E24-sjefredaktør Gard L. Michalsen.
E24-sjefredaktør Gard L. Michalsen.

E24 vurderer å lansera papiravis. – Ingen god idé, meiner medieforskar

– Papiravisa blir sett på som eit produkt med litt meir tyngde, seier sjefredaktør Gard L. Michalsen.

Publisert

Måndag annonserte Schibsted sine planar for utvida satsing for økonominettstaden E24, som tidlegare har vore eigd av VG, men som no i tillegg skal eigast av og samarbeida med Aftenposten, Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende.

Attpåtil vurderer E24 å lansera ei splitter ny helgeavis på papir for E24, og går dermed i direkte konkurranse med Dagens Næringsliv og Finansavisen – også i papirformat.

– Kan vera god marknadsføring

– Noko av det me ser på er å gi ut ei helgeavis på papir fredag eller laurdag. Det kan anten distribuerast både til E24-abonnentar, og i laussal, eller som innstikk, seier sjefredaktør Gard Michalsen til Medier24.

E24-sjefredaktør Gard L. Michalsen.
E24-sjefredaktør Gard L. Michalsen.

Han held fram:

– Papiravisa blir sett på som eit produkt med litt meir tyngde. Det kan styrka merkevara, og kan vera god marknadsføring. I tillegg kan det bli eit godt og lønsamt produkt. Det er stadig store pengar i det.

Michalsen seier vidare at Aftenposten og regionavisene er minst like interessante aviser å samarbeida på papir med som VG, dersom dei skal trykkast innstikk, og ikkje sjølvstendig avis.

– Umiddelbart ingen god idé

Professor i medieøkonomi ved Handelhøyskolen BI, Erik Wilberg, har ikkje tru på eit reint papirprodukt.

– Det tenkjer eg umiddelbart ikkje er ein god idé, seier han til Medier24 og legg til:

– Eg trur ikkje dei får gjort økonomi på det som eit sjølvstendig produkt. Om det er ein repetisjon av det du har lese i veka, så trur eg ikkje det er noko poeng.

Likevel trur han det kan vera ein idé å gi lesaren meirverdi i form av eit VG-innstikk, til dømes.

Erik Wilberg, konsulent, medieforskar – og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.
Erik Wilberg, konsulent, medieforskar – og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI.

– Eg har slutta å vera kategorisk, fordi plutseleg fungerer ting. Dette handlar jo om å gi lesaren meirverdi, legg han til.

– Som innstikk kan det gå, då helgemarknaden er ganske stor, seier han vidare.

 

For lite næringsliv

Wilberg meiner det er eit teikn i tida at stadig fleire aviser forsøker å gå nye vegar i jakta på nye inntekter.

– No er det om å gjera å forsøka seg fram med nye ting og eksperimentera, seier han.

– Næringslivsstoff er det altfor lite av, og avisene er tomme av det. Det vert skrive lite av det i nettaviser, utanom økonomiaviser. Eg trur det kan ha noko for seg, men dei må finna seg ei nisje og dei må differensiera seg, held Wilberg fram.

Medier24 har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå sjefredaktør Trygve Hegnar i Finansavisen. Sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv skriv følgjande i ein kort sms til Medier24:

«Jeg frykter ikke andres vurderinger.»

 

Trur på lønsemd

Michalsen trur eit papirprodukt kan bli lønsamt for økonominettstaden.

– Me har sett på ulike distribusjonsmodellar, og i verste fall er det gratis merkevarebygging, i beste fall er det lønsamt.

– Men om de ikkje får selt aviser og annonsar?

– Me sit i eit bygg med ei svært lønsam avis, og trur dette kan bli betydeleg lønsamt, seier han.

Han har ikkje tru på at papiravisa er daud med det første, trass i at dei stadige dystre spådommane etter to tiår med massivt opplagsfall hos norske aviser.

– Dagens papiraviser har ein tendens til å bli klipp og lim av siste døgn på nett, men her er det snakk om å laga eit tydeleg og definert produkt. No tenkjer eg høgt, og eg vil understreka ingenting er avgjort, seier han.

  • For ordens skyld: Gard L. Michalsen var inntil 1. august 2018 daglig leder og ansvarlig redaktør i Medier24.

Powered by Labrador CMS