Artikkelen, som var open for abonnentar, var eit kampreferat, inkludert intervju, etter oppgjeret mellom Sandefjord Håndball og Nøtterøy.
– Usikker på om dette bidreg til tillit
Det som ikkje kom fram av artikkelen, er at Dahle er dagleg leiar i Sandefjord Hadnball.
– Først og fremst tykkjer eg det er uryddig. Artikkelen er forma ut som ein artikkel og publisert under nyheiter, seier generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund til Medier24.
– Slik eg ser det er det ein innsendt tekst frå nokon tilknytt Sandefjord Handball. Dermed burde teksten blitt publisert under ei anna fane. Eg er usikker på om denne typen saker bidreg til tillit og truverd, legg ho til.
Ho tykkjer det er rart at det ikkje kjem klart fram kven forfattaren er og kva tilknyting han har til handballklubben.
Etter at Medier24 tok kontakt vart saka opna for alle, og Dahle si stilling lagt inn i byline.
Floberghagen peiker vidare på punkt 2.2 og 2.3 i Ver Varsam-plakaten:
2.2. Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.
2.3. Ver open om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for korleis publikum oppfattar det journalistiske innhaldet.
– Skal ikkje vera panegyrisk
Sjefredaktør Steinar Ulrichsen i Sandefjords Blad seier til Medier24 at dei har slutta å dekkja klubben som følgje av dårlege lesartal, og at dei er nøydd til å prioritera. Han påpiker at det ikkje er dei sjølv som har bede han om å «gjera jobben» for dei.
Vidare tek han sjølvkritikk på artikkelen som vart publisert.
– Det me har gjort, og som me kan diskutera om er nok, er å å merkja saka som «Innsendt», seier Ulrichsen, og legg til:
– Men han er dagleg leiar i klubben, og det burde det ha stått i byline.
– De tykkjer det er heilt ok å publisera kampreferat, skriven av ein av aktørane, sjølv om det er merka?
– Eg kan tenkja litt over det. Det er eit litt nytt område, men me har tenkt til no at så lenge det er merka som innsendt, og ikkje vanleg redaksjonelt stoff, så er det greit. Eit krav er at det ikkje skal vera panegyrisk og rosande sjølvomtale.
Artikkelen skulle derimot ikkje vore plussa, seier Ulrichsen. Det skjedde som følgje av ein feil på desken, og er no retta opp i.
– Ikkje ordinær nyheitsartikkel
Floberghagen i Presseforbundet seier at artikkelen kunne vore publisert som innlegg og tydlegare merking.
– Og då må ein gjera det utan dei redaksjonelle verkemidla slik at det ser ut som ein ordinær nyheitsratikkel, for det er det ikkje, legg ho til.
– Det er nok mange aviser som tek imot innsendt stoff, frå område dei ikkje har kapasitet til å dekkja, men ein må vera open om kva det er for noko, seier Floberghagen.