Det har lenge vore venta at NRK skal legga ut tomta for hovudkvarteret sitt på Marienlyst ut for sal. Torsdag skjedde det.
OBOS flagga interesse for tomta allereie i 2015, og tidlegare har administrerande direktør Daniel K. Siraj overfor Dagens Næringsliv kome med eit verdianslag på rundt to milliardar kroner.
Verd meir enn to mrd. kroner
I dag meiner han den er langt meir verd.
– Den er verd mykje meir i dag. Det har skjedd mykje sidan i fjor, seier han.
– Kor mykje?
– Det kan eg ikkje seia noko om i avisa. No skal me by mot mange andre aktørar, seier han.
Finansavisen skreiv i september i fjor at Solon Eiendom og Aspelin Ramm ynskjer å køpe tomta saman. Administrerande direktør Gunnar Bøyum i Aspelin Ramm seier til Medier24 at dei har lagt bort planane.
NRK tause om pris
Prosjektdirektør Jon Espen Lohne i NRK ynskjer ikkje å spekulere i prisnivå på tomta.
– Me går ikkje ut med kor mykje me vil ha for den. No skal me gjennomføra ein transparent bodprosess som kan etterprøvast, seier Lohne til Medier24.
– OBOS-sjefen anslo i fjor ein verdi på to milliardar kroner. Vil de vera nøgd med det?
– Me kommenterer ikkje noko rundt verdien.
I prospektet står det at NRK ynskjer å landa eit sal allereide innan byrjinga av desember.
Etter det Medier24 kjenner til skal det vera eit ynskje om å få minst 2,5 milliardar kroner for tomta.
På spørsmål om kor mykje dei ser føre seg å få for tomta, svarar finansdirektør Andreas Norvik i NRK slik:
«Mest mulig. Ønsker ikke å være spesifikk på beløp på nåværende tidspunkt.»
– Men no vil aktørane sjå på føresetnadane som ligg der, og så skjer det ein strukturert prosess med meklarane, og så ein bodkonkurranse med formelle spelereglar, og deretter vil NRK kåra ein vinnar.
– Me ynskjer å bygga bustadar på tomta, slik som alle andre. Som det står i planprogrammet, er både bustad- eller næringsbygg interessant. Det er ei superspanande tomt sentralt i Oslo, legg han til.
Han seier dei har jobba med tomta sidan 2015, og har ein «ganske god oppfatning av tomta».
Meklar Håkon Styrvold i Newsec ynskjer ikkje å kommentera prisframlegg.
– Det er ein pågåande prosess, og dette er ikkje som å selja ein einebustad. Det er eit utviklingsprosjekt. Det er litt for komplisert å seie at «prisen er det eller det», seier han til Medier24.
Newsec har fått meklaroppdraget saman med selskapet Hadrian.
Kringkastingssjefen: – Dumt å spekulera
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier til Medier24 at NRK har venta til no med å leggja tomta ut for sal på grunn av planprogrammet dei har utarbeidd saman med Oslo kommune.
– Deen legg føringar for kva romma kan utnyttast til, kor mykje som kan byggast og miljømessige forhold, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til Medier24.
Han legg til:
– Det betyr at ein kjøpar no kan kjøpa med mindre risiko, og meir føreseielegheit, enn for to år sidan. Det i seg sjølv forklarar jo at tomteverdien aukar.
– Det ville vore veldig dumt av meg å spekulera i pris no, seier han vidare.
NRK ynskjer ein høgast mogleg sum for tomta mellom anna for å finansiera nytt NRK-bygg i Oslo-området.