Ellen Arnstad utelukkar ikkje ein retur til mediebransjen. No er ho likevel i si eiga boble som administrerande direktør i X Meeting Point, og ynskjer ikkje i å spekulere i kva som kunne lokka ho tilbake til bransjen.Ole Alexander Saue
Tidlegare Se og Hør-sjef:
I sin nye jobb har Ellen Arnstad husa både Barack Obama og bokse-EM. Ho utelukkar ikkje retur til mediebransjen
– Eg såg det ikkje kome at eg skulle inn i hotellbransjen, seier tidlegare Se og Hør-redaktør Ellen Arnstad. Denne veka husa ho over hundre redaktørar på haustmøtet til Norsk Redaktørforening.
– Eg har ikkje lenger den 24/7-redaktørrolla, med det ansvaret ein har, og at ein aldri veit når det dukkar opp ei vanskeleg sak eller må på direktesending på Dagsrevyen – som eg har gjort mange gongar.
Slik summerer opp Ellen Arnstad dei største skilnadane mellom tilværet som redaktør og hotellsjef.
Måndag og tysdag denne veka var Ellen Arnstad vert for gamle kjente. Den tidlegare Se og Hør-redaktøren og styremedlem i Norsk Redaktørforening (NR) er no administrerande direktør i X Meeting Point, som var staden for NR sitt haustmøte.
– Samlinga betydde mykje for meg
Eit knapt halvår etter at ho annonserte sin avgang frå Se og Hør, i januar 2017, signerte ho sin nye arbeidsavtale. Sjølv hadde ikkje Arnstad røynsle frå hotellbransjen.
Likevel meiner ho at ho har fått skapt ein innhaldsrik arena, som tidlegare i haust tok imot Barack Obama, i regi av Oslo Business Forum.
– På haustmøtet til NR fekk eg tilbakemeldingar på at eg har klart å skape noko, seier Arnstad.
– Eg såg det ikkje kome at eg skulle inn i hotellbransjen. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere i min jobbkarriere nummer to, men då dette prosjektet kom susande inn frå sidelinja, og dei norske eigarane som står bak ynskja meg inn i stillinga, var eg først usikker. Men eg vart overtydd. Dei skulle jobbe fram ein x-faktor, og ville fylle dette huset med opplevingar og innhald, seier Arnstad.
Og no fekk ho stolt vist fram «universet» sitt for norske redaktørar som var samla for sitt årlege haustmøte. Det vart ei spesiell oppleving for Arnstad.
– Dette vart ei historisk samling – som betydde mykje for meg – med tanke på avskjeden til Harald Stanghelle, etter ni år som styreleiar – og gjennom heile perioden eg var styremedlem. At dette skjedde her, kor eg er administrerande direktør, og ynskjer å byggje ei merkevare, er veldig likt medielivet mitt. Det var noko annleis, seier ho, og legg til:
– Me fekk takka Harald av på ein veldig fin måte.
Arnstad var tilknyt Aller frå ho byrja i Bladet Allers i 1989. Sidan var ho med på å starte motemagasinet Henne, og har har i tillegg hatt ei rekkje redaktørstillingar innad i Aller Media. Ho har òg arbeidd som journalist i Akers Avis/Groruddalen, Norsk Ukeblad, Billedbladet NÅ og som frilansjournalist i TVNorge.
– Ein veit aldri kva som skjer
– Saknar du mediebransjen?
– Eg har heldt til livet mitt, frå eg var 19 år, i mediebransjen. Eg merka det, då alle mine tidlegare gode kollegaer var her, at eg sakna menneska. Det er det ikkje tvil om. Samstundes ser eg at eg kan bruke mykje av medierøynsla, kreativiteten og gründerskapen min her. Det er mange ulike faggrupper i dette universet – hotell, restaurantar, kurs- og konferansesenter og eventhallar som skal fyllast med aktivitetar og innhald. Alle faggruppene skal fungere i dette saumlause universet, seier ho.
– Kan du sjå føre deg ein retur til bransjen?
– Det var det veldig mange som spurte meg om på haustmøtet. Eg har komen fram til at det ikkje finst eit klart nei. Ein veit jo aldri. Det kjem mange endringar, med nye konstellasjonar. Kven skal leike med kven, og korleis vil biletet sjå ut framover? Det veit ein aldri, seier Arnstad.
– Stadig utfordringar i toppleiarsjiktet
Stadig her ho oppteken av kvinnerepresentasjon på toppleiarnivå i norsk mediebransje.
– Det gleda hjarta mitt då eg såg tre kvinnelege sjefredaktørar bli intervjua på scena. Eg har i periodane eg sat i NR-styret arbeidd mykje med rekruttering av kvinnelege toppleiarar.
– Utfordringane knyt til kvinnerekruttering er der stadig i toppleiarsjiktet. Der har NR, mediehus og toppsjefar enno gjere ein jobb. Det går for seint. Om me held fram i denne farta vil me ha ein noko lunde balanse i 2060. Det må stadig snakkast om, det må teljast, visast tal og fokuserast på dei tinga som må gjerast. Kvinner må sjåast av dei som må sjå dei, som stadig er mange menn med makt. Kvinner må våge det spranget frå mellomleiarposisjon til toppleiarposisjon. Men vert du ikkje spurt, er det ikkje enkelt å ta stilling til det heller.
No er det likevel X Meeting Point og hotelldrift som opptek 53-åringen. Ho beskriv arbeidet som ei «danseboble», dreg parallellar til Skal vi Danse-deltakinga i 2009, og ser ikkje føre seg kva jobb som kunne freista ho tilbake til bransjen.
Mail frå Secret Service
Berre til no har konferansesenteret husa Ole Einar Bjørndalen sin siste fest som idrettsutøvar, bokse-EM og Obama.
– Når me summerer opp X Meeting Point sidan opning 1. august i fjor så har me hatt meir enn 800 arrangement. Det er eg ganske stolt av. Me har eit fantastisk team med mange fagfolk, seier Arnstad.
– Med Obama-besøket var det større, meir krevjande og lærerikt. Me hadde Secret Service på besøk, og i ettertid fekk me mail frå ein leiar der. Det er konfidensialitet rundt det, men dei var nøgd med samarbeidet, legg ho til.
I si tid som medieleiar opplevde Arnstad fundamentale digitale endringar i både media og korleis ein kommuniserer. No ynskjer ho å løfte fram den fysiske kommunikasjonen.
– I ein digital tidsalder der mykje skjer på skjermar, og kommunikasjon ikkje alltid skjer face to face, er fysiske møtestader vert viktigare og viktigare. Der kan me bidra. Norsk Redaktørforening har lang tradisjon for å møtast for å dele kompetanse. Det var òg hyggjeleg at kulturministeren kom, seier ho vidare.
Søndagsturar og høgtlesing
Ho får likevel tid til å slappe av, den travle hotelldirektøren. Når siste jobbmail for dagen er svara på, går tida stort sett til familielivet.
– Eg les veldig mykje bøker for dotter mi. Og så er eg på dansetevlingar med sonen min, som er elitedansar. Eg koplar veldig ut når eg kan sitje i ein dansehall frå morgon til kveld ei helg. Og så går eg søndagsturar med dotter mi kvar søndag, seier ho.
– Kortid eg er ferdig for dagen kjem jo an på kor mykje trykk og aktivitet det er. Det er veldig opp og ned. Eg kan stadig sitje til midnatt og jobbe og svare på mailar. Men eg treng ikkje vakne opp og tenkje på kva som skjer, og om det kjem ein vanskeleg telefon frå dykk eller andre, seier Arnstad.