Utvikling- og produktsjef Mette Karlsrud Stene i Egmont Publishing og Kamille-redaktør Madeleine Strand. Til høgre er skjermdump av Kamille-programmet «Sonias stil» på Snapchat.

No er kvinnemagasinet Kamille på Snapchat Show. På få dagar har 150.000 sett programmet

Nyttårsaftan kom Kamille på Snapchat Shows. – Me har kjempetru på gode kommersielle inntekter frå Snapchat, seier Mette Karlsrud Stene i Egmont.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Nyttårsaftan lanserte Kamille første episode av «Sonias stil» med tidlegare VGTV-profil Sonia Huanca Vold på Snapchat sin nye plattform Show.

Medier24 skreiv i november 2018 at Snapchat fekk med seg dei norske aktørane Geeohsnap, Matkanalen, Media247, NRK, Splay og VGTV då dei lanserte Snow-tenesta.

No er også Egmont-eigde Kamille med – som første kvinnemagasin i Norge.

– Det er veldig viktig å vera til stades der målgruppa vår er, og då er Snapchat ein viktig stad å vera. Det er ingen andre kvinnemagasin som har kome seg inn der enno, så det er veldig riktig og gøy å vera først ute der, seier Kamille-redaktør Madeleine Strand til Medier24.

Utvikling- og produktsjef Mette Karlsrud Stene i Egmont Publishing seier at frå nyttår til fredag har første episode over 150.000 unike sjåarar.

Første episode av Kamille-programmet «Sonias stil» med Sonia Huanca Vold på Snapchat Show.

– Det ser veldig bra ut, seier ho til Medier24.

– Det er kjempespanande å sjå at me har fått ein god og umiddelbar respons, legg ho til.

Førebels er avtalen at dei skal levera ein kvar veke episode av Sonias stil.

– Deretter skal me i gang me ein dialog med Snapchat om fleire av merkevara på huset. Me skal i møte med dei forhåpentlegvis ganske snart. Me ynskjer å nå fleire kvinner, som er målgruppa vår, seier Karlsrud Stene.

Ho trur på kommersielle fordeler ved å bli teken inn i varmen hos den globale giganten.

– Me har kjempetru på gode kommersielle inntekter frå Snapchat. Me vil sjå kva moglegheiter dette gir for annonsørane, seier ho.

– Snapchat er ganske kresne, så det er kjempestas at me er teken inn, og det skal me utnytta så godt som mogleg, legg ho til.

Powered by Labrador CMS