Styreleiar Eirik Hoff Lysholm i Norsk Presseforbund og Josimar-redaktør Håvard Melnæs.
Ole Alexander Saue
Styret i Presseforbundet: Josimar-saka kan få konsekvensar for PFU
Styret i Norsk Presseforbund har gjort eit vedtak som kan skapa endringar for Pressens Faglige Utvalg i kjølvatnet av Josimar-saka.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Fredag diskuterte styret i Norsk Presseforbund den mykje omtalte «Josimar-saka».
Bakteppet er at redaktør Håvard Melnæs blåste generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund som kjelde etter at han klaga dei inn til PFU for å ha publisert informasjon han sjølv var anonym kjelde til. I tillegg refererte Melnæs frå den lukka PFU-behandlinga.
– Ut frå diskusjonen i styret er det ingen tvil om at medlemmene er bekymra når me her opplever at ein publikasjon bryt kjeldevernet, og heller ikkje respekterer saksbehandlinga og spelereglane i sjølvdømmeordninga. Me har difor diskutert ganske bredt alvoret i Josimar-saka, og ikkje minst korleis me skal kunne handtera denne type problemstillingar dersom dei oppstår att, seier styreleiar Eirik Hoff Lysholm til Medier24.
Dei har no fatta eit styrevedtak om at arbeidsutvalet skal vurdera behovet for justeringar av PFU sine vedtekter og saksbehandlingsreglar.
– Styret har brukt tid på å diskutera forholdet mellom NP og medlemmene. Her må ein hugsa at det er Fagpressen og ikkje Josimar som er medlem i Presseforbundet. Me trur det er lurt at me brukar denne saka til å sjå litt grundigare på korleis me skal handtera slike problemstillingar. Dette skal me gjera i eit møte i arbeidsutvalet rett over sommaren, som utelukkande skal dreia seg om konsekvensane av Josimar-saka.
Torsdag blei det kjent at generalsekretær Elin Floberghagen i Presseforbundet brukar initiativretten for å få Josimar-saka behandla i PFU.
– Eg er glad for at generalsekretæren brukar initiativretten til å få saka inn for PFU, slik at saka sine presseetiske sider vert behandla der den skal, seier Hoff Lysholm.