Mathias Fischer snakkar med pressa på sin første dag som statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Mathias Fischer får kritikk for «PR til politikk»-overgang: – Forstår reaksjonane

– Men denne typen svingdør-problematikk skapar usikkerheit, seier Eivind Trædal i MDG. Fersk statssekretær Mathias Fischer avviser å ha drive lobbyverksemd i TRY Råd.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag blei det kjent at tidlegare kommentator i Bergens Tidende og TV 2 at Mathias Fischer blir statssekretær for statsråd Sveinung Rotevatn i Klima- og miljødepartementet.

Medier24 kunne fredag fortelja om Fischer si kundeliste i TRY. Politikar Eivind Trædal i Miljøpartiet dei Grøne er kritisk til «svingdør»-overgangen, og stiller mellom anna spørsmål om kva oppdrag han har gjort for både NHO og Norsk Vind.

– Personleg ynskjer eg at me skal få bygga ut meir vindkraft i Noreg, innanfor strenge rammer. Frå min ståstad er det då uheldig at Fischer har hatt Norsk Vind på si kundeliste, seier Trædal, og legg til:

– Også NHO er ein mektig aktør i klimadebatten. Problemet er at me ikkje veit sikkert kva Fischer har hjelpt dei – eller Norsk Vind – med, seier han vidare.

Se intervju med Mathias Fischer her: 

Vil vurdera habilitet

Til Medier24 svarar Fischer slik på kva han har gjort for dei ulike selskapa:

– For NHO har eg vore med på å utarbeida ein kampanjefilm i sosiale medium i samband med årskonferansen deira, og for Norsk Vind har eg skrive tekstar for nettsida deira i samband med store klimakampanjen, seier Fischer.

Stavanger Aftenblad skreiv torsdag om den omstridde reklamevideoen som Forbrukertilsynet har fått 68 førespurnader om. Meldingane dreier seg om både tips og formelle klager, skriv avisa.

– Har du gjort habilitetsvurderingar knytt til Norsk Vind?

Statsråd Sveinung Rotevatn (V) i Klima- og miljødepartementet.

– Vindkraftkonsesjonssøknadar blir handla i Olje- og energidepartementet, og ikkje Klima- og miljøverndepartementet. Dukkar det opp vindkraftsaker på vårt bord, tek eg ei vurdering på det.

Fischer avviser å ha drive lobbyverksemd for TRY.

– Eg har gitt nokre råd om politikk og mest om kommunikasjon, seier han.

Fekk tilbodet torsdag

Fischer kjenner Rotevatn frå deira tid i Unge Venstre saman. Dei har halde kontakten sidan då, seier Fischer.

På spørsmål om kvifor han har takka ja til jobben, svarte han:

– Det er få ting som kan vera meir givande enn å jobba med klima for å redusera klimagassutsleppa. Det er den største utfordringa som Noreg og verda står overfor. Når du blir spurt av Trine Skei Grande om å bidra til å jobba med konkret for å oppnå resultat på det feltet, seier ein ja.

Trine Skei Grande.

– Så Trine tok kontakt?

– Det har vore kontakt med fleire.

– Når fekk du tilbodet?

– I løpet av gårsdagen (torsdag, journ. anm.).

– Kva vurderingar gjorde du då knytt til habilitet?

– Vurderingar knytt til habilitet blir gjort i enkeltsaker, og det kan eg ikkje seia noko generelt om no. Eg forstår at nokon reagerer på at eg går frå PR-bransjen til politikken. Eg har opne kundelister, dei er lagt fram, men eg vil gjera noko som er givande og verdifullt – som er jobben eg kan gjera her.

– Enklare å ta telefonen om TRY ringer

Trædal seier til Medier24 at Fischer sitt band til PR-bransjen også kan bli eit problem.

– Gata mellom PR og politikk bør vera lite trafikkert og einvegskøyrd. Det er den diverre ikkje.

Eivind Trædal i Miljøpartiet dei Grøne.

– Kanskje det blir lettare å ta telefonen når ein gammal kollega frå TRY ringer, versus ein ordførar frå Nord-Norge? Enkel psykologi tilseier at det ofte blir slik.

– Det er ingen tvil om hans kvalifikasjonar. Men denne typen svingdør-problematikk skapar usikkerheit om kven som får snarvegen inn til makta, og kven som ikkje får det.

Har meld seg inn i Venstre

Til det svarar Fischer:

– Eg tek telefonane uansett. Eg forstår at folk reagerer, og har full respekt for det. No må ein opparbeide seg tillit, og det har eg full respekt for.

– Ba departementet om kundelista di?

– Eg sa uoppmoda at eg skulle levera den.

– Har du meldt deg inn i Venstre?

– Ja, og skreiv opp Trine Skei Grande som vervar.

– Skal du byrja å gå med hornbrille igjen?

– Akkurat no ser eg litt dårleg, fordi eg har teke dei av meg for høvet. Eg tenkte det ikkje ville sjå så bra ut om eg kom labbande bak Sveinung med nesten heilt like brille.

Skei Grande-kritikk

Fredag skreiv NRK om Fischer sin kritikk av Venstre og partileiar Trine Skei Grande. Det tek vestlendingen med knusande ro.

– Det trur eg går fint. Dette er Venstre. Det har vore mykje usemje og mange diskusjonar og openheit om kva ein meiner. Eg har sagt mitt i mi rolle som kommentator, og det trur eg Trine Skei Grande, Abid Raja og alle i Venstre har full respekt for.

Mathias Fischer snakkar med pressa på sin første dag som statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

– Kva tek du med deg frå jobben som kommentator?

– Eg trur det er utruleg nyttig å ha ein annan bakgrunn i regjeringsapparatet, og eg har brukt tida mi på å forstå og analysera dynamikken internt i partiet.

– Kva tek du med deg frå PR-jobben?

– Etter berre ei veke i TRY merka eg at det er godt å vera tettare på privat næringsliv og vanleg, ordinære mellomstore bedrifter med sine utfordringar. Og så har eg blitt optimist på klimasaka sine vegne.

– Folk har no sin bakgrunn

Statsråd Rotevatn seier til Medier24 at det er viktig med openheit rundt bindingar.

– Folk har no sin bakgrunn frå sitt profesjonelle liv, anten dei kjem frå eit PR-byrå eller interesseorganisasjon. Det viktigaste er at du i ditt virke som embetsmann her klarar å vera profesjonell og ha openheit rundt din bakgrunn. Dersom du har særlege interesser som tilseier at du er inhabil, så er du det.

– Kvifor henta du Mathias Fischer?

Statsråd Sveinung Rotevatn (V) i Klima- og miljødepartementet.

– Eg kjenner Mathias frå då han var aktiv i Unge Venstre, og kjenner han som ein svært dyktig politikar. Etter det har han vore journalist og òg vore kort innom kommunikasjonsbransjen, og gjort ein god jobb der. Eg er ikkje i tvil om at han vil gjera ein god jobb som statssekretær òg.

– Kva tek han med seg frå sine tidlegare jobbar som blir nyttig for deg?

– Det er veldig nyttig for meg å ha ein statssekretær som tek ting kjapt, og som har jobba mykje med politikk før. Og òg ein som forstår media, og det å henvenda seg til folk.

Powered by Labrador CMS