Fædrelandsvennen-bygget og Einar Øgrey Brandsdal.

Gründermillionær på kjelde­jakt tilbyr Fevennen-­journalistar 500.000 kroner for innside­informasjon

– Det er ei kjeldejakt me meiner er heilt uhøyrd. Me har aldri opplevd liknande tidlegare, seier nyheitsredaktør Jonas Mjaaland i Fædrelandsvennen til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

«Dusør på en halv million kroner gis bort ved oppklaring av e-post saken! »

Slik startar eit innlegg på den omstridde Facebook-sida «Sørlandsnyhetene», som i lang tid har fått kritikk for å publisere tekstar med anonym avsendar. Denne teksten er signert administrator Einar Øgrey Brandsdal.

Debattkaos

Han viser til artikkelen «Nekter for rolle i Sørlandsnyhetene – konfrontert med feilsendt e-post» i Fædrelandsvennen, kor avisa konfronterer lokalpolitikar Svein Harald Mosvold Knudsen med e-postar og internkommunikasjon som kan tolkast som at han har bidrege for Sørlandsnyhetene.

Netthandelmillionæren, som står bak mellom anna Netthandelen.no og Blivakker,  meiner avisa driv heksejakt på Mosvold Knudsen, som står på lista til Tverrpolitisk Folkeliste i Kristiansand.

E-postane vart offentleg tema då styreleiar i Cultiva, Kjersti Løken Stavrum, under ein debatt om debattklimaet i Kristiansand tok opp ein feilsendt e-post ho hadde fått frå Mosvold Knudsen, ved ein glepp. Ho ynskja ikkje å lese opp eller vise e-posten, men meinte den viste at politikaren har ei rolle på den omstridde Facebook-sida.

Berre timar etter publiserte Fædrelandsvennen artikkelen kor dei viser til dei aktuelle e-postane.

– Me skreiv ein artikkel vinkla på at Løken Stavrum viste til den e-posten, og stilte nokre spørsmål om tilknytinga Mosvold Knutsen har til Sørlandsnyhetene, seier nyheitsredaktør Jonas Mjaaland til Medier24.

– Svært overraska

Øgrey Brandsdal skuldar avisa, som arrangerte debatten, for å ha regissert opptrinnet mellom Løken Stavrum og Mosvold Knudsen i sin jakt på sistnemnde. Han vil difor finne ut om avisa sat på opplysningar om e-postane før, eller etter, debatten.

– Brandsdal hevda då at alt var rigga og planlagd frå Fædrelandsvennen si side. Det svarte me han på. Det var det sjølvsagt ikkje. Det er ikkje slik me jobbar. Det gav han seg ikkje på, og han har vore i kontakt med fleire av Fædrelandsvennen sine redaktørar for å få tak i informasjon, seier Mjaaland vidare.

Nyheitsredaktør Jonas Mjaaland i Fædrelandsvennen.

Han legg til:

– Eg gav eit offisielt svar til han, og då det ikkje gav han informasjonen han ville ha, gjekk han vidare og sende mail til fleire av journalistane våre. Då det ikkje førte fram, vart det lova ut ein dusør på ein halv million kroner.

I Facebook-innlegget skriv Øgrey Brandsdal at e-post-lekkasjen kan komma frå fem namngitte personar. Han er ikkje oppteken av kven det kjem frå, men om Fædrelandsvennen visste om e-postane før eller etter debatten.

– Det er ei kjeldejakt me meiner er heilt uhøyrd. Me har aldri opplevd liknande tidlegare. Dette gjorde oss svært overraska, seier Mjaaland til Medier24.

- Regissert

Einar Øgrey Brandsdal seier til Medier24 at han har hatt eit anstrengt forhold til Fædrelandsvennen i «mange, mange år».

– Eg meiner det heile var regissert på førehand av debattleiar Vidar Udjus, Kjersti Løken Stavrum og Fevennen-redaktør Eivind Ljøstad, med mål om å latterleggjere Mosvold Knudsen, seier han til Medier24.

– Saka var så godt skrive at det ikkje er mogleg at Fvn kan ha laga den saka så raskt og med så mykje informasjon.

– Forstår du ikkje at aviser ikkje kan kommentere slikt kjeldearbeid overfor utanforståande?

– Jo. Eg er ikkje oppteken av det. Eg vil berre vite om dei fekk informasjonen før eller etter debatten, seier han.

Over 24.000 følgjarar

Den omstridde Facebook-sida har i halvanna år vore grobotn for sterke konfliktar og diskusjonar i Kristiansand. Sørlandsnyhetene publiserer «artiklar» og meiningsytringar, ofte med anonym avsendar.

Øgrey Brandsdal starta sida, og lokalpolitikar Nils Nilsen i Demokratene er blant bidragsytarane. Morgenbladet hadde førre veke ein lang reportasje frå det politiske jordskjelvet i sørlandsbyen.

Facebook-sida har over 24.000 følgjarar, og publiserer fleire innlegg dagleg. Ofte går dei hardt ut mot namngitte personar i profilerte stillingar i media, politikk og det offentlege. Dei vert jamleg kritisert for uthenging, personangrep, konspirasjonsteoriar og for å ikkje følgje etiske retningslinjer som er nedfelt i Ver Varsam-plakaten.

No søkjer dei ein ansvarleg redaktør, kom det fram i ein Facebook-post søndag.

Powered by Labrador CMS