Jens Kihl, kommentator i Bergens Tidende, og tidlegare journalist i Klassekampen.

Jens Kihl åtvarar mot sentralisering av IJ: – Om det ikkje er øydelagt, må det då reparerast?

Institutt for Journalistikk skal før sommaren 2019 avgjere om dei blir med i «Pressens Hus» i Oslo. Det er Jens Kihl sterkt kritisk til.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag føremiddag skreiv Medier24 at Institutt for Journalistikk (IJ) skal avgjere før sommaren om dei skal bli med i «Pressens Hus»-prosjektet, som vil bety ei samlokalisering i Oslo sentrum.

Det er kommentator i Bergens Tidende, og leiar i Bergen Journalistlag, Jens Kihl, sterkt kritisk til.

– Veldig mykje av infrastrukturen i norsk journalistikk er desentralisert. Me har høgskule- og universitetsutdanningar med sterke fagmiljø utanfor Oslo, til dømes i Bergen og Volda. Institutt for Journalistikk er eit godt døme på det same. Det er utruleg viktig å halda på den strukturen, og at ein tenkjer høgt og godt om journalistikk andre stander enn i Oslo, seier han til Medier24.

– Kvar ein ser verda frå, påverkar kva ein ser

At IJ er med i utgreiingsarbeidet har vore kjent lenge, men dei sterkaste reaksjonane mot prosjektet er at Norsk Journalistlag skal flytte inn under same tak som arbeidsgjevarar.

IJ er per i dag den einaste organisasjonen, som er med på prosjektet, som ikkje held til i Oslo frå før.

– Eg trur, heilt oppriktig, at kvar ein ser verda frå, påverkar kva ein ser. Dette gjeld for meg, som er journalist på Vestlandet, men òg for ein institusjon som IJ. Mitt klare inntrykk i dag er at IJ i dag leverer svært god kompetansepåfyll for journalistar. Eg kjenner mange som kjem begeistra der frå, og som har hatt gode dagar i Fredrikstad, held Kihl fram, og føyer til:

– Om det ikkje er øydelagt, må det då reparerast?

– Togturen er leveleg

Leiar ved Institutt for Journalistikk, Eivind Fjellstad, meiner Kihl har gode poeng om desentralisering av fagmiljø, men tykkjer ikkje det er like relevant for nettopp IJ.

– I utgangspunktet er eg einig i at det er ynskjeleg med desentraliserte journalistiske fagmiljø i Norge. Men om det er relevant for IJ si flytting til Oslo er eg meir usikker på. Me er desentraliserte – og er ute så mykje me kan, seier Fjellstad til Medier24.

– Me vil òg få tilgang til eit fagmiljø i Pressens Hus og lettare tilgang til fagmiljø i Oslo, som allereie bidreg til IJ. Det vert enklare for fagpersonar i Oslo å stille opp for oss, legg han til.

Kihl meiner på si side at den dryge timen med tog ikkje er av stor betydning.

Leiar for Institutt for Journalistikk (IJ), Eivind Fjellstad.

– Den reisevegen frå Oslo til Fredrikstad, med tog, svarar til tida det tek å kome seg til jobb i Oslo om morgonen frå mange stader like utanfor Oslo. Det er ikkje verre enn at det er leveleg – dersom IJ er gode nok, seier BT-kommentatoren.

Ifølgje Fjellstad vil det kome langvegsfarande kundar til nytte.

– Det er riktig at det tek om lag 70 minuttar med tog – og omtrent det same med bil, men ha i bakhovudet at det ofte kjem i tillegg til ei flyreise til Oslo. Dei fleste av våre kursdeltakarar kjem langvegsfrå, og landar på Gardermoen. Det vil spare både tid og pengar, seier han, og påpeiker:

– Men det er ikkje det viktigaste poenget eller argumentet i denne diskusjonen.

– Viktig at organisasjonane står samla, seier IJ

Når Medier24 påpeiker overfor Kihl at mesteparten av kursa til IJ vert halden ute på besøk hos dei ulike mediene, og at konsekvensane kanskje ikkje blir så store som ein kan frykte, svarar han:

– Kanskje ikkje, men det er heller ikkje eit argument for å flytte til Oslo. Mitt inntrykk, som sagt, er at IJ løyser sitt oppdrag på ein god måte. Då landar me igjen på spørsmålet om kvifor skal ein då flytte til Oslo?

– Og den tanken om at ein må vere ein del av eit fagmiljø forstår eg at ein kan kjenne på. Men med den tanken er det i praksis umogleg å leggje ting andre stander enn i Oslo sentrum. Slik kan me ikkje tenkje om infrastruktur om journalistikken, legg Kihl til.

IJ-leiaren meiner dei er tent ved å flytte nærare både kundane og eigarane sine.

– Eg har forståing for spørsmålet, men om me ser i glaskula, gjer me vurderingar på kvar det er best for IJ å liggje om 5-10-15-20 år. Det er viktig for mediene at organisasjonane står samla. Me er eigd av NJ, NR og MBL. Når dei går saman med andre spanande fagmiljø – som er våre kundar – og legg seg geografisk tettare på, er det vanskeleg å sjå at me vil halde same status i Fredrikstad, og ikkje i Oslo, seier Fjellstad. Det er på alle moglege måtar eit spanande mediemiljø i Fredrikstad, men det er større i Oslo, seier Fjellstad.

Han legg til:

– Det finst veldig gode argument for å flytte, men og gode argument for å ikkje flytte.

Powered by Labrador CMS