med store inntekter frå det ville det vore vanskelegare. Schibsted må jo ha enorme inntekter frå Equinor no, så om dei gjer det er dei tøffare enn eg trur dei er. Om valet svir, vil du då ta det? Det er lett om det kostar det 100.000 eller 200.000 kroner, men om det set forretningsmodellen din i spel vil eg sjå dei som tør gjera det.

 

Powered by Labrador CMS