Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund, Josimar-redaktør Håvard Melnæs og administrerande direktør Per Brikt Olsen i Fagpressen.

Ber Elin Floberg­hagen ta Josimar til PFU – igjen. No vurderer ho det

Norsk Presseforbund sin generalsekretær vurderer å bruka initiativretten for første gang sidan ho tiltrådte i 2017. – Håpar det skjer, seier Fagpressen-direktør.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det har storma rundt Josimar sidan dei for ei veke sidan offentleggjorde namnet på ei anonym kjelde etter at vedkommande klaga fotballtidsskriftet inn til Pressens Faglige Utvalg og fekk dei felt på eitt punkt i Ver Varsam-plakaten.

Den anonyme kjelda var generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund. Klaga gjaldt opplysingar knytt til eit møte mellom OBOS-sjef Daniel K. Siraj og tidlegare kommersiell direktør Erik Loe i NFF, omtalt i kvinnefotball-spesialen frå juni 2019. 

– Fortener å bli behandla

Josimar er medlem av utgivarorganisasjonen Fagpressen. No ber administrerande direktør Per Brikt Olsen i Fagpressen om at generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund nyttar initiativretten og dreg Josimar inn for PFU.

– Me ventar og ser Presseforbundet si vidare behandling av saka, og håpar generalsekretæren nyttar initiativretten slik at saka vert behandla i PFU. Fagpressen meiner saka er prinsipiell og fortener å bli behandla, seier Olsen til Medier24.

Administrerande direktør Per Brikt Olsen i Fagpressen.

Fagpressen eig ti prosent av Norsk Presseforbund, og Brikt Olsen sit i styret i NP.

Josimar avslørte først Bjerketvedt i sitt tilsvar til PFU, før dei etter den lukka behandlinga offentleggjorde alle PFU-dokumenta på sine nettsider.

NFF har ikkje bestemt seg

Floberghagen seier til Medier24 at ho vurderer å bruka initiativretten, men at ho ikkje har endeleg bestemt seg.

– Det som talar for er at det er ein farleg veg å gå at nokon sår tvil om at kjeldevernet er absolutt. Media sin tilgang til informasjon kvilar på at det ikkje skal er tvil om at løfter vert halde, og at kjelder ikkje vert blåst, seier ho til Medier24.

Ho har aldri før brukt initiativretten. Norsk Presseforbund skal diskutera saka på neste styremøte, 19. juni, seier ho til Medier24. Om saka hamnar hos PFU, vil bli avgjort før den tid, legg ho til.

Generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund.

Generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund har enno ikkje teke stilling til om han vil klaga bladet inn for PFU.

– Ufråvikeleg prinsipp

Også Fagpressen sitt styre vil diskutera saka i etterkant av ei eventuell PFU-behandling.

– Er dette ei sak som kan føra til ekskludering av Josimar?

– Det viktigaste kriteriet for å bli medlem er å følgja Ver Varsam-plakaten. Medium bryt PFU, og ein vert ikkje ekskludert for det. Men om dei meiner dette er ålreit, og uttrykker at det ikkje er viktig å forholda seg til presseetikken, må det bli eit tema, seier Olsen vidare.

Josimar-redaktør Håvard Melnæs.

Han seier at Fagpressen er opptekne av, og følgjer med på, debatten om Josimar-saka.

– For ein presseorganisasjon som Fagpressen er presseetikken og kjeldevernet eit ufråvikeleg prinsipp som er grunnleggjande viktig. Det har me vedtektsfesta, legg Olsen til.

Powered by Labrador CMS