Erik Johansen i NTB. Her like før han legg avgårde til Stortinget ein fin vårdag i april.

VIDEO:

Slutt på trafik­kø og parkerings­trøbbel: NTB med elektrisk «rykke­sykkel»

Til sommaren blir det truleg kamp om NTB sin ferske elsykkel når fotografane skal på tur. – God investering for NTB, seier vaktsjef og fotograf Erik Johansen i NTB Scanpix.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I februar fekk NTB levert sin ferske elektriske lastesykkel som fotografane skal bruka på rykk i Oslo sentrum og kringliggjande område.

Nyheitsbyrået har fått 10.000 i støtte frå Oslo kommune for den elektriske sykkelen, som skal ha kosta rundt 70.000 kroner totalt.

– På grunn av tilbakemeldingar frå fotografane om kor vanskeleg det er å parkere og køyre bil i byen har me no skaffa oss ein elektrisk lastesykkel, seier vaktsjef og fotograf i NTB Scanpix, Erik Johansen, til Medier24.

 

Erik Johansen i NTB. Her like før han legg av garde til Stortinget ein fin vårdag i april.

Slepp trafikk og kaos

Han tek oss med ned i garasjen på Havnelageret ein solfylt morgon i april og viser oss deira nye elsykkel som skal frakte Scanpix-fotografane rundt i Oslo sentrum på finvêrsdagar.

– Bilkø i samband med trafikkulukker kan òg skape utfordringar for fotografane våre. Difor ville me ha ein sykkel som er solid og som har god kvalitet. Det trur eg me har fått, seier Johansen.

– Det er ei god investering for NTB. Me ser verdien av at ein kan kome seg rundt med utstyret samstundes som ein slepp trafikk og kaos, seier han vidare.

 

– Litt trening

Erik Johansen i NTB. Her like før han legg av garde til Stortinget ein fin vårdag i april.

Sykkelen fraktar dei frå kontoret på Havnelageret til Stortinget på 5-6 minuttar, og har oppnår ei fart på 25 kilometer i timen, som er grensa for elektriske syklar i Norge.

– Ein minimerer risikoen for å stå fast i trafikk og å finne parkeringsplassar. Nokre gonger er det minuttar og sekund som avgjer om du får teke biletet du treng, seier Johansen.

– Er det litt trening òg?

– Litt trening er det. Men poenget med å kjøpe ein slik sykkel er at ein skal koma fram til ein stad eller møte utan å bli gjennomsveitt fordi ein har sykla raskt. Me dekkjer ein del ting på Slottet mellom anna. Der er det vanskeleg å parkere, seier Johansen.

 

Kan få fleire

No er han førebudd på kamp om sykkelen når finvêret for alvor kjem.

– Eg trur den vil bli brukt relativt mykje. Det må me nok kanskje organisere på eit vis, og bestemme kva jobbar den skal brukast på, seier han vidare.

– Kan det bli fleire?

Erik Johansen i NTB. Her like før han legg av garde til Stortinget ein fin vårdag i april.

– Ja. Me har ikkje lagt ein stor plan rundt det, men dersom den vert mykje brukt, tenkjer eg at ein må vurdere å kjøpe ein til på sikt. Denne sykkelen er hovudsakleg for fotografar no, men dei jobbar gjerne i team med journalist, så då er det nærliggjande å skaffe ein elsykkel for journalist også.

 

Miljøgevinst

Johansen legg til at ein motivasjonsfaktor for at NTB ynskja ein el-lastesykkel var for å bidra til eit betre miljø.

– Sykkelen vil spare oss for å ta mange småturar med bil rundt i Oslo sentrum, seier Johansen.

– Det var hyggeleg å få innvilga tilskot for kjøp av el-lastesykkel etter å ha søkt Oslo kommune si tilskotsordning, seier han.

Powered by Labrador CMS