Kristin Ytre-Arne, Sølve Rydland og Sindre Helgheim
Kristin Ytre-Arne, Sølve Rydland og Sindre Helgheim blir faste NRK Vest-sjefar
Alle tre har fungert i stillingane i i lengre periode. No er dei tilsett permanent.
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK Vestland har tysdag tilsett Kristin Ytre-Arne som programsjef i NRK region vest, medan Sølve Rydland og Sindre Helgheim vert redaksjonssjefar, opplyser regionredaktør Rune Møklebust i NRK Medier24.
Alle har fungert i stillingane over lengre tid.
– Kristin er ein tydeleg, inspirerande og samlande leiar med store ambisjonar for innhaldet vi skal lage i åra framover. Ho har gjort ein overbevisande jobb det halvanna året ho har fungert i stillinga som programsjef, samtidig som ho har beheldt ein god del av ansvaret og oppgåvene ho hadde som redaksjonssjef. Eg er sikker på at Kristin vil stake ut ein god og spennande kurs for at vi skal finne dei historiene som enno ikkje er fortalt, og korleis dei skal stå ut og bli valt av publikum, seier Møklebust om sin nye programsjef.
Distriktsredaktør Dyveke Buanes er nøgd med sine nye redaksjonssjefar.
– Begge har fungert i jobbane sidan september 2018, og har i løpet av denne tida vist at dei verkeleg brenn for redaksjonen og oppdraget vårt. Sølve og Sindre har stått fram på ein eineståande måte i møte med forlis, uvêr, valkamp og i koronakrise – for å nemna noko. No skal me jobba vidare saman med å byggja laget NRK Vestland og gi publikummet i vårt fine, fantastiske fylke eit best mogleg tilbod.